Skal kåre kven som drep ungdomsengasjementet: – Vil stille dei vaksne til ansvar

Sunniva Roligheten og Maja Holmen er lei av dei som tek vinden ut av segla for dagens ungdom. No har dei skipa Apatiprisen, for å stille dei til ansvar.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 28.09.2021 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om engasjementet til ein ung person vert øydelagd, kan det godt vere ein ikkje finn attende til det. Ein må kjenne på kroppen at det nyttar å engasjere seg, fordi då tek ein det med seg vidare i livet, fortel Sunniva Roligheten.

Framtida.no møter ho på ein kafé i Oslo på morgonkvisten. 21-åringen frå Larvik har mange jarn i elden, både som kunststudent og som ung og engasjert.

Siste prosjekt er den nylanserte Apatiprisen, som Roligheten har skapt saman med venninna Maja Holmen (21).

Målet er å kome apatien – den kjensla av håpløyse som gjer deg nummen og likgyldig – til livs.

«Kven drep engasjementet ditt?»

Den nyetablerte Apatiprisen er ei kåring der unge opp til 30 år kan nominere personar, organisasjonar eller selskap som dei opplever skadar ungt engasjement. «Apatiprisen – kven drep engasjementet ditt?», som slagordet seier.

– Vi håpar folk skal klare setje ord på håpløyse-kjensla når dei kjenner ho. For dersom ein klarar peike på kor ho kjem frå, så er ho nok lettare å gjere noko med, fortel Roligheten og utdjupar:

– Vi vil stille til ansvar dei vaksne menneska som trur dei kan ta seg til rette og øydelegge ungdomsengasjement på ulike måtar, og forhåpentlegvis få dei til å ta seg litt saman.

Allereie no kan unge sende inn nominasjonar. I oktober vil ein nominasjonskomité gå gjennom forslaga, og plukke ut tre kandidatar som peikar seg ut. Frå 22. oktober kan unge stemme fram kven av dei tre som fortener å hente heim tidenes første Apatipris.

Roligeheten fortel at samanlikningar med Gullbarbie, prisen Press Redd Barna Ungdom deler ut til den som har fått ungdom til å føle seg verst, er naturleg og mest stas for Apatiprisen. Foto: Apatiprisen

 

Roligheten presiserer at det ikkje er ei versting-kåring, der vinnaren berre vert hengt ut som ein engasjement-drepar. Prismottakaren får nemleg høve til å møte ei gruppe ungdommar for ein samtale om korleis dei kan verte betre.

Inspirasjon på julaftan

Sunniva Roligheten og Maja Holmen har kjent kvarandre sidan vidaregåande, men bur no på ulike stadar i landet. Roligheten i Oslo og Holmen er jusstudent i Bergen.

Dei har begge vore engasjerte i ulike organisasjonar, og har kjent på at ting til tider kjennest håplaust – anten det er fordi saker ein jobbar med verkar å ta tusen år eller fordi multinasjonale selskap og politikarar ikkje lyttar.

Ideen om ein Apati-pris vaks gradvis fram frå desse erfaringane.

– Eg hugsar ikkje heilt kva som utløyste det, men for min del trur eg det var på julaftan i fjor, kor det kjendest kjipt å feire med den miljø- klima og natursituasjonen vi står i, minnest Roligheten.

Sunniva Roligheten (t.v.) og Maja Holmen kjenner kvarandre godt, noko som har gjort det lettare å drive prosjektet saman frå to ulike stadar. Foto: Privat

Holmen og Roligheten snakka om kjensla, som venner gjer, og idéen om ei kåring dukka opp. Dei to byrja å google korleis ein bygger ei nettside, kva ein one.com-brukar er og kva mogelegheiter ein har i publiseringssystemet WordPress. Plutseleg hadde dei ei fungerande nettside, der dei kunne skrive meldingar til kvarandre.

– Dette starta for alvor i vår, så eg føler vi framleis er litt famlande. Men det er gøy òg då, at det kan formast litt undervegs, fortel Roligheten.

– Mange unge møter mykje stygt når dei engasjerer seg

Roligheten meiner det er problematisk og grufullt at unge ofte må betale ein høg pris for å bruke stemma si og syne fram engasjementet sitt.

Ho peikar på éin av ti barn og unge har opplevd å verte mobba for klimaengasjementet sitt, og ho har sjølv vennar som har motteke massiv hets i kommentarfelt etter dei har skrive innlegg eller stilt opp i ei sak.

– Det er nok mange unge som møter mykje stygt når dei engasjerer seg, spesielt offentleg. Det er veldig mykje lettare å skrive på Facebook no enn for 50 år sidan, då ein skreiv i avisa. Terskelen er lågare for å kritisere unge for engajementet sitt.

Sjølv har Roligheten òg merka at innsatsviljen av og til kan få ein knekk.

Sunniva Roligheten engasjerte seg for første gong gjennom OD i ungdomsskulen: – Eg vart spurt om å vere med på eit opplæringsseminar. Eg skjønte ikkje heilt kva det gjekk ut på, men eg hadde inga unnskulding for å ikkje dra. Når eg kom dit var det megagøy! Foto: Bente Kjøllesdal

I 2018 var ho ein del av distriktskomiteen i Operasjon Dagsverk, då innsamlinga gjekk til inntekt for KFUK-KFUM Global sitt prosjekt for palestinsk ungdom. Kampanjen vart ikkje teken godt imot av Med Israel For Fred, som betalte for ein heilsides annonse der dei oppmoda til å boikotte OD-dagen. To av avisene som trykte annonsen, som skulda to barn for å ville utslette Israel, vart seinare felt i Pressens Faglege Utval for brot på god presseskikk.

– Operasjon Dagsverk handlar jo berre om unge som engasjerer seg for andre si utdanning, og den opplevinga tykte eg var megakjip. At det vart spreidd så mykje falsk informasjon, og at vaksne menneske var så usaklege, fortel Roligheten.

Med Apatiprisen håpar dei både å ansvarleggjere dei som tek vinden ut av segla til ungdomsengasjementet, men òg å syne fram og poengtere at det nyttar å engasjere seg. Som døme peikar Roligheten på mobiliseringa for å hindre at Mustafa Hasan skulle verte kasta ut av Noreg.

– Om engasjementet til unge vert styrka og dyrka fram, så kan det ha veldig mange positive konsekvensar fordi den personen kjem til å leve i 70 år til, og kan gjere mange megakule ting.

Engasjement er ferskvare

Om nokon kjenner apatikjensla kjem snikande, og synest alt verkar håplaust, så rår Roligheten folk til å ha ei liste over ting som har sett engasjementet i sving lett tilgjengeleg.

– Ein får knekken av og til når ein møter motstand, og då treng ein ei påminning om konkrete ting ein kan tenke tilbake på og gjenoppelve kjensla ein hadde.

Sjølv førte Roligheten liste på telefonen sin. Om ho høyrde eit føredrag som inspirerte ho, så noterte ho ned kvifor. Om ho snakka med nokon som brann iherdig for ei sak, skreiv ho det ned.

– Det var veldig nyttig å ha ein engasjement-bank, for engasjement er ferskvare. Det er lett at det forsvinner og tek andre vegar.

Terskelen er lågare for å kritisere unge for engajementet sitt

Sunniva Roligheten har forståing for at verda kan kjennest litt håplaus ut, etter halvanna år med koronapandemi og nok ein FN-rapport som varslar kode raud for menneskeslekta. Ho har sjølv vore oppgitt og tenkt «Hallo, kor er handlinga vi treng?!».

– Samstundes så er det eit veldig mykje dårlegare alternativ å berre setje seg på rumpa og late apatikjensla flaume over seg. Då har ein i alle fall ikkje noko håp, viss alle berre skal setje seg ned og tenke at no går det ikkje.

– Det nyttar faktisk å engasjere seg. Det kan berre kjennest vanskeleg nokre gongar!


Maren Benedicte Nystad Storslett (25) er yngste representant i Sametinget. Foto: Privat