Ungdomsorganisasjonane til den nye regjeringa: – Stopp skatteflukta

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Internasjonalt går opptil 600 milliardar dollar tapt til skatteparadis – kvart einaste år. No vil ei rekkje ungdomsparti og organisasjonar tette smotthola.

– Vi har eit utdatert skattesystem i verda, kor ein ikkje får skatteinntekter der verdiane vert skapte, seier Naja Amanda Lynge Møretrø, leiar i Changemaker, på telefon til Framtida.no.

Ho peikar på at dagens selskap er organiserte og drivne på andre vis enn då skattesystemet vart danna, noko som fører til at systemet ikkje klarar krevje inn skattepengar.

Saman med Kirkens Nødhjelp har ungdomsorganisasjonen teke initiativ til eit opprop for ein internasjonal skattekonvensjon i Aksjon skattekonvensjon.

Til no har over 30 sivilsamfunnsorganisasjonar stilt seg bak kravet.

Onsdag ettermiddag vert oppropet overlevert til representantar frå partia som truleg dannar regjering, Espen Barth Eide (Ap), Andreas Sjalg Unneland (SV) og Senterungdom-leiar Torleik Svelle.

Enorme summar

Naja Møretrø peikar på at pengane som forsvinn til skatteparadis kunne bidrege til å løyse utfordringar verdssamfunnet står overfor.

– Dei aller fleste land har forplikta seg til berekraftsmåla og til Parisavtalen, og det vert dyrt å gjennomføre. Då må vi hente pengane frå ein plass, og det er snakk om enorme summar i skatteflukt, seier Møretrø.

Organisasjonen Tax Justice Network Norge, som òg har skrive under oppropet, peikar på at 10 prosent av verdas bruttonasjonalprodukt er i skatteparadis.

Styresmakter tapar fleire hundretals milliardar dollar kvart år, fordi privatpersonar og selskap unngår skatt. Éin enkelt kontorbygning på Caymanøyane husar 18.000 registrerte selskap.

Ifølgje FN vil gjenvunnen skatt i Bangladesh late landet utvide det sosiale sikkerheitsnettet til å omfatte ytterlegare ni millionar eldre, i Chad betale for 38.000 klasserom og i Tyskland bygge 8.000 vindturbinar.

Changemaker-leiar Møretrø meiner Noreg og den nye regjeringa lyt ta initiativ til ein internasjonal skattekonvensjon i FN no, medan saka har momentum.

FN-panel: – Ranar dei fattige

I februar la FN-panelet FACTI (Financial Accountability, Transparency & Integrity) fram ein rapport, der dei ba om strengare lover, sanksjonar og sterkare institusjonar for å hindre korrupsjon og kvitvasking av pengar. Samstundes etterspurde panelet ein internasjonal minimumsskatt for selskap.

– Eit korrupt og mislukka økonomisk system ranar dei fattige og fråtek heile verda ressursane som trengst for å utrydde fattigdom, atterreisinga etter Covid og handtere klimakrisa, sa FACTI-leiar Dalia Grybauskaitė, som tidlegare var president i Litauen, i ei pressemelding.

Dalia Grybauskaitė var president i Litauen frå 2009 til 2019, og leiar FACTI-panelet saman med Ibrahim Assane Mayaki. Foto: FACTI

FN-panelet peika på at styresmakter kan finansiere tiltaka som trengst for å møte alle desse utfordringane om dei hentar att dei milliardane av kroner som går tapt til skatteunndraging, korrupsjon og kvitvasking.

I juli vart 130 OECD-land samde om ei global skattereform, for å sikre at multinasjonale selskap som Google, Amazon, Facebook og Apple betalar ein meir rettferdig skatt. Reforma skal sikre ei meir rettferdig fordeling av overskot og skatterettar blant land, samt skattlegge store globale selskap med ein minimumssats på 15 prosent.

Same månaden gav finansministerane til G20-landa grønt lys til OECD si føreslegne reform. Færre enn 10.000 selskap er venta å verte ramma av minstesatsen, men ifølgje OECD vil reforma føre til 1.300 milliardar kroner i auka skatteinntekter, kvart einaste år.

Meiner Noreg bør gå i front

Changemaker-leiaren meiner ei internasjonal skattereform er noko alle tener på, og peikar på at dei rikaste selskapa vil halde fram med å vere rike, trass i at dei lyt betale meir skatt.

– Changemaker jobbar med å finne dei grunnleggjande årsakene til urettferd i verda, og skatteflukt er ein av dei, seier Møretrø.

Møretrø håpar partia som skal danne regjering ser kor stort press det er frå sivilsamfunnet i Noreg, og tek ei leiarrolle for å få på plass ein FN-konvensjon for eit effektivt og rettferdig skattesystem.

– Vi håpar at dette, i tillegg til å innfri klimamålsetjingane, kan vere den nye regjeringa sitt store internasjonale prosjekt.


Masa Paunov og Kimiya Sajjadi. Foto: Big Enough Global

Desse organisasjonane står bak markeringa og oppropet:

  1. Changemaker Norge
  2. Kirkens Nødhjelp
  3. Redd Barna Norge
  4. AUF, Arbeidernes Ungdomsfylking
  5. Senterungdommen
  6. Sosialistisk Ungdom
  7. Grøn Ungdom
  8. Unge Venstre
  9. Kristeleg Folkepartis Ungdom
  10. Norsk Folkehjelp
  11. Framtiden i Våre Hender
  12. Norges Fredsråd
  13. Greenpeace Norge
  14. Tax Justice Network Norge
  15. ForUM for Utvikling og Miljø
  16. Mellomkirkelig råd
  17. Fagforbundet Ung
  18. Natur og Ungdom
  19. Plan International Norge
  20. Operasjon Dagsverk
  21. Norges kristelige studentforbund
  22. Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond
  23. KFUK-KFUM Global
  24. Spire
  25. Støttekomiteen for Vest-Sahara
  26. Besteforeldrenes klimaaksjon
  27. Digni
  28. FORUT, solidaritetsaksjon for utvikling
  29. PRESS, Redd Barna Ungdom
  30. Attac Norge
  31. Kvekersamfunnet
  32. Norges Sosiale Forum