Åse vert den yngste på Stortinget

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 15.09.2021 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bakke er andrekandidat for Ap i Møre og Romsdal og kom inn på Stortinget med ein margin på over 5.000 stemmer.

Bakke er frå Harøya i Ålesund kommune og jobbar som sjukepleiar. Ho gler seg over å få representere dei unge, heimfylket og partiet sitt på Stortinget.

– Det er kjekt å sjå at så mange unge kjem inn. Det viser at når unge engasjerer seg, kan vi forandre både lokalsamfunn og landet, seier ho.

– Viktig representasjon

Bakke er éin av 14 representantar som er under 30 år. Ho meiner det er viktig at heile befolkinga er spegla i maktens korridorar, anten det er snakk om geografi eller alder.

Ho trekker fram arbeidsmarknaden, klimakrisa og bustadpolitikken som viktige saker som dagens unge kjenner på kroppen.

– Det er vår framtid det handlar om. Politikken som vert laga og ført i dag, er det vår generasjon som skal forvalte, seier Bakke.

Ho seier at stortingsmandatet kjem med ei stor oppgåve som ho tek på alvor. Det vert mykje å setta seg inn i.

– Men det er det nok uansett alder og bakgrunn, seier ho.

Etter stortingsvalet i 2017 var 16 av representantane i 20-åra.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Åse Kristin Ask Bakke (@aasekristiin)

Byrja i ungdomsrådet

Bakke fekk sitt første møte med politikken i ungdommen. Ho engasjerte seg i ungdomsrådet og gjekk for første gong på talarstolen i heimkommunen for å kjempe for sommarjobbar, ungdomsklubb og MOT-ordninga. Kommunestyret lytta til ungdommane, og dei fekk gjennomslag.

– Då lærte eg at det funkar å engasjere seg. Ein kan forandre ting! Det håpar eg unge sit att med: at når ein engasjerer seg, kan ein forandre verda til det betre. Om det er i lokalsamfunnet, gjennom ungdomsrådet eller på Stortinget. Vi får det til bit for bit, seier Bakke.

Det funkar å engasjere seg. Ein kan forandre ting!

I 2015 vart ho, i ein alder av 19, tidenes yngste norske varaordførar for Sandøy kommune. Ho hadde aldri tenkt at ho skulle verta varaordførar, men plutseleg fekk Ap reint fleirtal, og ho stod på andreplass på lista. Ho fekk spørsmålet.

– Det var ganske uverkeleg, og det var skummelt å ta steget. Samstundes stod AUF og alle andre bak meg. Eg tenkte at eg berre måtte ta sjansen, seier ho.

Kjenner utfordringane

Bakke er glad for at ho har erfaringane frå lokalpolitikken med seg til Stortinget. I dag sit ho i kommunestyret og i komiteen for helse og omsorg i Ålesund.

Foto: Stortinget

– Eg veit kva lokalpolitikarane må prioritere mellom med den økonomien kommunane har. Staten må gi nok pengar til gode tenester. Det kan ikkje vere slik at ein må velje mellom sjuke og barnehageplassar, seier ho.

Som sjukepleiar har ho erfart korleis det er å ha eit yrke der ein stadig må springe fortare og det er vanskeleg å få full stilling. Også den erfaringa er viktig å ha med seg inn i politikken, meiner ho.

Spanande valvake

Meiningsmålingane i Møre og Romsdal var jamne i forkant, så Bakke torde ikkje å ta noko for gitt. Ho hadde verken pakka koffert eller planlagd livet på Stortinget.

Måndag kveld var ho på valvake i lag med partiet. Då dei første prognosane kom klokka 21, såg ein at det låg an til regjeringsskifte – og det såg ut til at Bakke fekk eit mandat.

– Det var nervepirrande. Det var vanskeleg å tru at det var sant, fortel ho.

I 22–23-tida var nok stemmer talde opp til at ho byrja å innsjå at plassen var hennar.

– Folk rundt meg såg det nok før eg gjorde. Sjølv om hjernen skjønte det, følgde ikkje resten av kroppen heilt med. Det var ei heilt fantastisk kjensle, seier ho.


Sofie Frøysaa med sin beste diktator-pose. Foto: Bente Kjøllesdal

Åse Kristin Ask Bakke

  • Alder: 25
  • Yrke: Sjukepleiar
  • Frå: Harøya, Ålesund kommune
  • Leiger leilegheit i Ålesund saman med ei venninne.
  • Elskar å vera på sjøen. – Eg er vaksen opp med seglbåt og kajakk, fortel ho.