I mars gjekk Elevtinget inn for å samle inn pengar til KFUK-KFUM Global sitt Palestinaprosjekt. Det har ført til kraftige reaksjonar.
Fakta
  • Operasjon Dagsverk er ein årleg solidaritetsaksjon arrangert av, med og for ungdom. Aksjonen er underlagt Elevorganisasjonen.
  • Årets prosjekt «Frihet til å leve» er eit samarbeid med KFUK-KFUM Global.
  • KFUK-KFUM Global er ein solidaritets- og bistandsorganisasjon som er eigd av Norges KFUK-KFUM og KFUK-KFUM speidarane i Noreg.
  • Noregs Norges KFUK-KFUM er ein av landets største kristne barne- og ungdomsorganisasjonar med over 17.000 medlemmer i 500 grupper over heile landet.
  • Med Israel for fred (MIFF) er ein norsk medlemsorganisasjon som arbeidar for å skapa større sympati for Israel og jødane. MIFF vart stifta i 1978.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det har vore ein del dramatiske meldingar der me har vorte kalla ting som antisemittar, jødehatarar og til og med nynazistar, noko som ikkje er særleg konstruktivt, seier leiar i Operasjon Dagsverk Frida Jøraholmen Andresen.

Les også: – Det er i ferd med å bli normalt å hate andre på nett

Årets OD-prosjekt

I mars gjekk Elevtinget inn for at dagens OD-prosjekt skulle gå til KFUK-KFUM Global sitt Palestinaprosjekt «Frihet til å leve».

Årets Operasjon Dagsverk vil mellom anna bidra til:

  • traumebehandling av ungdom som har sitte i militærfengsel
  • utdanning, kampanjar og politisk påverknadsarbeid som støttar unge palestinske kvinners kamp for eit meir rettvist og likestilt Palestina
  • at palestinsk ungdom vil få opplæring i rettar, demokrati og konfliktløysing

Det er tredje året KFUK-KFUM Global har søkt om å få Operasjon Dagsverk. I år fekk dei eit overveldande fleirtal framfor Redd Barna sitt prosjekt i Mexico, Honduras og Guatemala og Utviklingsfondet sitt prosjekt i Nepal.

Les også: Palestinske Ahed Tamimi (17) slapp ut av israelsk fengsel etter 8 månadar

Utdrag frå KFUK-KFUM sin presentasjon av årets OP-prosjekt.
Utdrag frå KFUK-KFUM Global sin presentasjon av årets OP-prosjekt.

Daglege meldingar

Torsdag 1. november skal elevar over heile landet bruka ein skuledag til å jobbe for å tene pengar til KFUK-KFUM Global sitt prosjekt.

Så langt i år er 329 skular og 78.000 elevar påmelde til Operasjon Dagsverk.

OD-leiar Frida Jøraholmen Andresen fortel at dei ikkje har fått tilbakemeldingar frå skular som ikkje vil delta på grunn av prosjektet, men at dei har fått betydeleg meir kritikk enn tidlegare.

Gjennom sommaren har Operasjon Dagsverk fått minst ei ny melding kvar morgon og kveld, på anten e-post eller i sosiale medium.

– Dei meiner me tek stilling i konflikten og er for politiske. Me meiner at å jobba for unge sine rettar og moglegheit til å påverke, alltid er riktig. Det er like riktig anten det er i Palestina eller Nigeria, seier Andresen.

– Me jobbar ikkje mot Israel, men for menneskerettar. Dette er ikkje pro Israel eller pro Palestina, men pro menneskerettar, understrekar ho.

20-åringen meiner motstandarane snur på prosjektet og brukar Operasjon Dagsverk for å fremma ein debatt dei vil fremma.

Test deg sjølv! Kva veit du om Israel?

MIFF: – Fiendtleg agenda mot staten Israel

– Ingenting kan vere betre enn at ungdommar brukar nokre minutt på å setje seg inn i konflikten mellom Israel og Palestina, vår kritikk er at opplegg er fullstendig einsidig, seier dagleg leiar i Med Israel for fred (MIFF), Conrad Myrland. Foto: MIFF
– Ingenting kan vere betre enn at ungdommar brukar nokre minutt på å setje seg inn i konflikten mellom Israel og Palestina, vår kritikk er at opplegg er fullstendig einsidig, seier dagleg leiar i Med Israel for fred (MIFF), Conrad Myrland. Foto: MIFF

– Det er jo forståeleg at folk får mistanke om at her er det ein agenda som er fiendtleg mot det jødiske folk, seier dagleg leiar i Med Israel for fred (MIFF), Conrad Myrland.

Han understrekar at kritikken ikkje rettar seg mot ungdommar som engasjerer seg på OD-dagen, men KFUK-KFUM Global, som står bak årets prosjekt.

Han meiner informasjonsmateriellet frå årets Operasjon Dagsverk er einsidig og inneheld fleire faktafeil.

Han kritiserer også KFUK-KFUM Global for å gå inn for brei økonomisk boikott av verdas einaste jødiske stat og rett til å returnere for eit stort tal muslimske flyktningar.

MIFF vil difor bruke tida fram mot årets OD-dag til å utarbeide informasjonsmateriell retta mot norske skulelever, mellom anna ein kampanjefilm som vart publisert på Youtube i dag.

Myrland fortel at dei allereie har fått tilbakemeldingar frå lærarar som deler hans uro for årets aksjon.

– Årets Operasjon Dagsverk har ein fiendtleg agenda mot staten Israel og mot israelarane. Me vil difor oppmoda flest mogleg til å stilla seg solidariske med dei få titals norske elevane som er jødiske og ikkje vil delta på årets aksjon, seier Myrland til Framtida.no.

Les også: Jødiske Ida Miriam (19): – Eg opplever at folk skuldar på meg

Dagleg leiar I MIFF, Conrad Myrland, reagerer på at Operasjon Dagsverk vel å løfta fram Janna JIHAD, som han omtalar som ein ytterleggåande aktivist.

Les også: Børge Brende går ut mot israelsk nybygging

Planlegg aksjonar

Dagleg leiar i KFUK-KFUM Global, Fredrik Glad-Gjernes, meiner det er viktig at vaksne oppmuntrar engasjert ungdom. Foto: KFUK-KFUM Global
Dagleg leiar i KFUK-KFUM Global, Fredrik Glad-Gjernes, meiner det er viktig at vaksne oppmuntrar engasjert ungdom. Foto: KFUK-KFUM Global

Leiar i KFUK-KFUM Global, Fredrik Glad-Gjernes, har òg registrert motstanden mot årets prosjekt.

– Det kjem frå ein veldig liten gjeng knytt til Med Israel for Fred (MIFF), bortsett frå det så har me berre fått positive reaksjonar, seier han på telefon til Framtida.no.

Glad-Gjernes meiner menneskerettar ikkje bør vere så kontroversielle.

Han er kjent med MIFF sin kritikk av at KFUK-KFUM Global står for ei boikott-linje. Glad-Gjernes understrekar at dei anerkjenner staten Israel og har lagt seg på om lag same linje som både norske myndigheiter, Den norske kyrkja og Kirkens Nødhjelp. Dette betyr at dei ikkje handlar med varer eller bedrifter som er assosisert med okkupasjonen.

– Når dei skriv lesarinnlegg så svarar me dei med fakta. Det er lett sidan dei spreier feilinformasjon om årets OD-prosjekt, men det tek jo litt tid, seier Glad-Gjernes.

Han er ikkje uroa for motstanden frå organisasjonen, med mindre dei spammar engasjerte ungdommar i sosiale medium eller troppar opp for å trakassere OD-elevar. På opne Facebook-grupper kan ein nemleg lese at MIFF planlegg å mobilisere mot OD heilt fram til OD-dagen

– Ungdom som engasjerer seg for å hjelpe andre fortener positive kommentarar og oppmuntring. Dei fortener ikkje negative kommentarar frå vaksne. Me håpar at dei vaksne ikkje kjem med stygge kommentarar og hatefull merksemd. Det kan vere første gang dei engasjerer seg. Slikt kan knekke eit engasjement, om du sel bollar på gata og så kjem det nokon og skjeller deg ut, seier Glad-Gjernes.

Les også: Slik møter du hatprat på nett

Kampanjevideo

OD-komiteen frykta at enkelte av ungdommane kunne oppleve kjipe ting og synast at det var skummelt å jobba for prosjektet.

For å snu fokuset tilbake til ungdommane som engasjerer seg har OD-laga ein kampanjevideo som har fått over 900 delingar på Facebook og er sett over 118.000 gongar.

– For oss er det greitt å svara på ting, men for ein 14-åring som sel bollar på Karl Johan, kan det vere skummelt. Me reknar ikkje med at det vert eit stort problem, men ville visa at det er mange som står opp for dei og vil passe på, forklarar OD-leiar Frida Jøraholmen Andresen.

 

 

 

Oppdatert: måndag 10. september 2018 13.34

Kommentarar

ANNONSE