Barn blir mobba av vaksne for klimakamp: – Det er veldig spesielt

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Framtida Junior, barneavisa til Framtida.

– I Noreg har vi ytringsfridom, og vi har lov til å meine det vi vil. Det er greitt at enkelte vaksne er ueinige, men då må dei halde seg til saka. Dei kan ikkje kome med stygge kommentarar som går på person.

Det seier Ulrik Hellum til Framtida Junior.

12-åringen har engasjert seg i klima- og miljøkampen i snart fire år. Han har høyrt om mange døme på vaksne som mobbar. Både ansikt til ansikt og i sosiale medium.

Sonja Silvana Lubiana er dagleg leiar i Miljøagentene. Foto: Privat

1 av 10 har opplevd mobbing frå vaksne

Ei spørjeundersøking frå Redd Barna viser at 1 av 10 barn og unge har opplevd å bli mobba av vaksne for å kjempe for eit betre klima og miljø.

– Vi jobbar for retten barna har til å seia ifrå, og at dei skal kunna gjera det og bli møtt med forståing, seier Sonja Silvana Lubiana som er dagleg leiar i Miljøagentane.

Ho synest det er trist at mange barn opplever mobbing.

– Klima- og miljøspørsmåla dreier seg om framtida deira og engasjementet dei viser er nødvendig! Derfor synest vi det er trist og alvorleg når barn blir mobba for dette engasjementet, seier ho.

Vanskeleg å forstå

Sonja synest det er vanskeleg å forstå at vaksne tillèt seg å mobba barn.

– Som sjefagent i Miljøagentene er det lett å la seg rive med og kalla den typen åtferd både det eine og det andre, seier ho.

Men Sonja vil ikkje at det skal vere konflikt mellom barn og vaksne.

– Skal vi endra mobbarane må vi prøva å forstå dei, heller enn å dømma dei. Men det får i så fall vi vaksne ta oss av – så kan alle miljøagentar få halda fram med å seia ifrå om vår tids viktigaste sak, seier ho.

Ullrik Hellum er blant dei som ikkje er redd for å seie ifrå, her talar han for Ungdommens klimaråd:

Burde vite betre

Ulrik Hellum har ikkje sjølv opplevd mobbing, men har har høyrt vaksne komme med nedlatende kommentarar forkledd som ironi.

– Det er veldig spesielt å oppleve vaksne folk på dette viset. Vaksne burde jo eigentleg vite best av alle at mobbing er gale. Eg tenkjer at dei kan halde munn om dei ikkje har noko støttande å seie.

Sjølv opplever han støtte frå dei han kjenner.

– Foreldra mine støttar meg. Venene mine er ikkje alltid interessert, men dei støttar dei også. Eg opplever at folk på gata støttar oss også. Men det er jo nokon som ikkje er einige, seier han.

Gir seg aldri

Ulrik vil halde fram å kjempe for klima og miljø. Dei sakene som ligg hjarta nærmast er global oppvarming, plast og søppel i havet og regnskogen.

– Det handlar om vår generasjon si framtid. Eg skal leve vidare saman med mange andre menneske på denne jordkloten, og vi burde overta ein jordklote som er minst like bra som den førre generasjon tok over. Vi har rett til ei lys framtid. Det fortener vi, seier han.


Dina Lau-Henriksen (13) frå Miljøagentene stilte spørsmål til politikarane om den nye klimaplanen til regjeringa. Foto: Wanda Nordstrøm/Miljøagentene