Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har brukt både gårsdagen og dagen i dag på å lande litt.

Maren Benedicte Nystad Storslett gler seg over at partiet hennar Norske Samers Riksforbund (NSR) blei størst i sametingsvalet og over sjølv å ha fått plass på Sametinget.

Og ikkje berre det, ho er truleg valt inn som den yngste representanten. 25-åringen er omtrent halvparten så gamal som gjennomsnittsrepresentanten på Sametinget.  

– Det er eit viktig ansvar, og eg synest det er veldig bra at vi har fått inn unge representantar på Sametinget for å også representere dei unge stemmene, fortel ho på telefon til Framtida.no, og held fram:

– Kanskje er det med på å få fleire samiske ungdommar til å engasjere seg i politikk og på å nå ut med kva Sametinget gjer og jobbar med, slik ungdom også føler at det er eit organ for dei.

Viktig oppgåve

Enda er berre litt over 90 prosent av stemmene i sametingsvalet talde opp, men i Kautokeino, eller Ávjovárri, den valkrinsen ho representerer, har dei talt alle stemmene. Storslett går difor inn i si første periode som fast representant i Sametinget. 

25-åringen har vore leiar i NSR Nuorat, som er ungdomsutvalet til NSR, sidan 2018, og fortel at det har vore ein fin arena for å lære og for å utvikle seg som politikar. 

I tillegg har den ferske sametingsrepresentanten allereie fått litt erfaring frå Sametinget. Ho var siste vara i førre periode, og har møtt to gongar som representant og ein gong som trainee for NSR. 

– Det er jo ei viktig oppgåve som står framfor meg, og eg er veldig takksam for den tilliten eg har fått både i NSR, men også blant veljarane våre, seier ho, og skryt av måten partiet gir rom til unge stemmer.

Maren Benedicte Nystad Storslett fortel at valdagen var utruleg spanande. – I Kautokeino så har vi ein litt sånn artig tradisjon på valdagen. Då har vi valmarknad spesielt for dei partia som stiller til Sametinget, der folk set opp gammer, campingvogner og lagar mat og kaffi og snakkar med veljarane – det er nesten som ein minifestival. Så eg brukte dagen der fram til stemmelokala stengde, og så var det å følgje med på resultatet. Her er Maren Benedicte saman med NSR sin presidentkandidat Silje Karine Muotka. Foto: Privat

Språk og psykisk helse

Politikaren frå Kautokeino fortel at ho alltid har vore den i klasserommet som likar å diskutere ting og at ho alltid har vore veldig nysgjerrig og interessert i nye perspektiv.

– Det var særleg språk som fekk meg til å engasjere meg. Eg har hatt undervising gjennom heile skulegangen på samisk, men eg såg at det var mange på min alder som ikkje hadde fått same moglegheita. Og så sakna eg å sjå samisk meir i kvardagen på ulike areaner.

Samisk språk er ei av kjernesakene Maren Benedicte Nystad Storslett vil jobbe for i Sametinget. Ho legg til at som representant for dei unge, blir undervising og utdanning svært viktig.

– Og så synest eg saker som helsetilbod, psykisk helse og likestilling er særleg viktige å setje fokus på no. Det er saker eg som ung representant ønskjer å løfte fram.

Elles trekker Maren fram busettingar i samiske område. Ho er sjølv frå Kautokeino, ei samisk bygd i kjerneområdet, og ho er oppteken av at dei som ønskjer det har moglegheit til å bu i dei samiske bygdene.

– At dei har god undervising, barnehageplassar, moglegheiter for jobb, men også moglegheiter for buplassar, er viktig, seier ho.

– Ein måtte nesten gjere det sjølv

Maren Benedicte Nystad Storslett var på sitt første landsmøte i NSR som 18-åring, og det var då ho verkeleg såg kor viktig det er å engasjere seg.

Storslett innsåg at viss samisk ungdom ikkje engasjerte seg for samiske spørsmål, blei det heller ikkje gjort andre plassar.

Sametingspresident Aili Keskitalo er òg medlem av Norske Samers Riksforbund. Foto: Johanne Sundby – eige verk, CC BY-SA 4.0, Wikimedia Commons

– Ein måtte nesten gjere det sjølv. Det var kanskje ei type ansvarskjensle som fekk meg engasjert.

Ho legg til at inneverande sametingspresident Aili Keskitalo har vore eit førebilete.

– Ho har vore ei tydeleg kvinneleg stemme, ho er frå same kommune som meg, og det gjorde at eg såg at det faktisk var mogleg for sånne som meg å nå ut. Så eg brukar å seie at eg har mykje å takke ho for.

Gjennomsnittsalder på 47,9 år

Slik valresultatet ser ut no, er gjennomsnittsalderen på representantane som er valt inn til Sametinget 47,9 år. Fire av dei 39 representantane er under 30 år, og alle dei er frå NSR.

NSR ligg an til å få 18 representantar, Nordkalottfolket 9, Arbeidarpartiet 7, Senterpartiet 3, Samefolkets parti 1 og Flyttsamelisten 1 på Sametinget.

– Eg trur vi treng både dei vaksne og ungdom. I samepolitkken er det mange langvarige prosessar, og då er det veldig fint å ha dei som har erfaring og mykje kunnskap om dei prosessane og dei ulike politiske områda, seier Storslett og held fram:

– Men så er det også veldig viktig å klare å rekruttere ungdom inn, slik at vi også har moglegheit til å setje dei sakene vi synest er viktige på dagsordenen.

Ho legg til at i eit langsiktig perspektiv er det svært viktig å engasjere ungdom, slik at ein har tydelege stemmer også i framtida.

Maren Benedicte Nystad Storslett jobbar ved sidan av politikken i Internasjonalt Samisk Filminstitutt. – Eg jobbar med noko som heiter Sapmifilm, som er strøymetenesta som vi skal relansere, og så jobbar eg som internasjonal koordinator. Ei av hovudoppgåvene mine er å marknadsføre samisk film både her heime i Sapmi, men også for ein internasjonalt marknad.

Politikaren har tenkt mykje på at låg interesse blant ungdom kan ha å gjere med at det er mange som kanskje ikkje heilt kjenner til eller får høyre noko om kva Sametinget gjer.

– Så eg tenker at der har Sametinget eit ansvar for å bli flinkare til å formidle på ein sånn måte at ein når ut til dei unge. Og så tenker eg at media og skuleverket har eit ansvar, at ein må få fleire inntrykk og lære meir om Sametinget og samepolitikk.

– Eg håpar i alle fall å kunne bidra til at Sametinget blir flinkare til å kommunisere med den yngre befolkninga, legg ho til.


Aina Madelén Nordsletta Aslaksen (21) har alltid vore engasjert. Ho trur ein stor del av årsaka er at mora hennar også alltid har vore engasjert. No vil Aina inn på Sametinget, der mora, Marie Therese, har oppheldt seg i mange år. Foto: Privat.