Kari Elisabeth Kaski og Herbjørn Hansson låtdebuterer med Cayman Islands

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Påtroppande sjef i Oljefondet, Nicolai Tangen, har skapt mykje storm før han tek over jobben frå Yngve Slyngstad i september.

I tillegg til det mykje omtalte «drømmeseminaret» har Tangen sine investeringar i fond i skatteparadis vorte kritisert.

Skatteparadis-duellen

Torsdag møttest finanspolitisk talsperson i SV, Kari Elisabeth Kaski og skipsreiar Herbjørn Hansson til debatt om temaet i Dagsnytt 18.

Det vart ein debatt av dei sjeldne, som inspirerte mannen bak Youtube-kanalen «Songar frå nyheitene» til å laga denne remixen:

Debatten har også fått mykje merksemd på Twitter. Raudt-leiar Bjørnar Moxnes kallar skipsreiar Herbjørn Hanssen definisjonen på ei bjørneteneste og er ikkje åleine om å meine at vapendragaren gjer vondt verre for Tangen.

«Hersketeknikk Hansson»

Ein Twitter-brukar påpeikar at Hansson avviser Kaski sine argument om Cayman Islands fordi ho ikkje har vore der, samstundes som han sjølv forsvarar Tangen trass i at han aldri har møtt han.

Skipreiaren utbraut gjentekne gongar «Det du sier er ikke sant!»

Ein Twitter-brukar kallar skipsreiaren «Hersketeknikk Hansson». Hansson kritiserte Kaski for manglande kunnskap og nytta frasar som «selv et barn ser det» til motdebattanten.

Nestleiar i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik, er blant dei som rosar innsatsen til Kaski, men synest remixen er hakket betre.

Ooops (app, app, app, app) med Erna Solberg

Sidan låta vart lagt ut i går har ho fått over 13.000 avspelingar og har difor ein veg å gå til braksuksessen Ooops (app, app, app, app) med Erna Solberg, som har over 800.000 spelingar.

– Ho gjer jo det motsette av det ho har sagt. Ho har stått i ein time og sagt at ein ikkje skal ta på kvarandre, så er dette det første ho gjer. Eg heldt på å dette av stolen og visste med ein gang at det der er ein låt, så henta eg meg ein kopp kaffi og byrja på låten, sa den anonyme musikkprodusenten om låta til Framtida i mars.

Han fortalde også om planane om å lansera ei heilt ny låt i samarbeid med Øyvind Klementsen frå suksessen Trymmen sin skål.

«Songar frå nyheitene» er kjent for dei artige remixane av dagsaktuelle utspel frå politikarar og personar i nyheitsbiletet.

Favoritten er Sylvi Listhaug, på grunn av dei spisse formuleringane og dialekta.

– Alle dialektar som har nynorsk som målform er lettare å få til å synge. Med  austlendingar har eg slite meir med det. Reint teknisk er du avhengig av ei tone i det som vert sagt, austlendingar har meir konsonantar og munnlyd, sa han den gongen.

Helseminister Bent Høie (H) måtte avverge handheldinga mellom statsminister Erna Solberg (H) og Camilla Stoltenberg.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix