AUF-leiaren: – Min generasjon kan verta den fyrste som leiger i staden for å eiga

Kristina Kassab Liland
Publisert
Oppdatert 02.11.2021 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg bur i kollektiv i Oslo i lag med nokre vennar. Eg er nøgd med korleis eg bur, men ikkje alle er like heldige, fortel leiar i AUF, Astrid Hoem, over telefon til Framtida.no.

For nokre veker sidan tok ho del i ungdomspartileiardebatten under Arendalsveka. Ei av dei mange sakene som skapa høg temperatur på scenen var bustadpolitikken her i landet.

Leiarane er samde om at noko må gjerast for at fleire unge skal få sleppa lettare til på bustadsmarknaden – spesielt i dei store byane – men har ulike oppfatningar av kva framgangsmåte som er best.

– Ikkje godt nok

– Det er rett og slett ikkje godt nok at sjukepleiarar og vanlege folk vert pressa ut av byen, seier Hoem. Ho viser til sjukepleiarindeksen, som ofte vert henta fram når ein snakkar om unge sin tilgang til bustadsmarknaden.

Indeksen måler kor stor del av dei omsette bustadane ein singel spesialsjukepleiar får finansiering til å kjøpa. Ifølgje Eiendomsverdi er sjukepleiaryrket godt eigna som målestokk fordi snittinntekta i yrket – som ligg på 600 056 kroner – representerer ei typisk god norsk inntekt.

I dag må ein som kjøpar stilla med ein eigenkapital på 15 prosent av kjøpesummen. Indeksen tek også omsyn til at studiegjelda påverkar lånesummen. Jo større studiegjeld, jo mindre får ein i bustadslån.

Indeksen for dette halvåret viser at den gjengse sjukepleiaren eller arbeidstakaren med liknande årsinntekt berre har råd til 1,3 prosent av bustadane i Oslo.

I Bergen har sjukepleiaren råd til kring ein fjerdedel av bustadane, medan i Trondheim ligg talet på 22,8 prosent av bustadane og i Stavanger på 29,4 prosent.

Generasjon leigarar

Hoem tykkjer det er bekymringsverdig at «vanlege» folk ikkje kjem seg inn på bustadsmarknaden. I staden for å eiga vel mange unge å leiga. Ifølgje SSB leiger nesten 40 prosent av alle tjueåringar bustad.

– Marknaden styrer bustadspolitikken her i landet, og det fungerer ikkje. Min generasjon kan bli den fyrste til å leiga i staden for å eiga. 

Under debatten oppfordra ho, med støtte frå Raud Ungdom-leiar Alberte Brekkhus, SU-leiar Synnøve Kronen Snyen og talsperson for Grønn Ungdom Teodor Bruu, til å skattelegga folk som eig fleire bustadar i endå større grad enn det som vert gjort i dag.

AUF-leiaren vil ikkje at bustad skal vera eit spekuleringsobjekt som nokre få folk tenar mykje penger på:

– Me er nøydd til å skattelegga folk som eig sekundærbustadar sånn at fleire bustadar kjem ut på marknaden. Og så er me nøydd til å bygga fleire bustadar, understrekar Hoem.

Vil gjere det enklare å kjøpe første bustad

I partiprogrammet til KrFU kan ein lesa at dei på same måte ynsker å gjera  skattesystemet mindre gunstig for dei som eig bustad frå før av. Unge Venstre er også for å endra skatter og avgifter for å gjere det enklare å kome inn på marknaden, og under debatten la leiar Sondre Hansmark vekt på at det er viktig å skrota eigenkapitalskravet.

– Det store paradokset er at dei fleste fordelane får du når du har kjøpt bustad og ikkje før, sa Hansmark under partileiardebatten.

Moderpartiet Venstre har òg vedteke å fjerne eigenkapitalskravet for førstegongskjøparar, noko òg FpU har teke til orde for.

FpU og Unge Høgre er samde om at hovudårsaka til dei høge bustadsprisane kjem av at det ikkje vert bygd nok bustadar. Løysinga ligg difor i å bygga fleire, gjerne mindre bustadar, som unge kan ha råd til.

Senterungdommen ynsker å styrka ordninga med leige-til-eige i distrikta og dimed ein tredje bustadssektor, noko som også SU og Unge Høgre lyftar fram under debatten.

Gjekk du glipp av ungdomspartileiar-debatten? Då kan du sjå han her: 

https://vimeo.com/588393802

Ungdomspartia er delte i kor vidt BSU-ordninga skal verte skrota eller ei. Senterungdommen, Grøn Ungdom, Fpu og Unge Høgre vil behalda den, medan AUF, RU, Unge Venstre, KrFU og SU meiner den må vekk.

– Grunnen til det er at ordninga auker forskjellane mellom dei som har moglegheit til å spara og dei som ikkje har moglegheit til å spara, påpeika SU-leiar Synnøve Kronen Snyen under debatten.

På telefon understrekar Hoem at det likevel ikkje er det fyrste tiltaket ein bør gjennomføra.

– Viss ein skal få ungdommen inn på marknaden må ein ikkje byrja med ungdommen, men med dei som har mest frå før av, seier Hoem.

Må bygga meir

– Eg leiger med lillebror min i Oslo. Eg tenker noko anna hadde vore urimeleg å forventa i ein alder av 24, fortel Unge Høgre-leiar Ola Svenneby på telefon til Framtida.no.

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby meiner er viktig å bygge nye bustadar, for å hjelpe unge inn i bustadmarknaden. Foto: Unge Høyres Landsforbund

Han er einig i at studiegjeld ikkje skal reknast med i total gjeld og at det skal verta bygd fleire bustadar, men under ungdomspartileiar-debatten rista Svenneby på hovudet då dei raude partia ynska meir skattlegging.

– Dette er ganske enkelt. Rike mennesker går der dei tenar pengar. Dei tenar pengar på at noko veks i verdi. Viss ein vil at denne tingen, bustad, skal minka i verdi, kan ein laga meir av tingen. Viss me bygger nok bustadar vil ein ikkje ha bustadprisvekst, meiner Svenneby.

Difor meiner han at det skal verta bygd bustadar i store mengder som folk har råd til det vil seie relativt små bustadar.

Leige-til-eige

I staden for ein meir regulert bustadsmarknad, har Svenneby trua på ein tredje bustadssektor.

– Me treng også ordningar som leige-til-eige og å gjera det enklare for unge å spara, til dømes gjennom jobbskattefrådrag, insisterer Svenneby.

Leige-til-eige-ordninga handlar om at ein del av det ein betalar i leige kvar månad går til å betale seg inn på eigarsida i leiligheita. Då vil ein i løpet av tre til seks år ha betalt inn så mykje at ein er i stand til å kjøpa leiligheita.

– Vår metode funker, punktum. Ein kan skattelegga så mykje ein vil, men det kjem ikkje til å hjelpa så lenge det er meir etterspurnad enn tilbod, avsluttar Svenneby.


Ingeborg Aadland (24) er grafisk designar, og skal no jobbe frå og bu i ein van. Foto: Privat