Oxfam: Dei økonomiske forskjellane i verda er heilt ute av kontroll

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem fram i Oxfams årlege rapport som blir lagt fram under Det økonomiske forumet i Davos i Sveits. Dei åtvarar om dei veksande økonomiske forskjellane i verda, som dei karakteriserer som heilt ute av kontroll.

Det går spesielt utover kvinner, påpeikar Oxfam.

Mens formuane til dollarmilliardærane auka med 12 prosent i fjor, vart den fattigaste halvparten av befolkninga i verda 11 prosent fattigare. Undersøkinga frå i fjor viste elles at dei 42 rikaste mennene i verda eig meir til saman enn den fattige halvparten som utgjer 3,8 milliardar menneske.

Les også: Difor betalar «ingen» i India skatt

Uakseptabelt

– Dette er ikkje uunngåeleg, dette er uakseptabelt, seier Winnie Byanyima, direktør i Oxfam International.

– Mens selskap og dei superrike nyt låge skattesatsar, blir millionar av jenter nekta utdanning og kvinner døyr på grunn av mangel på barselomsorg, fortset ho.

I ein kommentar til rapporten seier Kirkens Nødhjelp til NTB at Oxfam viser at dei rikaste i verda betaler mykje mindre skatt enn dei har gjort på fleire tiår. Kirkens Nødhjelp meiner skatteparadis gjer det mogleg å gøyme enorme pengesummar som eigentleg skulle gått til fellesskapet, og at Noreg bør vere ein pådrivar for å styrkje og oppdatere internasjonale skattereglar.

– Utdaterte og svake skattesystem er ein av dei viktigaste grunnene til at fattige blir verande fattige. Dei rikaste kan unngå skatt og gøyme unna enorme pengesummar som skulle gitt livsviktige tenester til dei som har størst behov, seier Lisa Sivertsen, konstituert generalsekretær i Kirkens Nødhjelp.

Les også: Seks fasar for å redde verda

Små justeringar

Oxfam seier at om skatteinnkrevjing blir gjort meir rettferdig, vil det løyse mange av problema i verda. Om den eine prosenten rikaste i verda betalte berre 0,5 prosent meir skatt, ville det få inn nok middel til å gi skulegang til 262 millionar barn og gi livreddande helsetenester til 3,3 millionar menneske.

– Det er ikkje noko i vegen med at nokre menneske er rike. Men viss dei er rike på kostnad av rettane til arbeidarar, eller fordi dei ikkje betalar skatt, så bidreg dei til å gjere liva vanskelegare for dei fattigaste. Det skaper problem for heile samfunnet, seier Lisa Sivertsen.

Les også: Etterlyser større innsats for ungdom som veks opp i fattige familiar