NRK blir kritisert for å ha utelate bistand frå valomatar
NRK får kritikk for å ha utelate spørsmålet om folks syn på bistand frå dei to valomatane som er laga før stortingsvalet i haust.

– Eg trur valomaten ville vorte ein betre guide for veljarane dersom bistand hadde vore inkludert. Og eg synest det er oppsiktsvekkjande at NRK ikkje inkluderer ein så viktig tematikk, seier generalsekretær Ingrid Rosendorf Joys i Caritas Norge til Panorama.
NRKs valomat spør mellom anna kva ein meiner om våpenhjelp til Ukraina, behandlinga av asylsøkjarar og om syriske flyktningar i Noreg bør vende heim. Norsk bistand er derimot ikkje noko tema.
Caritas-generalsekretæren viser til at den globale hjelpa gjekk ned med sju prosent i fjor, og at USA og vestlege land i år har varsla ytterlegare kutt. Det gjer bistand til eit spesielt relevant tema for den politiske debatten i Noreg, meiner Rosendorf Joys.
– Vi har teke omsyn til at utanrikspolitikk er viktig for folk, men vi har valt andre delar av utanrikspolitikken, som vi meiner er meir til stades i den offentlege samtalen no, til dømes Ukraina og Trump, Gaza og toll, seier redaksjonssjef for økonomi og politikk i NRK, Kyrre Nakkim.