Då skulen stengde, vart jentene gifta vekk

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kari Helene Partapuoli er svært uroa for at jenters rettar vil få eit nytt kraftig tilbakeslag grunna koronapandemien. Foto: Astrid Hexeberg/Plan International Norge

– Mange elevar kjem ikkje til å returnere til skulen, både fordi familiar ikkje har råd og fordi mange jenter alt har vorte gifta bort. 

Det fortel Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Norge, i ei pressemelding.

Etter halvanna år med stengde dører, opnar skulane i Bangladesh no gradvis opp.

Men nokre barn har mista mogelegheita til å gå på skulen, anten fordi fordi foreldrene ikkje lenger har råd, fordi dei sjølve har fått seg arbeid, eller fordi dei er gifta vekk.

14.000 barneekteskap på under eit år

FN har tidlegare åtvara om at koronapandemien kan føre til ein auke i barneekteskap. FNs befolkningsfond estimerer at Covid-19 kan føre til ytterlegare 13 millionar barneekteskap mellom 2020 og 2030. Barneekteskap som kunne vore forhindra.

Bangladesh er eitt av landa der førekomsten av barneekteskap er størst, trass i at det er forbode. Meir enn halvparten av jenter som i dag er mellom 20 og 24 år var gift før dei fylte 18 år. Av desse var 13 millionar jenter gift før dei var 15 år.

Under koronapandemien har talet på barneekteskap igjen auka. Ifølgje organisasjonen BRAC auka talet på barneekteskap med 68 prosent dei første ti månadane av fjoråret, samanlikna med 2019.

Samstundes syner ein studie frå Plan International at nesten 14.000 jenter vart gifta vekk mellom april og oktober i fjor. Studien er utført i 21 av 64 distrikt i Bagladesh, og peikar på stengde skular og foreldre som mista jobb og inntekt som årsakar.

Mustakima Khanam er uroa for barna som har begynt å arbeide eller er gifta vekk, og såleis ikkje lenger har skulegang som eit alternativ. Foto: Plan International Norge

– Vi har sett at talet barneekteskap har gått opp, at barn ikkje får med seg undervisninga og er svært bekymra for kva dei endelege konsekvensane av nedstenginga av skular vil føre til.

Det seier Mustakima Khanam, prosjektrådgjevar på kjønn og tidleg innsats for barn hjå Plan International Bangladesh, i pressemeldinga.

Ho understrekar at Plan jobbar tett med styresmakter og skular, og oppfordrar familiar til å sende barna på skulen.

Ein generasjon utanfor skulen

Organisasjonen peikar på at utdanning er eit av dei viktigaste verktøya for å hindre fattigdom, avverje tenåringsgraviditetar og å hindre barneekteskap.

Plan International Norge fryktar no at ein heil generasjon risikerer å falle utanfor, grunna koronapandemien.

Medan skulane har vore stengde, har elevane hatt digital undervisning og dei med god nok råd òg privatlærarar. Men fleire manglar sikker tilgang på internett eller straum, og så mykje som halvparten av barna kan ha mista den digitale undervisninga det siste året.

Mustakima Khanam skildrar eit enormt læringsgap:

– Barna frå familiar som ikkje har råd til å betale for ein privatlærar har tapt nesten to år med undervisning og ligg langt etter. Eg er redd mange av desse barna vil slutte på skulen fordi dei ikkje klarar å henge med. Har dei i tillegg foreldre som sjølv ikkje kan lese og skrive, så er dei i trøbbel, sier Khanam i pressemeldinga.


Advokat og menneskerettsforkjempar Rebeca Gyumi (30) saksøkte Tanzania for å få slutt på barneekteskap. Foto: Msichana Initiative