Medlemmar strøymer til Mållaget etter Marit (20) sitt bilete

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 25.08.2021 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg såg plakaten på avstand først, så eg var litt sjokkert over at FpU hadde med eit bilete av Ivar Aasen på skuledebatt, fortel Marit Voldsund Fjeldvær (20) på telefon til Framtida.no.

Då Fjeldvær, som måndag var på Charlottenlund videregående skole for å representere Sosialistisk Ungdom, kom litt nærare og såg påskrifta «F**k nynorsk» var ho mindre imponert.

– Eg synest det først og fremst er veldig respektlaust og ganske kvalmt å ha ein så billig kampanje for å hente inn stemmer. Denne kampanjen beviser at FpU ikkje har valfritt sidemål som kampsak fordi dei vil ha valfridom i skulen, men fordi dei hatar nynorsk.

Fjeldvær tok bilete av plakaten og sende til kollegaane sine i sentralstyret i Norsk Målungdom, men ante ikkje at biletet skulle skape ringverknadar på så kort tid.

Medlemsauke

Sidan Noregs Mållag og leiar Peder Lofnes Hauge først delte biletet på sosiale medium, har organisasjonen fått ein straum av nye medlemmar.

På eit døgn har 242 personar meldt seg inn i Noregs Mållag. Ved utgangen av fjoråret hadde organisasjonen 14 104 medlemmar.

– T**K FPU! skriv mållagsleiar Peder Lofnes Hauge på Twitter.

Til Framtida.no måndag, kalla Lofnes Hauge FpU-plakaten for «skamlaus, anti-nynorsk populisme», og kritiserte ungdomspartiet for å drage ned nivået på den politiske samtalen.

FpU-leiar Andreas Brännström svara at spissformuleringar må vere lov, og at poenget til partiet er å fjerne obligatorisk sidemål og gje elevar meir valfridom.

– Eg tenker at i staden for å hisse seg opp over ordbruken, så bør dei forklare norske elevar kvifor dei blir tvinga til å lære eit skriftspråk dei sannsynlegvis aldri vil få bruk for, sa Brännström.

Biletet spreidde seg fort i sosiale medium, og på Twitter florerte det av humoristiske forslag til kva bokstavar asteriskane skjuler:

Gratis bøker i vervepremie

Mållaget har òg fått drahjelp av forfattar Anders Totland. Då han fekk nyss i FpU-slagordet starta han si eiga vervekampanje på Facebook.

Forfattar Anders Totland vervar nye medlemmar til Mållaget på utradisjonelt vis. Foto: Marius Knudsen/Samlaget

– Hadde eg vore ein sånn ung og frisk type, skulle eg ha starta motkampanjen «VERN OM KULTURARVEN. FUCK EIN NYNORSKBRUKAR», skreiv Totland i innlegget.

I staden for lova Totland at alle som melde seg inn i Mållaget i løpet av måndagskvelden skulle få eit eksemplar av romanen hans Vintertonar i posten.

Innan dagen var omme var innlegget delt over 60 gongar, og i radiosendinga God morgon Hordland tysdag morgon fortel Totland at nærare hundre stykk har teke kontakt.

– Om eg må ut med litt pengar i porto og bøker, om eg faktisk har bidrege til å skaffe nærare hundre nye medlemmar til Mållaget, skal eg stå godt i det, sa han i radiosendinga.

– Vert ikkje teken seriøst som nynorskbrukar i Trøndelag

Marit Voldsund Fjeldvær gler seg over medlemsauken i moderorganisasjonen, men trur kampanjen til FpU vil gjere det vanskelegare for nynorskbrukarar i Trøndelag å halde på språket sitt, og at terskelen for bokmålselevar å byte vert høgare.

For skuleåret 2019/2020 var det berre 6 elevar med nynorsk som hovudmål i fylket, og ingen skulekrinsar har nynorsk. Dette trass i at Nord-Trøndelag vart eitt av dei første fylka til å ta i bruk nynorsken.

Fjeldvær gjekk første vidaregåandeåret på Charlottenlund videregående skole, og fortel at kvardagen som nynorskbrukar i Trøndelag er vanskeleg nok som han er, utan slike kampanjar frå eit ungdomsparti.

– Du får ikkje lærebøker på nynorsk før du har masa i tre år. Det er inga undervisning på nynorsk, for sjølv norsklærarane som skal ha sidemålsundervisning er ikkje stødige nok i språket til å lære det vekk, seier 20-åringen og konstaterer:

– Du vert ikkje teken seriøst som nynorskbrukar i Trøndelag, for bokmålet dominerer så.

Sjølv har ho valt nynorsk som hovudmål fordi det ligg dialekta hennar nærare, men ho fortel at få jamaldrande i fylket gjer det same:

– Etter ein slik kampanje er det ikkje noko folk vurderer ein gong.

Oppdatering, onsdag 25. september: Noregs Mållag har på to døgn fått 800 nye medlemmar.  


Medan alle siddisar vel vekk nynorsken, byter Eili Harboe (26) til han: – Eg kjenner på eit ansvar for at han ikkje skal svinne hen

Eili Harboe (26) har spelt i stykket «Kirsebærhagen» på Det Norske Teatret. Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes