Nynorskparadokset i Trøndelag

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I byen Namsos, mest kjent som trønderrocken sin hovudstad, finn vi eitt av Noregs ferskaste mållag. Det heiter Naumdøla Målungdom.

Per i dag er dei to styremedlemmar, kor berre den eine har bestemt seg for å ha nynorsk som hovudmål. Det er Kirsti Karina Dahl Sæternes (16) frå Nærøy, som denne hausten byrja på Olav Duun vidaregåande skole.

Les også: Carl Frode Tiller er den første trønderske festspeldiktaren

Eit finare og meir poetisk språk

– Det høyrest finare og meir poetisk ut, seier Sæternes om sitt nye hovudmål.

Kirsti Sæternes er fersk nynorskbrukar og leiar i Naumdøla Målungdom.

Kirsti Sæternes er fersk nynorskbrukar og leiar i Naumdøla Målungdom.

Ho er glad i å skrive, og skriv både dikt, noveller og andre tekstar.

Overgangen til nynorsk byrja så smått i fjor, da ho gjekk i tiande på ungdomsskolen. Og no, som førsteklassing på vidaregåande, har ho nesten alle skolebøkene sine på nynorsk.

– Eg skriv fordi eg har lyst til å lære det. Det er to likestilte skriftspråk, og folk som skriv på nynorsk til staten har til dømes krav om å få svar på nynorsk, så det kan vere greitt å kunne språket òg, seier ho.

På skolen, som er oppkalla etter ein av landets største nynorskforfattarar, er ho den einaste i klassa som har valt å ha nynorsk som hovudmål. Nynorsk er eit sjeldant val i Trøndelag i 2018.

Les også: Forfattardebutant og nynorskpatriot frå Trøndelag

Eitt av dei første fylka som tok i bruk nynorsk

Det er lite nynorsk å finne i Trøndelag. Ingen store aviser skriv nynorsk, og i dag er det ingen skolar som brukar nynorsk som hovudmål. Men fram til 1960-talet var det andre tider.

Nord-Trøndelag fekk sine første nynorske skolekretsar i 1898, og var eit av dei første fylka som tok i bruk nynorsken. I åra som fulgte hadde språkforma ein stor oppgang i fylket.

Innan 1910 hadde ein tredjedel av kretsane tatt i bruk nynorsk som hovudmål, og saman med Hordaland hadde Nord-Trøndelag den nest høgaste delen nynorskbrukarar i heile Noreg. Berre Sogn og Fjordane hadde fleire.

Kor god er du på dialektar? Ta den store dialektquizen!

Var tredje største nynorskfylket i landet

Rundt andre verdskrigen toppa nordtrønderane nynorskstatistikken sin. Da hadde meir enn to tredjedelar av kretsane og elevane tatt i bruk målforma.

I 1946 skreiv rundt 63 prosent av elevane i Nord-Trøndelag nynorsk, og målforma var hovudmål i nitten kommunar. Til samanlikning var sytten kommunar delt mellom måla, og bokmål var einerådande i elleve kommunar.

Fram til midten av 50-talet sto språket så sterkt at det var det tredje største nynorskfylket, etter Hordaland og Sogn og Fjordane.

Les også: Fylkesvaraordføraren i Rogaland vil ha meir nynorsk

Jamn nedgang

Så kom nedgangen. Frå 1950 til 1960 minka bruken til 40 prosent, og i 1970 var det nede på 21 prosent. I 1975 låg fylket for første gong under snittet for heile landet.

Den siste nynorskkretsen i Nord-Trøndelag fekk bokmål i 2010. Da var det berre ein nynorskskole igjen i sørfylket, Jåren-Råbygda skole i Skaun kommune, med 33 elevar.

I 2015 var det heilt slutt på nynorsk i Trøndelagsskolane.

Eit språkparadoks

At nynorsken har vorte så redusert i Nord-Trøndelag, meiner Fredrik Hope, leiar i Målungdommen er eit paradoks.

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, er glad for tiltaka for å betra kåra for nynorsken i Rogaland. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

– Dialekta i Trøndelag er mykje meir lik nynorsk enn bokmål. Målføra i tidlegare Nord-Trøndelag er av og til som å høyre normert nynorsk med nokre dialekttrekk. Det var ein grunn til at det slo så godt an, seier Hope.

Etter krigen var det ein nedgang i heile landet, men han var ekstra stor i Trøndelag. Hope meiner det er fleire ting som har verka inn på nedgangen.

– Det var ein nasjonal trend etter krigen der bokmål vart knytta til det moderne. Men det slo ekstra hardt ut i Nord-Trøndelag, fordi ein kommunereform på 60-talet gjorde at nynorskkommunar og bokmålskommunar vart slegne saman.

Les også: – Nynorsk er mykje tøffare enn bokmål

Avstemmingar med knappe fleirtal

Da skolekretsane vart slegne saman på 60-talet, vart skriftspråket på den nye skolen bestemt med avstemmingar. Mange av desse enda med eit fleirtal for bokmål. Sjølv om mange stemte for nynorsk, vart dei likevel i mindretal.

Samanlikna med dei store nynorskfylka på Vestlandet, var det òg andre faktorar i Trøndelag som gjorde at språket fall lettare ut.

– Om ein gjekk ut av skolen og ut på gata i distrikta i Hordaland, brukte kommunen og avisane nynorsk. Kvardagen var nynorsk. Men i Trøndelag var det ingen store nynorsk-aviser. Den siste forsvann etter krigen. Så utanfor skolen vart ein mindre eksponert for nynorsk, seier leiaren i Målungdommen.

Les også: Sju kule ord du burde ta i bruk

Halvvegs kunnskap og dårlege haldningar

I Nærøy, heimplassen til leiaren i Naumdøla målungdom, forsvann den siste nynorske skolekretsen i 1964. Målet med det nye lokallaget er ikkje at alle i regionen igjen skal skrive nynorsk, men meir å opne auga for språkmangfaldet.

– Målungdommen jobbar ikkje berre for nynorsk. Generelt ønsker vi å jobbe for dialektmangfald og språkleg mangfald. Teiknspråk, blindeskrift, kvensk, samisk, alle minoritetsspråka som treng støtte, seier Kirsti Sæternes.

– Kan du gi nokre grunnar til at nynorsk burde vere meir naturleg å bruke i Trøndelag?

– Det liknar veldig mykje meir på trøndersk. Det er ikkje vanskelegare enn det. Nynorsk er ikkje vanskelegare enn bokmål. Det er berre det at vi har lite og dårleg sidemålsundervisning. Difor blir det halvvegs kunnskap og dårlege haldningar, seier ho.

I startgropa

Det nye mållaget er heilt i startgropa, med tolv registrerte medlemmar med bustad i heile fylket. Men etter kvart ønsker leiaren at det skal bli eit aktivt mållag som kan vere med å påverke.

– Håpet er å få nokre av dei meir drevne hit og få litt liv i lokallaget. At vi finn nokre frå styret som kan hjelpe oss i startgropa med å ha standar og halde foredrag.

– Om vi lærer nynorsk tidlegare blir kunnskapen betre, vi lærer det betre det blir meir forståing, seier Kirsti Karina Dahl Sæternes i det nye Naumdøla Målungdom.

Ho meiner dei to målformene ikkje er likestilte i praksis.

– Folk skal ha moglegheit til å ta eit val. Folk her er ekstremt negative til nynorsk. Vi ønsker å opne auga til folk om språkmangfald. Ikkje berre rundt nynorsken, men òg dei andre minoritetsspråka vi har i Noreg, seier ho.

Kjelde: Wikipedia, Bokmålsforbundet, Mållaget

Les også: Nynorsken får eit endå mindre kakestykke i statsbudsjettet