Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eili Harboe (26) er eitt av ti unge «Nynorsktalent» som vil bli presentert på Framtida.no framover. Kåringa er eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som har sete i juryen saman med Norsk Målungdom, Framtida.no og Daniel Kvammen.

– På barneskulen syntest eg nynorsk var vanskeleg. Det var tett opp mot mi eiga dialekt, men likevel veldig forskjellig, minnest Eili Harboe.

Skodespelaren frå Stavanger er kjent for filmar som kritikarroste Thelma, Askeladden og Kyss meg for faen i helvete, der ho speler ei ung jente som set opp eit Jon Fosse-stykke. I fjor romandebuterte ho på nynorsk med Tre meter med kniv.

Men nynorsk har ikkje alltid vore hovudmålet hennar. Som mange andre i Stavanger, vaks Harboe opp med bokmål på skulen, sjølv om ho spøkar med at ho på eit tidspunkt vurderte å byte til nynorskklassa.

– Eg spurte faktisk om å byte til nynorsk på barneskulen. Eg ville gå i nynorskklassa der det berre var gutar, seier ho spøkefullt på telefon til Framtida.no og ler.

Men slik vart det altså ikkje, og forfattaren og skodespelaren skreiv bokmål fram til vendepunktet for om lag fire år sidan.

Ei ung Eili Harboe på teaterscena. Foto privat

Bokmålsdominans

Tal frå Grunnskulens informasjonssystem (GSI) syner at berre 14 000 av 64 000 elevar frå 1.-10. klasse i Rogaland har nynorsk som hovudmål i skuleåret 2020-2021.

Fylket har òg eit stort målbyte frå grunnskulen til vidaregåande. I 2018 fall nynorskprosenten blant elevane frå 23 prosent i grunnskulen til 6 prosent på vidaregåande.

Harboe synest det er synd at det er så få siddisar som skriv nynorsk. Ho fortel at ho sjølv er svært bevisst språket, både privat og i jobbane sine.

– Språket er eit av dei viktigaste kommunikasjonsverktøya ein har som skodespelar og forfattar. Eg synest dialekter og språk er veldig spanande, og er interessert i alle nyansane. Det er nok difor eg òg trivst så godt med nynorsk som hovudmål.

Teater og tolmod

Eili Harboe utbryter at det er sjukt stas å vere kåra til eit av nynorsktalenta. Ho set ekstra pris på anerkjenninga sidan ho ikkje har hatt nynorsk som hovudmål så lenge.

Men om ho ikkje har merkt seg ut som nynorskbrukar i så mange år, har ho definitivt merkt seg ut som skodespelar i lang tid.

26-åringen har allereie rokke å bli eit kjent namn på scena og på skjermen, både i inn- og utland, etter nesten eit tiår i filmbranjen.

– Eg gjekk på drama og teater på kulturskulen frå eg var sju til 16 år. Så lyste dei ut open audition til Kompani Orheim. Det var første gong det var ei moglegheit for meg å vere med i ein film.

Vebjørn Enger og Eili Harboe i «Kompani Orheim». Filmen var Harboe, som då var 17 år, si første store rolle. Pressefoto.

Sidan rolla i filmen, som er basert på Tore Renberg sin roman, har vi sett Harboe i mange produksjonar, som filmane Kyss meg for faen i helvete, Bølgen, Doktor Proktors tidsbadekar, og seriane Hjerteslag og Beforeigners.

– Det er vel litt kjisjé, men eg har alltid likt å lage sketsjar og kle meg ut. Eg tok veldig initiativ og fekk søskena mine med på det, minnest ho.

Eili Harboe avslører at ho som barn prøvde ut mange ulike sportar og aktivitetar, men at ho ikkje hadde tolmod til å halde på med dei.

– Eg hadde ikkje tolmod og har det framleis ikkje. Eg klarar ikkje å fokusere på éin ting, ler ho.

Men med teater var det annleis. Det interesserte ho, og klarte å halde på tolmodet hennar.

Eili Harboe (i midten) i ei teateroppsetning på Stavanger kulturskule. Foto: privat

– I starten er det mykje leik knytt opp mot teater. Det var veldig kjekt og stimulerande. Det var ikkje talentfokusert, men skapte eit trygt grunnlag.

Grunnen til at Harboe likar skodespel så godt, er for det første at det er ein svært variert jobb, at han kan innebere så mykje forskjellig. I tillegg likar ho godt formidlingsbiten, og å tre inn i karakterar gjennom tekst og fysisk uttrykk.

– Det oppstår ein unik energi på scena og på eit filmsett som gir meg veldig mykje overskot. Eg har det best når eg jobbar, på ein måte. Det er då eg føler at eg får moglegheit til å utforske dei tinga, utdjupar ho.

I hennar første hovudrolle, spelar Eili Harboe ein karakter som nett som ho sjølv brenn for teater i ungdomstida. Amatørskodespelaren Tale (Eili Harboe) får hjelp av den profesjonelle skodespelaren Lars (Kristoffer Joner) til å regissere eit Jon Fosse stykke i filmen «Kyss meg for faen i helvete». Foto: Motlys

Eit av hennar absolutte høgdepunkt i karrieren er hovudrolla i Joachim Trier-filmen Thelma. Thrilleren var Noregs Oscar-kandidat i kategorien for beste ikkje-engelskspråklege film, vann tre Amandaprisar og blei presentert på mellom anna Toronto Film Festival og New York Film Festival.

26-åringen blei i 2018 heidra med Filmkritikerprisen som årets beste skodespelar for rolla, og har vore Noregs «Shooting Star» under filmfestivalen i Berlin.

«Tittelfiguren spilles av Eili Harboe, som nå virkelig trer frem som en av våre aller mest spennende skuespillere. Hun er en av de viktigste grunnene til at Thelma innfrir forventningene», skreiv NRK sin filmmeldar om Harboe sin innsats.

Nynorsk som scenespråk

Eit anna høgdepunkt i karrieren ho vil trekkje fram, er rolla i stykket Kirsebærhagen på Det Norske Teatret.

– Det betydde mykje for meg, spesielt sidan det var på nynorsk.

Harboe synest nemleg det er «heilt sjukt kjekt» å spele teater på nynorsk.

– Eg føretrekker det nesten. Det gjer noko med nerven i stykket. Det funkar utruleg godt i teater. Ein må konsentrere seg meir, men det er ein del av pakka, fortel ho entusiastisk.

Gjertrud Jynge som Ljubov og Eili Harboe som Anja i stykket «Kirsebærhagen» av Aton Tsjekhov, ein av teaterhistoria sine store klassikarar. På scena spelar ho den 17 år gamle Anja, dotter til den rike godseigarinna Ljubov Ranevskaja i Tsjekhovs stykke frå 1904. Foto: Erika Hebbert

Ho seier at kollegaer ved Det Norske Teatret kunne fortelje at ein tidlegare måtte snakke nynorsk med austlandsk botnklang på Det Norske Teatret, og på Teaterhøgskolen måtte alle lære seg austlandsk.

– Men mitt inntrykk er at det ikkje er sånn i like stor grad no. No kan eg snakke nynorsk med eiga dialekt som botnklang på teateret, og det blir meir melodiøst synest eg.

Skodespelaren som ingen kunne «målbinde»

Som skodespelar nyttar Harboe fleire dialekter. I Kyss meg for faen i helvete, som var hennar første hovudrolle på skjermen, er det stavangerdialekta som får skine.

– Mor mi har austlands- og far min kristiandsandsdialekt. Eg har budd mange stadar, i Flekkefjord, på Stord, i Bergen, i Stavanger, så eg føler det har vore med på å forme meg at eg har reist mykje rundt, sjølv om eg var lita då vi budde mange av dei stadane.

Ho fortel at faren er norsklærar, og har snakka mykje om språk. Sjølv har ho stavangerdialekt, men snakkar òg austlandsk flytande.

– I Askeladden-filmane snakkar eg austlandsk. Eg synest det er veldig gøy med ulike dialekter.

Vebjørn Enger og Eili Harboe som Espen Askeladd og prinsesse Kristin i «Askeladden – I Dovregubbens hall». I rolla som prinsesse Kristin snakkar Eili Harboe austlandsk, ikkje stavangerdialekt, slik vi er vande med å høyre ho snakke. Foto: Maipo Film / Nordisk Film

Bakgrunnen hennar, og det å kunne byte mellom ulike dialekter, kjem godt med som skodespelar.

Både ein fordel og ulempe

– Det har vore filmar eg har vore med i der eg ikkje hadde fått rolla utan dialekta, men eg har også mista roller på grunn av dialekt.

Harboe forklarar at det i ein del roller er eit krav at karakteren skal snakke austlandsk. Det har ho delte tankar om.

– For meg som skodespelar er det ei kjempespanande utfordring med ulike dialekter. Det er kjekt viss det er ein bonus og ikkje eit hinder.

Samstundes synest ho det er synd om slike krav avgrensar moglegheitane skodespelarane har, spesielt med tanke på unge talent.

– Vi er jo eit land med eit veldig rikt språk. Eg tenkjer at dei fleste kjenner folk med ulike dialekter, så eg håper ein ser meir og meir vekk frå det. Det finst mange spirer der ute som ikkje kan austlandsdialekta, og eg trur ein då går glipp av ein del talent.

Masete stavangerdialekt

Når siddisen får spørsmål om kva ho likar best med si eiga dialekt, kjem svaret at ho eigentleg ikkje synest stavangerdialekta er så fin.

– Eg skulle ønskje eg hadde meir melodi over mi eiga dialekt, seier Harboe, og legg til at ho er litt misunneleg på dialektene på nordvestlandet.

Ho fortel at ho var med på settet til Heimebane, som blei spelt inn i Ulsteinvik, då mannen hennar var regissør på serien, og at ho synest dialekta der er mykje finare enn hennar eiga. Ho peikar på at dialekta lenger nord er meir melodiøs, medan dialekta i Stavanger er litt flatare, ifølgje Eili Harboe.

– Har folk fordommar eller er det nokon stereotypiar rundt dialekta di og Stavanger?

– Ja, dessverre, sukkar ho. Det er sikkert difor eg ikkje likar dialekta så godt. Ein kan få høyre at dialekta kan vere litt masete.

– Det beste komplimentet eg kan få er at «du snakkar stavangersk, men ikkje på ein mastete og skingrande måte», seier Harboe med latter i stemma.

Nynorskførebiletet til Eili Harboe er forfattar Agnes Ravatn. Det siste ho las av ho er «Stoisk uro», men favoritten er kanskje «Veke 53». Sjølv les Harboe først og fremst skjønnlitteratur. – Det som er viktig for meg er at det må vere svært karakterdrive. Eg er oppteken av ei indre reise hos karakteren. Foto: Marius Viken, Ylva Catodotter Fyllingsnes

Men, etter å ha fått ut den første frustrasjonen, har skodespelaren fleire døme på ting ho set pris på med dialekta si.

– Eg likar at eg seier eg for eksempel, og det er ein del lokale uttrykk eg har sansen for og som eg føler det er ein del humør i.

Blant desse trekker ho fram «nelly», som er eit uttrykk for «sola», og «vannari», som tyder «drit i det».

Harboe trur ho snakkar breiare når ho er i Stavanger enn i Oslo. Ikkje berre fordi ein «mistar» dialekta, men for å gjere seg forstått for andre.

– Då snakkar eg først og fremst om austlendingar. Eg høyrer mange som seier dei skulle ønske at dei hadde dialekt. Det synest eg er ein rar ting å seie. Dei har jo dialekt dei òg.

– Er ein grunn til at eg bytte hovudmål

Sjølv om ho i dag framleis kjenner seg svært trygg på bokmål, er identiteten no først og fremst knytt til nynorsken.

Harboe innrømmer at overgangen frå bokmål til nynorsk, som skjedde gradvis, har innebore litt forvirring, men seier ho etter kvart har lært mykje.

– Og eg er ikkje redd for å slå opp ord og bøyingar. Då eg knekte ein kode, opna det seg eit rikare skriftspråk enn det eg hadde nytta.

26-åringen er oppteken av at det nynorske språket må bli bevart, og ho har ikkje tru på å fjerne det som sidemål.

– Eg trur ikkje på at det skal vere frivillig å lære på skulen, då trur eg det forsvinn, understrekar ho.

– Eg føler jo at eg har eit nært forhold til nynorsk som skriftspråk, og kjenner på eit ansvar for at han ikkje skal svinne hen. Det er ein grunn til at eg bytte hovudmål.

Forfattardebut

Språkengasjementet til Eili Harboe gir seg ikkje berre til uttrykk på scena og skjermen. I 2020 debuterte ho òg som forfattar med ungdomsromanen Tre meter med kniv.

På same måte som formidlinga er drivkrafta i skodespelet, er det ein viktig faktor i skrivinga hennar.

– Det er ei formidlingsform. Det er sikkert der den lysta kom frå også, undrar ho seg.

Eili Harboe med debutboka Tre meter med kniv

Favorittordet på nynorsk er maredraum, eit ord Eili Harboe mellom anna har brukt i romanen sin «Tre meter med kniv». Foto: Jonathan Vivaas Kise

Sjølv om debutromanen først kom i fjor sommar, kan Harboe avsløre at ho alltid har skrive.

– Dei tinga eg har jobba konsentrert med er teater og skriving. Eg byrja ganske tidlig. Det heng nok saman med eit formidlingsbehov. Historieforteljing har betydd mykje for meg.

At det blei bok ut av skrivinga hennar, kom til etter at ho skreiv eit skjønnlitterært essay i Aftenposten Si;D sin julekalendar.

– Etter det blei eg kontakta av Samlaget. Eg hadde ikkje eit manus klart eller noko, men jobba saman med ein redaktør. Det var heilt topp for meg! Som skodespelar er eg godt vand med konstruktive tilbakemeldingar, så det var supert å kunne få rettleiing undervegs.

Vanskeleg målgruppe

Då Eili Harboe skulle skrive romanen, var det viktig for ho å gjere det på nynorsk. Ho forklarar at ho har prøvd å bruke språket nesten som ein karakter i boka og vore veldig til stades.

– Eg har ikkje fått så mykje tilbakemeldingar på språk som skodespelar, men om boka har det vore ein del som har sagt at dei synest måten eg brukar skriftspråket er interessant. Det er veldig kjekt med dei tilbakemeldingane. Det betyr mykje for meg.

Boka Tre meter med kniv er ein ungdomsroman, og Framtida.no sin bokmeldar skreiv at romanen er underhaldande og tankevekkjande. 26-åringen innrømmer at ho synest det er ei vanskeleg målgruppe å nå fram til.

– Det er mange forstyrringar for alle no med digitale verktøy og sosiale medium, men for spesielt ungdom består kvardagen mykje av det. Eg trur ikkje så mange ungdommar oppsøker nynorsklitteratur, ein må berre erkjenne det.

Ho forstår difor at å skrive på nynorsk kan begrense publikumet hennar, men trur det er ein del av pakka ein må rekne med.

– Men for meg var ikkje det det viktigaste. Eg tenkjer at om nokon kan lese boka som ikkje har lese mykje nynorsk før, og får ei positiv oppleving, så er det verdt det, understrekar ho.

Eili Harboe hugsar godt korleis det var å vere tenåring. På biletet til høgre er Harboe 13 år. Foto: Jonathan Vivaas Kise/privat

Zombie-film og mammapermisjon

Skrivinga har definitivt gjeve meirsmak. Harboe røper at ho held på med å skrive på ein del ting, men ikkje har noko konkret å annonsere no.

Men å kombinere skodespelarlivet med å vere forfattar synest ho i alle fall ikkje er noko problem.

– Som skodespelar har ein på ein måte dødtid og fri i periodar, og så periodar det er veldig travelt. Då er skrivinga veldig fin å ha i stille periodar. Det kan vere ein del reising og venting i samband med skodespelarjobbing, og då har ein tid til å skrive.

– Eg har vore student parallelt med skodespelarkarrieren, så eg er godt vant til å ha noko på sida og med skippertak, ler ho.

Det siste året har for Harboe, som for mange andre, vore ganske spesielt på grunn av koronapandemien, men det inneheld òg fleire høgdepunkt. Ho synest det var trist å ikkje kunne ha lanseringsfest for boka, men følte samstundes at det var riktig å gje ho ut no.

– I tillegg blei eg mor for første gong i år.

Eili Harboe brukar dagane som permittert skodespelar til å gå turar heime på Vestlandet og skrive på nye prosjekt. Foto: Privat

Sånn sett seier ho det har vore travelt nok med det, men i mars er ho òg aktuell med premiere på filmen Prosjekt Z.

– Det var veldig spanande å vere med på og noko heilt nytt. Det er ein slags zombiekomedie som handlar om nokon som skal lage ein film. Eg spelar regissøren i filmen.

Då Framtida.no snakkar med skodespelaren har ho nettopp sett filmen sjølv. Dommen hennar er at han er veldig morosam.

– Eg håpar folk både ler og kanskje blir litt redde!

Eili Harboe er aktuell i skrekkomedien Prosjekt Z. Pressefoto


Karen Anna Kleppe er journalist i TV 2. Foto: privat