Nynorsk i alle fylke: Her er kommunane med flest nynorskeelevar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter kommunesamanslåingane i vinter, er det fleire som har vore spente på kva kommunar som ville få flest elevar med nynorsk som hovudmål.

Torsdag kom fasiten frå Utdanningsdirektoratet:

  1. Bjørnafjorden: 3091
  2. Sunnfjord: 3020
  3. Alver: 2845 elevar
  4. Hå: 2625
  5. Ålesund: 2499
  6. Stord: 2467
  7. Øygarden: 2429
  8. Time: 2344
  9. Kinn: 2077
  10. Voss: 1824

Ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg (Ap). Foto: Silje Lepsøy

Bjørnafjorden rett sør for Bergen har hatt ein vekst på 17 nynorskelevar sidan Fusa og Os slo seg saman ved nyttår.

Sidan 2018 har Os hatt førsteplassen, og trass i at fleire samanslåtte nynorskkommunar har fått større samla folketal, så held Bjørnafjorden på førsteplassen.

– Det er så kjekt å høyra! Veldig gledeleg! Eg visste me låg høgt oppe, men trudde ikkje me skulle hamna på førsteplass på grunn av samanslåingane, seier Trine Lindborg, ordførar i Bjørnafjorden kommune på telefon til Framtida.no.

– Eg trur mange ser at det er eit rikt språk, og at det ligg tett opp til dialekten vår.

Ny nedgang i Bergen

Nye Ålesund kommune vedtok nyleg ny språkbruksplan, men Noregs største nynorskkommune hamnar berre på femteplass med 2499 nynorskelevar.

Noregs nest største by, Bergen, har eit bystyrefleirtal bak ønskjet om å vera nynorskhovudstaden i landet, men opplevde ein nedgang på 16 nynorskelevar frå førre skuleår. I budsjettet for neste år har fleirtalet blitt samde om å oppretta ein nynorskklasse i sentrum og fleire andre nynorsktiltak.

Har du nynorsk som hovudmål?

Har du nynorsk som hovudmål?

Sjølvsagt!87
Nei, jeg har bokmål.54
Svar totalt: 141

Nynorsk i alle fylke

For første gong på lenge har skuleåret starta med nynorskelevar i alle fylke. Vestland har desidert flest nynorskelevar, men er også det fylket som mistar flest elevar samanlikna med då dei var Sogn og Fjordane og Hordaland i fjor:

  1. Vestland: 37 151 (-532)
  2. Møre og Romsdal: 15 677 (-240)
  3. Rogaland: 14 318 (-44)
  4. Innlandet: 3 244 (-138)
  5. Vestfold og Telemark: 1 824 (-38)
  6. Agder: 1 365 (-25)
  7. Viken: 588 (-50)
  8. Trøndelag: 6 (+3)
  9. Nordland: 3 (-2)
  10. Troms og Finnmark: 2 (-3)
  11. Oslo: 1 (-1)

Det høyrer med til soga at Vestland mista 139 nynorskelevar då Hornindal slo seg saman med Volda i Møre og Romsdal ved nyttår.

Oppgang for samisk

Totalt sett er det 74 179 elevar som har nynorsk som hovudmål no. Det er 1066 færre elevar enn i fjor. Talet på bokmålselevar gjekk opp med berre 33 til 554 525.

Talet på samisk elevar er 874 elevar. Det er ein auke på 17 elevar.

LES OGSÅ: Ti sjekkereplikkar for deg som vil flørte på samisk

Foto: Offentleg eigedom, Colourbox.com. Kollasj: Framtida.no