FpU til skuleelevane «F**k nynorsk»: – Skamlaus, anti-nynorsk populisme, seier Mållaget

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 11.01.2023 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest det er trist at FpU vil køyre på med skamlaus, anti-nynorsk populisme som dette her, seier Peder Lofnes Hauge på telefon til Framtida.no.

Leiaren av Noregs Mållag reagerer på «F**k nynorsk»-plakatane Framstegspartiets Ungdom har teke med seg på skuledebatt landet over. Lofnes Hauge kritiserer partiet for å ikkje ta skuleelevar på alvor ved å legge opp til ein politisk samtale på eit slikt lågt nivå.

– Det er lenge sidan eg har sett denne typen regelrett angrep på nynorsken som det FpU smeller opp på rollup-en sin i dag.

– Paradoksalt

FpU er blant ungdomspartia som vil gjere sidemål valfritt, og utfordra tidlegare i vår moderpartiet sitt til å fremje representantforslag om dette i Stortinget.

Foto: Marit Voldsund Fjeldvær, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom.

Mållagsleiaren meiner ønske om å fjerne obligatorisk sidemål står i strid med valkamplovnadane frå Framstegspartiet:

– Det er paradoksalt at FpU driv valkamp for eit moderparti som vil ta vare på norsk kultur og kulturarv, men samstundes framstår som eit nynorskforaktande og kulturlaust parti, seier Lofnes Hauge.

Mållagsleiaren meiner plakaten speglar det han skildrar som ein kunnskapslaus utdanningspolitikk med minst mogeleg språkopplæring i skulen. Framstegspartiet sin språkpolitikk har fått stryk frå Mållaget, som hevdar partiet framstår utan interesse for språkleg likeverd og språklege tradisjonar.

FpU: – Folk skal få velje sjølv

– Eg er ikkje overraska over at Noregs Mållag er ueinige i bodskapen. Men, eg tenker at i staden for å hisse seg opp over ordbruken, så bør dei forklare norske elevar kvifor dei blir tvinga til å lære eit skriftspråk dei sannsynlegvis aldri vil få bruk for, seier formann i FpU Andreas Brännström på telefon til Framtida.no.

Han er tydeleg på at FpU meiner det nynorske språket er ein viktig del av kulturarven, og presiserer at det er nynorskkarakteren dei går til kamp mot. Brännström synest det er for mykje med tre norskkarakterar i tillegg til eksamenskarakteren for dei på studiespesialiserande.

FpU-leiar Andreas Brännström. Foto: Markus Endresen, FpU

– Poenget til FpU er at folk skal få velje sjølv. Vi ønskjer valfritt sidemål, og det gjeld også dei som brukar nynorsk som hovudmål. Sånn sett meiner eg dette berre er å gi uttrykk for meir valfridom. 

– Men kvifor skriv de då «f**k nynorsk» og ikkje «fuck sidemål»?

– Det er fordi den rollupen kjem til å bli brukt stort sett i fylke der det er nynorsk som er sidemål. Og vi ønskjer valfritt sidemål, men det er naturlegvis flest som reagerer på at ein ikkje får bruk for nynorsk enn omvendt.

– Har ikkje skjedd nokon ting

Brännström meiner spissformuleringar må vere lov, og seier at det i skulevalet nok er meir av det enn elles. Han viser til at dei også tidlegare har hatt valfritt sidemål som ein del av kampanjen, utan at det har ført noko særleg fram.

– Eg meiner det er å ta elevar på alvor. Elevane har brukt altfor mange år på å snakke om meir valfridom, men det har ikkje skjedd nokon ting. FpU meiner det er på høg tid å gi elevane meir valfridom, og la dei velje vekk sidemålskarakteren på vitnemålet, seier han, og legg til:

– I dag går om lag ein femdel av elevane ut av skulen utan å kunne lese og skrive godt nok. Det må vi gjere noko med, og då blir det heilt feil å bruke tid på å lære seg to norskspråk.

– Eggar opp hat og frustrasjon

– Ein ting er saklege usemjer om kva språkpolitikk vi skal ha i Noreg, men når FpU brukar skuledebattane til å egge opp hat og frustrasjon frå elevar over heile landet mot ein så grunnleggande del av identiteten og kulturen vår som nynorsk utgjer, så må vi ta til motmæle!

Egil Vestrheim i Sogn og Fjordane AUF. Foto: Sandra Tenud

Det skriv 3.-kandidat hjå Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane Egil Natvik Vestrheim i ei pressemelding etter å ha sett «F**k nynorsk»-plakaten. Han viser til at nynorskbrukarar kvar dag opplever at ein vil innskrenke rettane deira.

– Då synest eg det er fullstendig respektlaust og farleg populisme av FpU å skape splid og sette Austlandet opp mot nynorskbrukarar her i fylket og i resten av landet.


Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, reagerer på erfaringane til jusstudent Solveig Brunvoll. Foto: Moment Studio/Språkrådet, Bjørn Erik Pedersen/Wikimedia Commons/ CC BY-SA 3.0. Kollasj: Framtida.no