Utanlandsstudentane skuldar meir pengar

Dei siste tolv åra har gjennomsnittsgjelda til utanlandsstudentar auka med nær ein kvart million kroner.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2008 var gjennomsnittsgjelda til ein norsk bachelorstudent i utlandet 352.000 kroner, medan ho i 2020 var 599.000 kroner, viser tal frå Lånekassen som NRK har henta inn.

Det svarer til ein auke nær 250.000 kroner per student dei siste tolv åra.

Ansa-leiar Sebastian Hytten meiner den stadig aukande gjelda blant utanlandsstudentar bidreg til større sosioøkonomiske forskjellar.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H). Foto: Kunnskapsdepartementet

– Vurderinga må vere opp til kvar enkelt

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) seier at regjeringa er oppteken av at alle studentar i Noreg skal kunne ta delar av studiet sitt i utlandet.

– Det betyr ikkje at ein ikkje skal tenkje over kva det kostar. Nokre stader er dyrare enn andre og vil gi større gjeld. Den vurderinga må vere opp til kvar enkelt.

Lånekassen peikar på at utvida støtteperiode for høgare utdanning frå ti til elleve månader og auka låneramme for utanlandsstudentar for å dekkje skulepengar ved spesielt kostbare studiestader kan vere blant årsakene til den auka studiegjelda.