Ingeborg (21) fryktar utvekslingsstopp svekkjer jobbutsiktene

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

UiO tok i vår den vanskelege avgjersla om å avlysa all ordinær utveksling for haustsemesteret 2020, etter drøftingar med både studentrepresentantar og leiinga ved alle fakulteta.

Ein av studentane som vert råka av denne utvekslingsstoppen, er Ingeborg Sævik Heltne. 21-åringen går siste året på utviklingsstudiar ved UiO. Denne hausten skulle ho vore på utveksling til Buenos Aires, og til våren skulle ho gjennomført eit seksvekers feltarbeid.

Begge deler er avlyst. Feltarbeidet, som også skulle funne stad i utlandet, skulle utgjera grunnlaget for bacheloroppgåva ho skal skriva til våren.

No vert det annleis.

Utvekslinga er av fagleg betydning

Heltne fortel at langt over halvparten av kullet hennar skulle vore på utveksling denne hausten.

– Utveksling er meir enn berre ei kjekk oppleving på dette studiet. Det er fagleg relevant, og gjev viktig erfaring. Det er litt teit å ville jobba med Latin-Amerika, og ikkje ha vore der. Det å kunne språk, og ha tilknytning eller kjennskap til eit bestemt område, er nyttig når ein skal søka jobb seinare, seier Heltne.

Heltne søkte utveksling 21. januar, og hadde lasta opp alt av dokumentasjon og motivasjonsbrev midt i februar. Ho hadde alt sagt opp bustaden i Oslo, og gjeve beskjed på jobb om at ho vart vekke i eit halvt år. Leilegheit i Buenos Aires hadde ho også ordna seg.

Heltne synast det er kjedeleg å gå glipp av relevant utanlandserfaring.
Foto: Andreas Brattåker Støyva

Heltne var likevel heldig, på eit vis. Då utvekslinga vart avlyst, fekk ho tilbake både bustad og jobb her i Noreg.

Redd for å stilla svakare i jobbsamanheng

Heltne spesialiserar seg innan samfunnsgeografi, og er som nemnd særskild interessert i Latin-Amerika. Sjølv om utanlandsopphaldet ikkje vart noko av, er det framleis innslag av spansk i kvardagen. Eit av emna ho tek dette semesteret er nemleg spansk.

– Det er kjekt, men det vert noko heilt anna enn å vera i eit land der språket er over alt. Ein vert jo betre i språk av å måtte praktisera det i kvardagen. Dessutan får ein ikkje kjenna kulturen på kroppen, her heime.

Ho er bekymra for at den manglande erfaringa frå utanlandsopphaldet skal svekka sjansane hennar for praktikantplass ved ein ambassade. Også jobbmoglegheitene på sikt er ho engsteleg for.

Mange av medstudentane hennar har difor vald å setja studiene på pause, til dei kan fylgja eit normalt studieløp att. Det var ikkje eit alternativ for Heltne.

– Me har ingen garantiar for at situasjonen er endra om eit eller to år, så eg vel å halda fast ved planen min.

Planen har vore klar sidan ho tok til å studera – fyrst bachelor, så mastergrad. Den planen er uendra, men ho er budd på at vegen dit no vert noko annleis.

NSO er bevisste på utfordringane

Andreas Trohjell, leiar i NSO, forklarar at dei forventar at universiteta og høgskulane gjer det dei kan for å sikra høg utdanningskvalitet, i ei vanskeleg tid.

NSO-leiar Andreas Trohjell. Foto: Skjalg Bøhmer Vold/NSO

Trohjell forstår at studentane er redde for å stilla svakare på arbeidsmarknaden, etter studiane.

– Me jobbar for å auka studentmobiliteten, då me ser på dette som ein viktig kompetanse, og ei investering for samfunnet. Kanskje må institusjonane sjå etter nye måtar å oppnå delar av den same kompetansen på, i Noreg, skriv Trohjell i ein e-post til Framtida.

UiO-rektoren: – Er ikkje no eller aldri

Også rektor ved UiO, Svein Stølen, forstår at studentane er bekymra.

Rektor ved UiO, Svein Stølen Foto: Morten Kanne-Hansen/Universitetet i Oslo

– Eg forstår at studentane er bekymra for å stilla svakare på arbeidsmarknaden. I nokon grad må det vera lov. Eg har sjølv ein son som er student her, som no skulle vore i Singapore, seier Stølen, over telefon.

Stølen påpeikar likevel at det ikkje er alt som skal lærast på universitetet. Studietida er ein kort periode, i det store og heile.

– Eg ser at det er eit større problem for studiar som utviklingsstudiar, kor det faglege utbyttet av utveksling er viktig. Men, det er rikeleg med tid til å ta att utanlandserfaringa seinare. Det er ikkje no eller aldri, heldigvis.

Kva angår svekka moglegheiter til praktikantstillingar og arbeid etter enda studiar, ser Stølen mot arbeidsgjevarane.

– Eg trur og håpar norske og internasjonale arbeidsgjevarar ser på tilhøva desse studentane er utdanna under. Det er ei spesiell tid, som arbeidsgjevarane må ta omsyn til når dei skal vurdera kandidatar.

Tryggleik og innovasjon

UiO-rektor Svein Stølen er klar på at avlysinga i bunn og grunn handlar om helsa og tryggleiken til kvart enkelt menneske.

Han håpar at ein vaksine er på plass snarleg, og at 2021 vert eit betre år, sjølv om det også vil ha sine utfordringar knytt til pandemien.

– Det er ikkje siste gong me er i ei krise. Det kan, og vil skje igjen, i ei eller anna form. Det må me vera budde på. Me jobbar difor aktivt med digitale plattformer for internasjonalisering, noko me kallar Circle U.

– Internasjonalisering er viktig

Circle U er eit samarbeid mellom fleire universitet i Europa, kor det jobbast aktivt for internasjonalisering av universiteta, i ein klimavenleg kontekst.

Trass arbeidet med digital internasjonalisering, ser ikkje Stølen på dette som ei erstatning for utanlandsreiser i skulesamanheng.

– Eit universitet i Noreg med stengde grenser er i ein vanskeleg situasjon. Det er viktig for eit universitet å kunne reisa ut i verda for å henta kunnskap og erfaring frå andre kulturar, som ein kan ta med seg heim. Internasjonalisering er viktig, og me ynskjer jo ei globalisert kunnskapsverd.

UiO håpar å kunne opna for utveksling i Europa, våren 2021, men det har alt no kome kanselleringar frå fleire av universiteta UiO har avtalar med.

Stor forståing for UiO si avgjersle

Sjølv om student Ingeborg Sævik Heltne er oppgjeven på heile situasjonen, har ho stor forståing for at ting er som dei er, og for korleis UiO har handsama det heile.

– Det handlar om tryggleik, og kvaliteten på undervisningstilbodet. Det er meiningslaust å reisa til Argentina, berre for å sitta inne der i staden. Eg klandrar ikkje UiO.

Trass den kjedelege situasjonen ho og mange andre er komne i, prøver Heltne å sjå lyst på det.

– Eg skulle vore i Buenos Aires, men det kunne samstundes vore mykje verre. Eg har mykje fysisk undervisning i emna eg tek i staden for utveksling, eg har jobb, og plass å bu. Pandemien påverkar ikkje sjølve studieløpet mitt, og det er eg glad for.


Les også om Oda (21) som sat heima og venta på koronasvar, utan å få tilbod om digital undervisning: 

NTNU-student Oda Mo Eikefet (21) fryktar at manglande digital undervisning kan få konsekvensar for studentar i risikogruppene. Foto: Privat