Klimaministeren forsvarer kostbare klimatiltak i Noreg

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er Noregs største utsleppskjelde. Det er heilt avgjerande at me kuttar utsleppa i Noreg framover. Då kan me ikkje unnta den største utsleppssektoren. Dei må kutta som alle andre, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) til Framtida.no om elektrifisering av den norske sokkelen.

Oljeplattformene stod i fjor for 27 prosent av dei norske utsleppa. Rotevatn understrekar at det vil løna seg for oljeselskapa å byta ut gasskraftverka på oljeplattformane med elektrisitet frå land eller frå havvind.

LES OGSÅ: FpU-leiar ut mot elektrifisering: – Svindyrt og unødvendig symboltiltak

– Vil løna seg

Equinor i januar lanserte sin plan om elektrifisering på 40 prosent innan 2030, så rekna selskapet med at kostnaden for investeringane vil bli på kring 50 milliardar kroner.

– Det kostar å elektrifisera, men det er eit viktig poeng at det er selskapa som skal betala for det, seier Rotevatn i eit lengre intervju med Framtida.no då han var på Stord i juni.

I klimaplanen som regjeringa la fram i januar, blir det lagt opp til ein kraftig auke i CO2-avgifta framover, til 2000 kroner per tonn i 2030. Det vil gjera veldig mange elektrifiseringsprosjekt lønsame.

– Veldig mange av dei gasskraftverka som står der no vil ikkje løna seg å driva vidare. Så det her er klimapolitikken som verkar, og som gjer at dei går over frå å bruka fossil energi til å bruka fornybar energi. Det har ein positiv effekt i Noreg, og det har ein positiv effekt globalt å kutta desse utsleppa.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) var på besøk på biogassfabrikken til Renevo på Stord måndag 14. juni. Fabrikken har fått 50 millionar i støtte frå Enova. Foto: Snorre Tønset/KLD

Færre utsleppspunkt

– Men gassen som ikkje kjem til å bli brukt i gasskraftverka blir eksportert. Er ikkje dette ein veldig dyr måte å flytta utslepp frå Noreg til utlandet? 

– Nei, eigentleg ikkje. Du kan for så vidt seia at om du går frå fossilbil til elbil, så vil bensinen berre blir seld til ein annan bil ein annan stad enn i Noreg. Sånn kan du seia om alt. Det som likevel skjer er at du får færre utsleppspunkt, mindre etterspurnad og mindre lønsemd for den fossile kjelda og det bidrar i sum positivt.

Rotevatn påpeikar at gasskraftverka som brenn på sokkelen, er mellom dei minste effektive gasskraftverka som finst.

– Me får enormt lite energi for kvar kubikk gass som blir brent. Men det blir eit marknadsspørsmål. Retninga er at prisen på utslepp skal opp både i Noreg og andre land. Så me skal fasa ut olje og gass, og det kjem til å skje.

LES OGSÅ: Isbjørnen kan vere utrydda om 50 år

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) er mot å dela ut fleire oljelisensar. Regjeringa hans har lyst ut ei rekkje lisensar dei siste åra. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Viktigast å kutta utsleppa globalt

På spørsmål om kva som er det viktigaste for regjeringa: å kutta utslepp globalt eller i Noreg, svarar Rotevatn:

– Det viktigaste er å kutta globalt. Men det heng jo i saman – me er jo ein del av verda. Og me må kutta som alle andre må gjera.

– Ein kan sjølvsagt diskutera kor masse olje- og gassverksemd me skal ha i Noreg framover. Det er ein fair politisk debatt. Eg meiner me skal ha mindre av det. Eg er imot å dela ut nokre nye lisensar i det heile tatt.

Dei siste to åra har regjeringa som Venstre er ein del av gjeve over 100 oljelisensar.

Bør norske oljeplattformar elektrifiserast?

Bør norske oljeplattformar elektrifiserast?

Ja13
Nei41
Veit ikkje5
Svar totalt: 59

Klimaministeren vedgår at Noreg kjem til å ha mange installasjonar som står der i mange år framover. Det er uaktuelt for dei fleste å stenga ned olje- og gassfelt som er lønsame.

– Då er spørsmålet: skal dei halda fram med å vera Noregs største utsleppskjelde, eller skal me kutta utsleppa frå dei? Eg meiner me skal gjera det siste. Det er ikkje mogleg å nå nokon norske klimamål utan å gjera det, fordi utsleppa er så store. Så då må det i så fall vera fordi ein ikkje har tenkt å nå klimamåla våre, og for at ein vil halda eit høgt utsleppsnivå i Noreg, og det synest ikkje eg me skal gjera.

LES ÒG LESARINNLEGGET: «Det norske oljeeventyret har ein sluttdato»

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Svein Olav B. Langåker

Vil bruka pengane i Noreg

Under den raud-grøne Stoltenberg-regjeringa byrja Noreg å bruka milliardar på å støtta regnskogtiltak og andre klimatiltak i utlandet. Det som av fleire blir kalla Stoltenberg-doktrinen, handla om å få mest mogleg klimatiltak for pengane. Dei billegaste klimatiltaka var ofte i utlandet.

– Eg meiner Stoltenberg-doktrinen var feil. Me har òg forlatt den fordi me har tydelege utsleppsmål i Noreg. Det var eit tydeleg gjennomslag for Venstre i regjeringsplattforma, om at me skal ta sikte på å redusera klimautsleppa i Noreg med 45 prosent gjennom norske tiltak i Noreg, i ikkje-kvotepliktig sektor. Det var nytt, med det meiner eg var heilt nødvendig.

– Det er kort oppsummert fordi eg meiner me skal betala norske pengar til norske klimaløysingar, og ikkje betala alle andre for å omstilla seg. Sjølvsagt kan me bruka norske skattebetalarar sine pengar på å investera i klimaløysingar i Aust-Europa og investering i karbonfagst og lagring der, men eg synest det er meir fornuftig å bruka dei pengane i Noreg for at me skal kutta våre utslepp.

Bjørneteneste

Rotevatn trur det vil vera å gje norske bedrifter ei bjørneteneste og berre seia at me ikkje skal driva med nokon aktiv klimapolitikk her.

– Eg trur det å tvinga fram ei omstilling og få norske bedrifter til å levera klimaløysingar også er bra for dei, for ein ser så tydeleg kvar marknadene går. Me har brukt ganske kraftige verkemiddel i Noreg for å omstilla til meir grøn skipsfart, gjennom anbodskrav og utsleppskrav, men det gjer jo at Noreg no er fremst på det.

Han trur det vil vera ein stor fordel når me skal eksportera maritim teknologi til nye marknader som også kjem til å krevja grøn teknologi.

LES OGSÅ: Ny energiplan: Ingen stans i oljeleitinga

Batteriferja «Ampere» kryssar Sognefjorden. Noreg ligg langt framme i nullutsleppsteknologi for skip. Foto: Wikimalte [CC BY-SA 4.0]

Aktiv næringspolitikk

Spørsmålet om aktiv næringspolitikk er eit ideologisk spørsmål som skil venstre- og høgresida i politikken. Høgrepartia har tradisjonelt vore skeptiske til å peika ut enkeltselskap og enkeltnæringar som skal få ekstra støtte. Marknaden skal styra.

Rotevatn seier det er stor forskjell på å peika ut enkeltselskap, slik staten til dømes gjorde då Stoltenberg-regjeringa kjøpte seg inn i Aker Kværner Holding i 2007, og støtta enkeltnæringar. Solberg-regjeringa har peika på fleire næringar som dei har gjeve særleg støtte.

– Me ser at det er nokre område der Noreg har særlege fortrinn og der det er klokt å stilla ein del særlege krav. Det gjeld skipsfart der me har ein eigen handlingsplan. Det gjeld karbonfangst- og lagring der me har valt å aktivt gå inn og investera i. Og det gjeld flytande havvind der me har sett av areal til havs og satsar.

– Me går ikkje inn og peikar på enkeltbedrifter, men me seier at dette er teknologi som me treng å få til. For eksempel når det gjeld karbonfangst og -lagring finst det ingen klimasnarveg frå FNs klimapanel der me ikkje lukkast med det. Me er berre nøydde til å lukkast med det, og då må nokon ta dei første stega, og det valde me å gjera, avsluttar klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Kven skal snakke for framtida?», i førekant av stortingsvalet. Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.

HAR DU FÅTT MED DEG DENNE?

Klimaministeren om kjernekraft i Noreg: – Veldig rar diskusjon