Klimaministeren om kjernekraft i Noreg: – Veldig rar diskusjon

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 21.06.2021 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kjernekraft er eigentleg ein viktig del av klimaløysinga globalt. Hadde me ikkje hatt kjernekraft i Finland, Frankrike og andre plassar, så hadde me vore meir ille ute med å nå klimamåla våre. Så det er nok ein del av miksen framover, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) til Framtida.no.

I mars vedtok Miljøpartiet Dei Grøne med knapt fleirtal å støtta utviklinga av moderne atomreaktorteknologi. Både Unge Venstre, Framstegspartiets Ungdom, Unge Høgre og Grøn Ungdom er òg positive til å støtta forsking på kjernekraft i Noreg.

LES OGSÅ: Frankrike: Macron vil stenge kjernekraftverk

Fleire positive unge

Sist veke kom ei undersøking som viser at nær halvparten av nordmenn under 40 år meiner Noreg bør satsa meir på kjernekraft som ein del av klimaløysinga. Norsk Studentorganisasjon vedtok nyleg å stilla seg bak kjernekraft som ei løysing for framtida.

– Eg merkar at ungdom er meir positive enn før. Det handlar kanskje om at Tsjernobyl-skuggen har kome lenger bak i historia, og at mange ungdommar er ekstremt opptatt av klima og tenkjer at då må me ta i bruk dei løysingane som finst, seier Sveinung Rotevatn, og legg til:

– Det som har vore motargumenta som har blitt brukt før, gjeld framleis. Det er risiko, og krevjande å handtera, seier klima- og miljøministeren.

LES OGSÅ: Kjernekraft i Noreg – uaktuelt eller uunngåeleg? Ungdomspartia er usamde

Nei, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) har ikkje snike seg inn på eit kjernekraftverk. På bildet ser de han på besøk på biogassfabrikken til Renevo på Stord måndag 14. juni. Foto: Snorre Tønset/KLD

– Inga lønsemd

Klima- og miljøministeren meiner likevel det er økonomien som er den viktigaste grunnen til at kjernekraft ikkje er aktuelt for Noreg.

– Det finst inga lønsemd i kjernekraft i Noreg. Det er ein veldig dyr energi. Og dei alternativa me har er mykje billegare og folk er villige til å investera i det.

– Eg synest diskusjonen om kjernekraft globalt er interessant og relevant, men i Noreg er han veldig rar, seier Sveinung Rotevatn til Framtida.no i eit intervju rett før han besøkte biogassfabrikken til Renevo på Stord denne veka.

– Viss me sa at om dei som ville bygga kjernekraft på Stord skulle få lov, berre sett i gang, så er det ingen som kjem til å gjera det, for det er kjempedyrt. Ikkje minst fordi kjernekraft har nokre ulemper som er både farlege for miljøet og som er dyre.

Dette handlar om å handtera avfallet, som er noko ein må gjera i eit tusenårsperspektiv og kostar mykje pengar.

DEBATT: «Det vil vere vanskeleg å nå togradersmålet utan bidrag frå kjernekraft»

Når reaktoren står ferdig ved Olkiluoto i Finland skal han produsera 1600 MW. Foto: Hannu Huovila / TVO, CC BY 3.0-lisens

Stadige utsetjingar i Finland

Utbygginga av den tredje reaktoren ved Olkiluoto, sørvest i Finland, er eit døme på ei utbygging som ikkje har gått etter planen. Det skulle eigentleg opna i 2009, men er enno ikkje klart til drift.

Ifølgje den finske statskringkastaren YLE var kostnadene i 2019 estimert til 8,5 milliardar euro. Det gjorde bygget til det nest dyraste i menneskesoga, etter eit større hotellkompleks i Mekka.

Bør Norge satse på kjernekraft?

Bør Norge satse på kjernekraft?

Ja, kjernekraft er framtida!950
Nei, det er for farleg207
Veit ikkje56
Noreg bør forske på kjernekraft, men ikkje produsere sjølv143
Svar totalt: 1356

Sjefanalytiker for berekraftig finans i Nordea, Thina Margrethe Saltvedt trur ikkje det vil bli aktuelt med kjernekraft i Noreg.
Foto: Vidar Ruud / NTB

Sjefanalytikar: – Uaktuelt i Noreg

Sjefanalytikar for berekraftig finans i Nordea, Thina Margrethe Saltvedt, seier til Framtida.no at ho ikkje trur kjernekraft vil bli aktuelt i Noreg.

– Internasjonalt er det ei vriding der det er meir positivitet enn tidlegare fordi fleire ser at det må til for å få til eit raskt grønt skifte. Men eg trur ikkje det kjem til å bli noko stort spørsmål i Noreg fordi me har vasskrafta.

Ho peikar òg på Fukushima-ulukka og Tsjernobyl-ulukka som ulukker som gjer at det vil vera skepsis til å etablera kjernekraftverk i Noreg.


LES OGSÅ: Bli med kjernefysikar Sunniva Rose på labben

Stipendiat Sunniva Rose vil forstå kvar vi kjem frå. Til det nyttar ho maskina CACTUS. Foto: Åsmund H. Eikenes