«Det norske oljeeventyret har ein sluttdato»

Ingeborg Sævik Heltne & Lise Saga
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Om det er eit bilete som best kan illustrere den nye norske energimeldinga som kom førre veke, så er det den klassiske illustrasjonen av ein struts med hovudet i sanden – som gøymer seg for fare. Det er nemlig ingen tvil lenger. Å vidareføre norsk oljeindustri er ikkje foreineleg med å nå klimamåla.

Oljeindustriens fremste heiagjeng, the International Energy Association (IEA) har skjønt det. Equinor innrømmer at dei har skjønt det dei også, når sjefsøkonom i Equinor fortel Klassekampen at Equinor ikkje har eit scenario for å avgrense oppvarminga til 1,5 grad, fordi det ikkje er realistisk. Equinor har altså gitt opp på ambisiøse klimamål, fordi klimamåla og fortsatt vekst i Norsk oljeindustri ikkje samsvarar. 

Det kan alle forstå – berre vilja er der.

Likevel, så finn vi følgjande formulering i energimeldinga til regjeringa at:

«Regjeringen vil bidra til utviklingen på norsk sokkel gjennom å videreføre en petroleumspolitikk som legger til rette for en lønnsom produksjon av olje og gass i et langsiktig perspektiv».

Det høyres sjølvsagt fint og flott ut for den norske lommeboka det, at oljeindustrien vår kan halde fram med å vekse. I alle fall så lenge utgiftene for konsekvensane av utvinninga er låge. Utover det, så er det vanskeleg å finne fleire måtar å forsvare denne vidareføringa av ei så lite framtidsretta næring. 

Ingeborg Sævik Heltne og Lise Saga meiner det hastar med å avslutte oljeeventyret. – Konsekvensane blir berre større om vi ventar, både for klima, arbeidsplassar, økonomi og industri. Foto: Privat.

Vi byrjar å få dårlig tid

Utfasing av oljeindustrien har vore eit samtaletema i mange år allereie. Eit av hovudargumenta mot er arbeidarane, alle livsverka som går inn i norsk oljeindustri. Argumentet om at for rask utfasing av olja er alvorleg, både for arbeidarane som vert råka, og for økonomien i det heile. Det er ikkje feil. Samtidig, så kunne det i større grad ha blitt unngått.

Hadde vi starta utfasinga av olje for ti år sidan, så hadde vi hatt tid til å omstille økonomien, omskulere arbeidarane, og flytte desse ressursane over i til dømes fornybar energi.

Problemet no, er at vi byrjar få dårlig tid. Og faktum er at det ein dag kjem til å ta slutt. Oljeprisane er allereie svært ustabile. I april 2020 var oljeprisen negativ på eit tidspunkt, endåtil.

Faktum er at det ein dag kjem til å ta slutt.

Oljenæringas framtid er usikker. Det er ingen garanti for at nye oljefelt frå 2021 vil vere lønsame i 2031. Dermed er nye arbeidsplassar innan oljenæringa ei utrygg satsing, og dess seinare vi startar utfasinga, dess mindre kontrollert og meir øydeleggjande vil utfasinga vere. 

Som å setje sminke på ein gris

Regjeringa forsøkjer å overtyde oss om at norsk olje er betre enn anna olje. Som om ikkje all olje er beksvart når den vert brent.

Norske politikarar forsøkjer å overtyde oss om at elektrifisering av den norske sokkelen er ei løysing.

Det er, som det gode gamle uttrykket går, som å setje sminke på ein gris. Equinor forsøker overtyde oss om at norsk oljeindustri er framtida. Men vi veit at framleis vekst i oljeindustrien, både norsk og internasjonal, ikkje samsvarar med å nå klimamåla. Og klimakrisa – den er så alvorleg, at den må vi gjere alt vi kan for å bremse. 

Faktum er at norsk olje koker kloden. Faktum er at norsk oljeindustri på eit tidspunkt må ta slutt.

Og klimakrisa – den er så alvorlig at den må vi gjere alt vi kan for å bremse.

Det norske oljeeventyret har ein utløpsdato, som vi nærmar oss med stormsteg. Dess lengre vi tillét oss å late som det ikkje er tilfellet, dess meir dramatiske vil konsekvensane av utfasinga av olje verte. Dess meir vil det råke arbeidsplassar, økonomi og industri. Og mest alvorlig av alt, dess større vil konsekvensene bli for dei som blir ramma hardast av klimakrisa – og det er ikkje vi nordmenn. 

Har du noko på hjartet? Skriv inn til: tips @ framtida.no!


Vil du lese fleire lesarinnlegg om klima? Gaute Eiterjord håpar dei som streika for klima vil påverke valresultatet til hausten. 

– Til hausten er det stortingsval, og det er første gong mange av dei som har streika på skulen for klimaet, skal bruka stemmeretten sin, skriv Gaute Eiterjord. Bildet er frå skulestreiken for klima 24. mai 2019. Foto: Andrea Rygg Nøttveit