Noregs dyraste klimatiltak har usikker klimaeffekt, men får stor støtte

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– 50 milliardar kroner er ein svimlande sum for å elektrifisera sokkelen. Det er svindyrt og unødvendig symbolpolitikk, seier Andreas Brännström, formann i Framstegspartiets Ungdom (FpU).

FpU-leiar Andreas Brännström er motstandar av elektrifisering av sokkelen. Foto: Markus Endresen, FpU

– Det finst mange andre tiltak som er mykje betre og billegare enn elektrifisering av sokkelen, legg han til, og vil heller bruka pengar på avgiftslette for å få fleire til å velja transport med nullutslepp.

Oljeselskapa meiner at elektrifisering vil gi kutt i klimautsleppa.

Men Olje- og energidepartementet skreiv i november i fjor til Framstegspartiet at klimaeffekten globalt er usikker. Dei peikar òg på at gassen som ikkje blir brukt til å laga straum til oljeplattformene vil bli seld vidare.

Sjølve utbyggingane som må til for å elektrifisera plattformene er heller ikkje tatt med i klimareknestykket.

Politisk omstridd

Elektrifisering av sokkelen er omstridd. Framstegspartiet og Raudt er kritiske til elektrifisering, og også i Miljøpartiet Dei Grøne er fleire kritiske til elektrifisering.

Hulda Holtvedt er talsperson i Grønn Ungdom. Foto: Grønn Ungdom.

Talsperson for Grøn Ungdom, Teodor Bruu, skreiv i fjor at planane om å elektrifisera sokkelen er det verste som har skjedd for klimaet i Noreg på lang tid. Når milliardane blir brukte på å kutta utslepp frå oljeproduksjon, er det berre som påskot for å produsera endå meir på endå fleire felt, skreiv han i Morgenbladet.

Den andre talspersonen for Grøn Ungdom, Hulda Holtvedt, meiner at elektrifisering berre må bli brukt på eksisterande oljefelt og utbyggingar som ikkje kan bli stoppa.

– Då er det viktig at straumen som blir produsert av havvind kan bli brukt på andre måtar etterpå, seier ho til Framtida.no

LES OGSÅ: No skal Generasjon klimastreik stemme for første gong

Stort fleirtal for

Venstre og Høgre har programfesta å kutta 50 prosent av utsleppa frå norsk sokkel innan 2030. Då er elektrifisering av sokkelen det viktigaste tiltaket.

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby forsvarar elektrifisering.

Ola Svenneby i Unge Høgre. Foto: Presse

– Me er tilhengar av det, då me er ein motstandar av ei politisk avvikling av norsk olje- og gasssverksemd. Så lenge det er lønsamt å utvinna olje- og gass, vil det vera betre at det blir gjort med minst mogleg utslepp, seier han til Framtida.no.

– Men det blir dyrt?

– Eg er ikkje ueinig i det, men eg meiner det er rett. Det er òg mykje anna klimapolitikk som er dyr, men likevel rett å gjennomføra, understrekar Svenneby.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet støttar vidare elektrifisering av sokkelen, men vil at det skal skje med mest mogleg med havvind og fornybar straum produsert på sokkelen. Senterpartiet vil at alle installasjonane på sokkelen skal vera basert på nullslepp av CO2 innan 2040, anten med elektrifisering eller CO2-fangst.

SV meiner at «oljenæringa må bli gjeve pålegg om å bygga ut like mykje offshore havvind som dei treng til elektrifiseringa, og betala for desse investeringane».

LES OGSÅ: Ny energiplan: Ingen stans i oljeleitinga

Skattebetalarane tar rekninga

Sveinung Rotevatn (V) på besøk på Stord på måndag 14. juni. Foto: Snorre Tønset/KLD

Equinor i januar lanserte sin plan om elektrifisering på 40 prosent innan 2030, så rekna selskapet med at kostnaden for investeringane vil bli på kring 50 milliardar kroner.

– Det kostar å elektrifisera, men det er eit viktig poeng at det er selskapa som skal betala for det, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) til Framtida.no.

I klimaplanen som blei lagt fram i januar legg regjeringa opp til å trappa opp CO2-avgifta frå 590 kroner per tonn i dag til 2000 kr i 2030. Det vil gjera det lønsamt for fleire oljeselskap å elektrifisera.

Men på grunn av oljeskatten, som er på 78 prosent av overskotet til oljeselskapa, så vil staten uansett betala 39 av dei 50 milliardane det kostar å elektrifisera. Og når staten eig 67 prosent av aksjane i Equinor og heile Petoro, så er det skattebetalarane som betaler for nesten heile elektrifiseringa.

Bør norske oljeplattformar elektrifiserast?

Bør norske oljeplattformar elektrifiserast?

Ja13
Nei41
Veit ikkje5
Svar totalt: 59

LES OGSÅ: Det kan vere for seint å redde sommarisen i Arktis

Store utslepp

Utsleppa frå norsk olje- og gassutvinning utgjer nær 27 prosent av dei samla norske klimautsleppa. 13,3 millionar CO2 i 2020. Sidan 1990 har utsleppa frå denne industrien auka med 63 prosent.

Mesteparten av utsleppa frå olje- og gassnæringa kjem frå gasskraftverk om bord på plattformene som produserer straum for å driva dei. 16 av 100 felt har, eller har vedtatt, å ta i bruk kraft frå land, ifølgje Oljedirektoratet. Får fleirtalet av partia det som dei vil, så talet auka framover.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Kven skal snakke for framtida?», i førekant av stortingsvalet. Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.

HAR DU FÅTT MED DEG DENNE?

Klimaministeren om kjernekraft i Noreg: – Veldig rar diskusjon