Samordna opptak førebudd på nye høge søkjartal

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søknadsfristen betyr at søknaden må vere ferdig registrert før midnatt natt til fredag.

Både talet på søknader i fjor og talet på søknader på siste dag før fristen gjekk ut var nye rekordar, med ein auke i prosent på høvesvis 8,7 og 75 prosent samanlikna med 2019.

Terje Mørland er avdelingsdirektør for utdanningstenester hjå Unit. Foto: Unit

– Samordna opptak forventar mange søknader også i år, seier Terje Mørland, som er direktør for utdanningstenester i Unit, til NTB. Han legg til at det er umogleg å spå om det blir fleire eller færre enn i rekordåret 2020.

Då tala vart presenterte i fjor, meinte Unit , som har ansvar for gjennomføringa av Samordna opptak, at mykje av auken kunne knytast til situasjonen med koronavirus.

Plan B

Teorien er at uvisse i arbeidsmarknaden og rundt moglegheitene for å studere i utlandet gjer at folk sikrar seg ein plan B ved å søkje høgare utdanning i Noreg.

Unit meinte i fjor at den enorme auken i talet på personar som søkte på siste moglege dag, som i år vil vere torsdag fram til midnatt, forsterka det inntrykket. 24.702 søkte 15. april i fjor, mot 14.128 same dag i 2019.

– Vi veit av erfaring at mange søkjar dei siste dagane, men mange har allereie levert søknad i år, og vi trur ikkje riktig like mange som i fjor utset søknaden til i siste liten. For eit år sidan var uvissa knytt til koronasituasjonen endå større, då skulane og lærestadene i landet hadde vore nedstengde ein månads tid, og framtida var uviss, seier Mørland.

Units erfaring er at meir enn halvparten av søkjarane, rundt 80.000 personar, leverer søknaden før 1. april, og førebelse tal tyder på tilsvarande trend i år.

Mange vil eigentleg ut

Neste fredag vil søkjartala presenterast. I juli er hovudopptaket klart. Først til hausten, når studentane faktisk møter opp til studia, vil det vise seg kva val som faktisk blir tekne – og kanskje kva følgjer pandemien får.

Morgan Alangeh er president i ANSA. Foto: ANSA

President Morgan Alangeh i ANSA påpeikar at det vil slå ut på søkjartala at det kjem færre studentar til Noreg frå utlandet og at færre norske studentar får reist utanlands, men trur ikkje dette vil vare om folk får sjansen til å reise igjen.

– Vi har heilt sidan i fjor sommar fått mange førespurnader frå personar som ønskjer å studere i utlandet frå hausten av. Vi opplever at mange saknar å reise til utlandet. Det å ta heile grada i utlandet, er ein heilt unik måte å oppleve verda på, seier Alangeh.

Kalde friårsføter

Nestleiar Felipe García i Norsk studentorganisasjon trur at ein del av dei som normalt ville teke seg eit friår etter vidaregåande for å jobbe, kanskje får litt kalde føter i år.

– Det er freistande å spekulere. Kanskje er det fleire som vil søkje seg til høgare utdanning? Det vil i så fall gle oss. Vi er veldig spent på kva grupper som søkjer mest, vi tenkjer at det er flott både viss dei yngre gjer det og eldre grupper som treng litt påfyll, seier han.

Felipe F. Garcia er nestleiar i NSO. Foto: NSO / Skjalg Bøhmer Vold

– Uansett er det viktig å hugse at dette, søkjartala, er ein tendens, eit augneblinksbilete no. Ingenting er eigentleg bestemt før vi ser korleis plassar blir fordelte i juli og deretter kven som møte til studiestart, nestleiar Felipe García.


  • Les også innlegget frå Tomine, som i haust takka nei til studietilbod og jobb til fordel for eit friår: «Pauseåret frå helvete»

Tomine Berge skriv om pauseåret som ikkje blei som planlagt. Foto: privat