«Pauseåret frå helvete»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har alltid tenkt at livet byrjar når ein er ferdig på vidaregåande. Før det har eg sett på alt som ei form for auto-pilot, der ein ikkje eigentleg tek så mange sjølvstendige val. Etter å ha fullført vidaregåande, var eg endeleg klar for å «starta livet».

Så kom korona.

Laber motivasjon

Då eg vart uteksaminert, freista det lite å kasta seg rett på eit studium. Inne på samordna opptak takka eg fint nei, samstundes som at eg takka nei til eit tilbod om fast jobb. Korona kunne jo umogleg vara ut sumaren, og då skulle jo eg reisa til Paris!

Brått vart mars til august, og planlagt utanlandsopphald vart bytt ut med eit år ekstra på jenterommet. Det var som eit slag i trynet, og eg var langt frå den einaste som kjente det slik. Fadderveker vart avlyste, og ferske studentar sat einsame på hyblane sine og hadde forelesing via Zoom.

Alt me hadde gledd oss til vart brått avlyst på ubestemt tid.

Det er framleis lov å kjenna seg litt mislukka

Sjølv om ein klagar, tyder ikkje det at ein ikkje set pris på måten denne situasjonen vert handtert. Me er veldig heldige som bur i eit land som har takla koronakrisa bra, og som har eit godt helsevesen. Det er eg utruleg takksam for! Men det er framleis lov å kjenna seg litt mislukka.

I fjor sat eg att med ei kjensle av at livet mitt vart satt på pause, og den kjensla har eg framleis.

Tidsfordriv

Eit år i lockdown og med lite på agendaen har gjort gjennomføringsevna mi noko dårlegare. I byrjinga tenkte eg å ta opp nokre fag, for å førebu meg til opptaket neste år, men det la eg fort på hylla. I staden har eg frilansa meg gjennom heile Vestland, og sett Virgin River på Netflix om og om igjen.

«Du må nytta denne tida godt» har eg fått høyra mykje det siste året. Hadde motivasjonen vore på plass, skulle eg jammen gjort det! Dette kunne jo vore året eg hadde lært meg nye ting, fått ein sjuk gründer-idé og tent meg skamrik, men nei. Eg orkar ikkje!

Samstundes vil eg ikkje seie at eg har kasta vekk dette året. Det har berre vorte noko annleis enn eg hadde sett føre meg.

Smøra oss med tålmod

Det er nok mange som kan kjenna seg att i at året ikkje vart heilt slik ein hadde tenkt.
Min nye hobby har no vorte å saumfara Finn.no etter minihus for sal i Lofoten. Der har eg forresten aldri vore.

Kunne eg nytta koronatida betre? Definitivt. Men eg tek det forhåpentleg vis att seinare.

Me må berre smøra oss med meir tålmod, og ri koronabølga ut. Noko reise utanlands vert det i alle fall ikkje på meg denne sumaren, og trass denne kjipe perioden får ein berre forsøkja å gjera det beste ut av det. Lykke til!


Guro og Mats Herman Aunevik.