Ei arbeidsgruppe leidd av Kunnskapsdepartementet har lagt fram forslag til ulike tiltak som skal hindre fråfall.
mm
Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Kunnskapsdepartementet

– Så langt ser det ikkje ut til at fleire studentar enn normalt har falle frå studia under pandemien. Det er positivt, men eg er bekymra for at fleire på sikt vil verte forseinka eller i verste fall ikkje sjå andre mogelegheiter enn å slutte på studia.

Det seier forsknings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Tal som Kunnskapsdepartementet har henta inn syner at 5900 studentar risikerer å verte forseinka eller falle frå studia.

No har ei arbeidsgruppe leidd av departementet og med medlemmar frå studentorganisasjonane og høgare utdanningssektoren lagt fram ein ny rapport, der dei føreslår tiltak for å hindre massefråfall.

– No har vi fått mange gode forslag på bordet som institusjonane eigentleg kan setje i gang med med det same, held Asheim fram.

Dette føreslår arbeidsgruppa:

  • Masseteste studentar
  • Forlenge vårsemesteret eller starte haustsemesteret tidlig
  • Utferde førebelse vitnemål
  • Gi opptak på vilkår til master
  • Forlenge unntaka i utdanningsstøtteordningane under Lånekassen
  • Meir fleksibilitet i praksis
  • Utvidet opphaldstillatelse for utanlandsstudentar
  • Bør vurdere tiltak også for neste studieår

Fulltidsstudent Mina Edvardsen kunne fint ha kome seg til Universitetet i Stavanger, men taklar studiane mykje betre frå heimekontor. Foto: Privat
Oppdatert: måndag 12. april 2021 13.10
ANNONSE