Opptaket til høgare utdanning bør ikkje endrast, meiner eigaren av Samordna opptak

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa har bede Unit om å vurdere og sjå på konsekvensar av ulike modellar for å gjennomføre opptaket til høgare utdanning til hausten.

Bakgrunnen er at to årskull no ikkje gjennomfører eksamenar som vanleg i vidaregåande skule på grunn av koronapandemien.

– Når vi veit at talet på søkjarar til dei ulike studieprogramma og kva karakterar dei har, varierer frå år til år, er det umogleg å føreseie om endringar i regelverket samla sett vil gi ønskt effekt. Å endre i regelverk for å hjelpe éi gruppe søkjarar har alltid konsekvensar for andre søkjargrupper, og alle endringar vil føre til ei rekkje utilsikta konsekvensar, også for gruppa endringa er meint å tilgodesjå. Unit rår derfor mot å endre på dagens regelverk som ei hasteløysing no, konkluderer Unit.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Kunnskapsdepartementet

Håpar på rask avgjerd

Det er regjeringa som skal vedta om opptaket skal endrast.

– Eg har stor forståing for at det er mange som er nysgjerrige og som føler ei slags urettferd oppi det heile, anten det er årskull med eksamenskarakter på vitnemålet eller dei som no ikkje får moglegheita til å vise kva dei kan gjennom eksamen. Eg håpar vi får landa dette så raskt som mogleg. Det er berre tida og vegen no, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Søknadsfrist for høgare utdanning er 15. april.


Edvard Botterli Udnæs er påtroppande leiar i Elevorganisasjonen. Foto: Privat