Då Noreg stengde hadde Ingvild (18) akkurat starta på ny skule: – Sårt å skulle verte kjend over Teams

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 14.03.2021 20:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Noreg stengde hadde Ingvild (18) akkurat starta på ny skule: – Sårt å skulle verte kjend over Teams

– Eg hadde akkurat bytt vidaregåande etter å ha vore heime frå skulen i nesten tre månadar, og skulle endeleg kome meg attende.

Ingvild Husby Halderaker (18) tenkjer tilbake til 12. mars for eitt år sidan, då regjeringa for første gong stengde landet i møte med koronapandemien.

18-åringen frå Oslo minnest at ho vart uroa av beskjeden frå styresmaktene og at situasjonen ho sjølv stod i stressa ho.

– Det var sårt å skulle verte kjend med nye folk og lærarar over Teams.

Det året alt vart snudd opp ned

Det er eitt år på dagen sidan statsminister Erna Solberg (H) heldt pressekonferanse og fortalde at vi alle kom til å få «ein annleis kvardag», i det regjeringa la fram dei mest inngripande tiltaka i Noreg i fredstid.

12. mars 2020 heldt direktør i FHI Camilla Stoltenberg, helseminister Bent Høie, statsminister Erna Solberg og helsedirektør Bjørn Guldvog pressekonferanse om koronatiltaka som vart innførte. Foto: Eirin Larsen, Statsministerens kontor/Flickr/CC BY-NC 2.0

Ingvild Husby Halderaker skildrar tida som «det året då alt du kunne tenkje deg vart snudd opp ned».

Sjølv hadde ho store ambisjonar for 2020. Ho fylde 18 år, hadde akkurat starta på ny skule, skulle byrje å date og skape alle minnene ein vert nostalgisk av å tenkje tilbake på som 60-åring.

– Eg hugsar at eg hadde ein veldig god flyt i februar med gruppetreningar, og deltok på minst to timar i veka. No må eg streve for å halde motivasjonen oppe for å ta ein joggetur eller ha dansetrening i stova, fortel ho.

Samstundes vart ho på hausten vald til fylkesleiar i Oslo KrFU og nestleiar i UngOrg.
18-åringen drøymde om å verve medlemmar og utgjere ein forskjell, men med korona vart alt utsett, avlyst eller digitalt.

Ingvild Halderaker multitaskar med to digitale møter og middag. Foto: Privat

Soverommet hennar er ikkje lenger plassen ho søv, men òg plassen ho gjer lekser og er med på møter.

– Det er mykje skjerm og hovudpine, og eg er mykje meir trøytt. Du vert meir sliten, og energinivået kjem og går meir enn før, forklarar ho.

– Kjennest urettferdig å bu i Oslo

Halderaker og familien flytta inn i eit rekkjehus på Stovner kort tid etter landet stengde, noko som gjorde livet på heimeskule og -kontor lettare for alle fire. Men det å bu utanfor ring 3 har òg ført til litt uro i kvardagen.

Medan vegane var berre tok Ingvild Halderaker sykkelen sin fatt for å kome seg til skulen, men vinterstid lyt ho ta kollektivtransport til skulen på Ensjø.

– Det er ubehageleg å ta t-bana, og plutseleg er det nokon som ikkje har på seg munnbind eller ikkje har det over nasen. Eg vert veldig frustrert på folk – skjønar du ikkje at du er nøydd til å ha det på deg ordentleg? spør ho oppgitt.

Oslo er den desidert hardast koronaråka kommunen i landet, og har til no over 21 000 melde smittetilfelle. Førre veke åleine vart over 1300 personar registrert som smitta.

I hovudstaden er barnehagane og skulane på raudt nivå. Kinoar, kjøpesenter, treningssenter og innandørs idrettsanlegg er stengde. Munnbind er påbode på butikkar og på kollektivtransport der ein ikkje kan halde ein meter avstand. Ein bør òg unngå å møtast i private heimar.

Sjølv har ikkje Ingvild Halderaker vore særleg redd for å verte sjuk sjølv, men er uroa for å skulle ta med seg smitte heim.

– Eg har tenkt «det går fint for meg», men òg «oi, går det fint for dei i familien som er litt eldre, og som eg potensielt kan smitte?». Og eg vil ikkje vere den eleven som gjer at alle på skulen må i karantene, forklarar ho.

Medan ho sit heime og følgjer dei digitale møta i KrFU, og helser på fylkeslag frå nord til sør, som kan treffast fysisk med avstand, så er det ein del av ho som tenkjer:

– Det å bu i Oslo kjennest urettferdig.

«Oi, shit, no skjer det»

Kvardagen i Finnmark har vore ein annan enn den i hovudstaden.

Tobias Eriksen er elevrådsleiar og har fleire verv i lokalsamfunnet, og trur difor han har merka smittevernstiltaka meir enn jamaldra, grunna restriksjonar på kor mange som kan delta på fysiske møte. Foto: KMD

– Då viruset først kom, så var vi litt uroa for korleis det skulle verte. Ein trudde jo at det skulle kome til Båtsfjord før påske, minnest Tobias Eriksen.

17-åringen fortel at han beit seg merke i koronaviruset i januar i fjor, då det hadde spreidd seg i Kina, men før det kom til Noreg.

Då landet stengde ned i mars var hans første tanke «Oi, shit, no skjer det». Hans andre tanke var «ja, ja, lockdown varer ikkje så lenge».

Kommunen tok grep tidleg, og sette opp ein bubil i dalen som skulle halde kontroll på kven som kom inn til Båtsfjord og kor vidt dei laut i karantene. Men koronasmitten slo aldri innover kommunen i noka stor bølgje.

Til no er det berre påvist ni tilfelle av koronasmitte i Båtsfjord sidan pandemien braut ut.

Kommunen har følgt dei nasjonale tiltaka, skulane heldt stengt i fjor vår og Båtsfjord private videregående skole har periodevis i haust vore på raudt nivå.

– No i ettertid byrjar eg å tenkje på kvifor vi hadde dei tiltaka, når det eigentleg ikkje var noko smitte her, seier Eriksen.

Ser rart på deg om du har munnbind

Tobias Eriksen har sjølv vore i Oslo etter at koronapandemien starta, og fortel at det tok litt tid før han vart vand til den nye kvardagen i hovudstaden. Munnbind på flyet, munnbind på Gardermoen, munnbind på toget til sentrum, munnbind på t-bana.

– Eg sleit veldig med å puste gjennom maska i starten, fortel Eriksen.

– Eg vart litt manisk i byrjinga, for eg er ikkje vand til at det er så mykje korona. Eg er ikkje vand til å vere i ei smittesone, der ein kan risikere å verte smitta berre ein står litt for nært ein person. 

Då han kom heim til Båtsfjord tok han ein koronatest og var i frivillig karantene fram til han kom attende negativ. Då han gjekk på nærbutikken igjen hadde han munnbindet på seg og antibacen i lomma:

– Folk byrja å sjå rart på meg, for vi har jo ikkje noko smitte i Båtsfjord no. 

Medan Framtida.no pratar med Eriksen svippar han innom lokalbutikken, der han handlar som vanleg heilt utan munnbind.

Kvardagen er i stor grad tilbake til det normale, og Eriksen legg ikkje så mykje merke til koronapandemien, ut over at han vaskar hendene oftare og brukar meir antibac. Det siste halvåret har han berre hatt éin dag med heimeskule.

Han trur at uansett kvar i landet ein bur, så har koronapandemien lært folk kor viktig det er med fellesskap og at ein set pris på kvarandre. Samstundes ser han fram til at alle kan møtast på tvers av kommunegrenser og risikonivå:

– Det viktigaste å glede seg til er å kjenne på at ein har fått fridomen attende. At ein kan bestemme seg spontant for å reise på besøk til nokon utan at det er eit problem, utan å tenkje over om ein har vore i smittesoner.

Eit liv nesten som normalt

– Før pressekonferansen var koronaviruset berre ein ting vi høyrde om som skjedde i andre land. Til då hadde eg berre høyrt mange vitsar om det på nett, så eg tenkte ikkje på at det var så alvorleg, minnest Eline Hellesøy. 

16-åringen frå Stord var tiandeklassing i fjor vår, då skulen vart stengd. Tre år med «tenk om du kjem opp til eksamen» enda med at ingen kom opp til eksamen, noko ho sjølv syntest var litt kjipt.

Eline Hellesøy hadde aldri forventa at koronapandemien skulle vare så lenge, men er glad ho kan leve relativt normalt på internatskule. Foto: Privat

No går ho første året på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund, og endå eldre elevar seier skulekvardagen plar vere livlegare enn han er no, så har ho storkost seg det siste halvåret.

– Eg kjenner meg veldig heldig. Eg føler eg har eit liv som er mykje meir likt det vanlege livet, i og med at eg bur på internatskule og ikkje i ein storby der mange folk treffest og det vert eit større problem.

Elevane på Framnes bur på internat og er såleis litt skjerma frå resten av samfunnet i koronapandemien.

Om alle reiser heim på ferie, lyt ein forholde seg til strengare restriksjonar og karantene når ein kjem att. Dei er inndelt i kohortar og et middag i felleskantina etter årstrinn, men stort sett kan ein leve relativt fritt.

Dei har fysisk undervisning, kan trene i eige styrkerom og treningshall, har miljøarbeidarar som arrangerer sosiale aktivitetar, gode turmogelegheiter i nærområdet og ulike band dei kan spele i.

Restart på samfunnet

Medan jamaldra i byar med høgt smittetrykk som Oslo har vore ekstra mykje heime med foreldra det siste året, så har Eline Hellesøy vore ekstra lite med foreldra sine.

Ho har kjent på å vere ansvarleg for seg sjølv, og har skapt eigne rutinar og vorte medviten på alt foreldra gjorde som ho ny lyt fikse sjølv, som klesvask for kor mange grader skal kva vaskast på igjen?

I Kvam, der internatskulen ligg, har til saman 57 personar fått påvist koronasmitte, og kommunen stengde ned i februar etter at den britiske varianten av koronaviruset vart påvist.

Framnes kristne videregåande skole ligg i Nordheimskund i Kvam kommune. Foto: Cavernia/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0

Hellesøy var då ein av kring 90 av dei 270 elevane på skulen som valde å verte verande og ikkje reise heim. For første gong sidan våren i fjor laut ho følgje digital undervisning frå internatrommet sitt.

– Det eg synest var utfordrande med digital undervisning frå internatrommet var å sove og gjere skule frå same plass. Det er vanskeleg å få til skiljet, fortel ho og legg til at ho òg sakna å treffe folk fysisk.

Men etter tre veker var kvardagen tilbake. Eline Hellesøy er ekstra takksam for det siste året, for ho veit òg at det er mange andre som ikkje har kunna levd like fritt som ho sjølv. 

Storebroren hennar er student i Bergen, og då han kom heim på juleferie fortalde han systera at han berre hadde hatt éi fysisk førelesing det semesteret. Resten av tida hadde han måtte studert heimanfrå.

– Det står det så sjukt respekt av, for eg hadde ikkje takla det så bra. Eg er veldig glad for at eg har dei mogelegheitene eg har. 

Samstundes vel Eline Hellesøy å tru at samfunnet kjem styrkja ut av koronapandemien:

– Alle tekniske duppedittar treng ein restart når dei heng. Eg har sett det litt på same måte. Vi måtte ta ein pause frå alt og starte på nytt. 

Fryktar kvar pressekonferanse

Det siste året har gjort Ingvild Husby Halderaker god på å ta ting som dei kjem.

Ingvild Halderaker var einaste eleven i klassa, då mange laut i karantene. Foto: Privat

Det var tøft å skulle starte på ein ny skule heimanfrå, men ho bestemde seg tidleg for at den sosiale biten laut vente. Etter eitt år har ho vorte kjend med støttande lærarar og ein god vennegjeng trass i at dei ikkje kan møtast noko særleg på fritida.

Kongsskogen videregående skole er meir tilrettelagd for elevar som slit litt psykisk eller sosialt, og sjølv på raudt nivå får ein heldigvis møte på skulen, men med strenge smittevernsreglar.

– Men det vert slik at eg fryktar kvar gong det kjem ein ny pressekonferanse, om det er no dei skal ta frå vidaregåandeelevar å kome på skulen, fortel Halderaker.

Ho har laga rutinar, baka brød og store sjokoladekaker og loggført tallause timar bak rattet, medan ho har lærekøyrt med far sin. Om nokre veker ventar omsider oppkøyringa.

18-åringen merkar likevel at det vert vanskelegare og vanskelegare å finne motivasjonen, di lenger pandemien varer. Noko av det mest utfordrande har vore å kjenne på fridomen frå lettingar før ein mister han igjen, grunna nye restriksjonar.

– Du får tilbake det du har sakna og smaker på korleis det er å vere rundt folk, men når det då forsvinn får motivasjonen seg ein skikkeleg knekk.

Plan B

Ingvild Husby Halderaker går ikkje tomhendt frå koronaåret, men har med seg nokre lærdomar i bagasjen:

– Det er viktig å alltid ha ein plan B, seier ho og småler. 

Foto: Ingvild Halderaker

Samstundes har ho vorte endå betre kjend med seg sjølv og har lært å prioritere det som er viktig.

– Eg set meir pris på å vere med vennar, når eg først får møte dei. Når eg endeleg kan treffe vennar er eg mindre på telefonen og brukar ikkje tida til å svare på ei Messenger-melding, akkurat.


Thea S. Hjelleset (21) oppmodar unge kvinner til å vere opne om prevensjonsbruk både med familie og helsepersonell. Ho opplevde å få blodpropp i lungene, som kan skuldast p-pillene ho brukte. Foto: Privat