Tillitsvald under koronakrisa: «Det siste året har sett engasjementet mitt på prøve»

Ingvild Halderaker (18)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I oktober i fjor var eg veldig spent, stolt og gira. Eg hadde akkurat vorte vald til fylkesleiar for Oslo KrFU, noko eg hadde sett fram til og håpa på kom til å skje.

Ambisjonane var høge, og eg såg for meg ein hektisk og spanande kvardag, kor eg sprang frå møte til møte og fekk lov til å ta i eit tak for saker som er viktige for meg. Vi skulle halde mange arrangement, verve nye medlemmar og løfte Oslo KrFU.

Politikk og organisasjonsarbeid har vorte min fritidsaktivitet. Eg har vorte ein av dei ungdommane med høgt politisk fråvær, fleire tillitsverv og eit brennande engasjement.

Men samstundes: lite vart som eg såg føre meg, då eg begynte å tenkje på å ein dag verte fylkesleiar hausten 2019.

Bekymra for tap av tillitsvalde

Det siste året har verkeleg sett engasjementet mitt på prøve. Trass i dette kjem eg til å stille til attval. Det er mykje eg framleis har lyst til å få gjort, som ikkje har vore mogeleg det siste året.

For det å vere engasjert i tillitsverv under koronakrisa er krevjande.

Noko av det beste med å vere ung og engasjert er alle folka du treffer. Det å kunne møte andre som er like engasjerte som deg, det er det som er gøy og gjevande. Digitale møte er verkeleg ikkje det same.

Kontorpulten min vert no til tider brukt både til heimeskule og organisasjonsarbeid, alt det digitale eg driv med glir over i kvarandre. Og eg kjenner at no er eg skikkeleg lei.

Eg kjenner at no er eg skikkeleg lei

No er årsmmøtesesongen komen godt i gang. Nye styre og tillitsvalde skal verte instilte og valde. Ei av dei største bekymringane eg har fått høyre gjennom engasjementet mitt i UngOrg er at mange av medlemsorganisasjonane våre er bekymra for tapet av tillitsvalde.

Mange fryktar at dei skal slite med å få engasjert nok folk, og at dei som har vorte ein del av organisasjonen under koronakrisa ikkje har sett organisasjonen i normal drift, og at det kan gjere det meir krevjande å styre organisasjonen. Mange er bekymra for korleis dette kan påverke organisasjonane framover.

Vi må ikkje gje oss

Dette er bekymringar eg sjølv også kjenner mykje på. Samstundes har eg også kjent på eit stort ansvar. Eit ansvar for å gjere dei digitale møta gøye, og å halde engasjementet og fylkeslaga oppe. Dette har vore slitsamt, og eg forstår godt at mange kanskje ikkje synest det å ta attval er det mest attraktive akkurat no.

Men eg vil tilrå alle som vurderer om dei skal ta attval eller ikkje, å gjere det.

Lat oss ta eitt år til. Kanskje vi kan få gjennomført dei arrangementa ein har måtta avlyse og utsetje. Vi må ikkje gje oss.

2020 gjekk ikkje som planlagt, men forhåpentlegvis kan 2021 verte eit betre år for barne- og ungdomsfrivilligheita. Men det står ikkje berre på oss. Det er òg viktig at det vert lagt til rette for at frivillige organisasjonar kan gjennomføre sine aktivitetar, og at det vert innført tiltak som gjer den neste styreperioden betre og lettare.

Det fortener alle heltane som står på dag inn og dag ut!


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

Leander Fjeldstad er elevrådsleiar ved H20 Hersleb videregående skole og leier koronakomiteen til elevrådet. Foto: privat