Thea (21) fekk blodpropp i lungene – trur p-pillene har skulda

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det å få blodpropp følest heilt grufullt. Det er dei vondaste smertene eg nokosinne har opplevd.

Det skriv Thea S. Hjelleset i ein e-post til Framtida.no.

Håpte å svima av for å sleppa smertene

For to veker sidan vart 21-åringen innlagd på Stavanger universitetssjukehus med lungeemboli, blodpropp i lungene.

Hjelleset skildrar seg sjølv som ein person med høg smerteterskel, som ikkje har problem med verken tatoveringar eller blodprøvar, men smertene ho opplevde var ekstreme.

– Det føltest utruleg vondt å puste, både normalt og spesielt når ein trekkjer pusten djupt, minnest ho.

– Kvelden kor alt dette skjedde og eg skulle til legevakta sat eg heime på golvet og gret meg i hel, men hadde det så vondt at eg ikkje klarte å trekkja pusten, og smertene blei forverra av det. Det føltest ut som om heile kroppen rett og slett berre stivna, og eg håpte berre på at eg svimte av for å unngå å kjenna på det.

Mistenkte gallestein eller blindtarmsbetennelse

Det var måndag 22. februar at ho vakna opp med smerter i høgre side av brystet, då ho trekte pusten djupt.

Hjelleset tenkte det kunne vere gangsperr, sidan ho hadde sove skeivt og trent overkropp dei to dagane i førevegen.

Men i løpet av dagen vart smertene stadig meir intense, så klokka 03.40 ringde ho legevakta og fekk ein legetime klokka 11 dagen etter.

Legen tok fleire testar og mistenkte først gallestein eller blindtarmsbetennelse, noko det viste seg å ikkje vere. Men smerte ville ikkje gje seg, så Hjelleset måtte ta fleire testar og vart lagt inn på sjukehus natt til onsdag.

Då dei fann blodproppen i lungene fekk ho blodfortynnande, som ho må halde fram med i omlag tre månader for å fjerne blodproppen heilt.

Thea Soraya Risa Hjelleset (21) vil vera open om sine erfaringar med p-piller for å hjelpa andre. Foto: Privat

Mykje biverknadar av prevensjon

I slutten av mai skal Hjelleset tilbake for ei ny vurdering.

– Ved dette besøket får eg også vete meir om blodproppen kom av dei spesifikke pillene, eller om det skuldast gener rett og slett, forklarar 21-åringen.

Ho mistenkjer nemleg at p-pillene ho går på kan vere årsaka til blodproppen i lungene. All hormonell prevensjon som inneheld østrogen aukar risikoen for blodpropp, men risikoen vert betydeleg høgare av prevensjon som inneheld både eit østrogen og eit progestogen.

21-åringen har vore innom p-pillene Microgynon, Mirabella og Loette, samt nokre år med p-stav, før ho enda opp med p-pillene Yasmin.

– Eg har opplevd ein god del biverknadar med andre prevensjonsmiddel, men mykje mindre med Yasmin enn andre. Den største årsaka til at eg har vore gjennom så mange prevensjonsmiddel på 5-6 år, skuldast korleis kroppen min har reagert rett og slett, forklarar Hjelleset.

Det ein ikkje veit…

I oktober-november 2020 byrja ho på Yasmin. Merket er ikkje på Legemiddelverket si liste over anbefalte prevenesjonsmiddel, men Hjelleset fekk pillene anbefalt av gynekolog både som prevensjon og for å dempa menssmerter.

– Som ein ung og «ny» brukar av prevensjon, har ein jo ein god del tillit til profesjonsutøvarar som legar og gynekologar då desse som eit faktum veit best i slike situasjonar, skriv Hjelleset.

Sidan ho er adoptert og ikkje har kjennskap til sjukdomshistorikken til sine biologiske foreldre, er det potensielt viktig informasjon ho ikkje har fått gitt vidare til fagpersonane.

– Legen min og gynekolog har difor alltid tatt dette til vurdering når det kjem til kva form for prevensjon eg skal gå på samt risiko for blodpropp, understrekar ho.

Fram til ho er ferdig greia ut har Hjelleset fått beskjed av legen om å halde seg unna prevensjonsmiddel som inneheld det kvinnelege kjønnshormonet østrogen, som i p-pillene Yasmin.

Medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket, Steinar Madsen. Foto: Legemiddelverket

Legemiddelverket: – Ikkje er noko førsteval

Ifølgje tal frå Legemiddelverket har det vore 78 tilfelle av blodproppar knytt til p-pillebruk i perioden 2011-2020, der ingen har hatt dødeleg utfall.

I 2016 var det heile 12 slike blodproppar, medan det i åra etter var mellom tre og fire, før det i 2020 gjekk opp til åtte.

Medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket, Steinar Madsen, fortel om ein tydeleg nedgang i alvorlege biverknadar som følgje av p-pillebruk dei siste ti åra.

– Det som har skjedd er at me har sett ei kraftig auke i bruken av minipiller, p-stav og hormonspiral. Ingen av desse gjev auka risiko for blodpropp, det er det berre p-piller som gjev, forklarar Madsen på telefon til Framtida.no.

Fagdirektøren påpeikar at alle prevensjonsmiddel har sine fordelar og ulemper, men at Legemiddelverket rår unge kvinner til å i større grad gå over til langtidsverkande prevensjonsmiddel, fordi det er mykje sikrare enn p-piller.

Det er likevel ikkje alle p-piller som har like stor risiko for blodpropp og sidan 2010 har Legemiddelverket hatt ein kampanje for å få kvinner til å gå over til p-piller med lågare risiko.

– Yasmin er ei p-pille med høgare risiko enn dei fleste andre. Ein kan bruke Yasmin, men vår anbefaling er at det ikkje er noko førsteval, understrekar Madsen.

Prevensjonsmyter

Samstundes ser Madsen at nokre prevensjonsmytar er seigliva, som forteljinga om at ein må ta «pause» frå prevensjon for å la kroppen «nullstille seg».

Slike prevensjonspausar aukar risikoen for uønskt graviditet, men òg risikoen for blodpropp.

– Når det gjeld risikoen med p-piller, så er han størst dei første seks månadane, før han fell ein god del. Om ein stansar og byrjar på nytt får ein denne oppstartsrisikoen ein gong til. Ein bør ein halde fram med prevensjon samanhengande, utan opphald, til ein eventuelt vil ha barn, avsluttar Madsen.

Bayer anbefalar hormonspiral eller p-stav

Kommunikasjonssjef i Bayer i Noreg, Frode Nakkim. Foto: Privat

– Bruk av kombinasjonspiller som dette kan innebera ein auka risiko for blodpropp. Det er ein kjent, men sjeldan biverknad, som alle kvinner skal informerast om frå lege eller andre som skriv ut resept.

Det seier kommunikasjonssjef i Bayer i Noreg, Frode Nakkim. Bayer produserer p-pillene Yasmin og Yasminelle, men har òg hormonspiralar i katalogen sin.

– Kombinasjonspiller er dokumentert trygge og effektive når dei vert brukt i tråd med bruksanvisninga. Det skjer at kvinner som bruker kombinasjonspiller får blodpropp, men det er veldig sjeldan, seier Nakkim.

Han peikar på at alle legemiddel med ein verknad òg kan ha ein biverknad, og at det er svært viktig at både kvinna og legen er merksame på dette.

Selskapet støttar seg til myndigheitene si tilråding om at langtidsverkande prevensjon, som hormonspiral og p-stav, er sikrare enn kombinasjonspiller.

– Gestagen, som er i hormonspiral og p-stav, fører ikkje til auka risiko for blodpropp. Me freistar å bidra til meir informasjon om at langtidsverkande prevensjon kan vere å føretrekkje. Dette er noko underkommunisert i Noreg, ikkje minst opp mot unge kvinner. For mange kvinner vil dette vere ei god løysing, særleg om ein har vanskar med å hugse å ta pillene kvar dag.

Livsviktig openheit

Etter den alvorlege hendinga har Hjelleset lagt ut eit innlegg på ei Facebook-gruppe for jenter der ho rår andre til å vere open om bruk av prevensjonsmiddel, fordi det rett og slett kan redde liv.

– Eg synest det er så utruleg viktig at andre unge jenter der ute faktisk er klar over risikoen og kva du skal sjå etter om faren først er ute, forklarar Hjelleset og legg til:

– Det er endå viktigare for meg at adopterte unge, eller andre unge som er uvitande om familiehistoria si er ærlege om dette til lege/helsesjukepleiar/gynekologen sin for at dei skal unngå å hamne i same situasjon.

Ho understrekar at ein ikkje treng gå med en lapp i panna der det står at ein brukar prevensjonsmiddel, men at ein bør vere open med dei næraste og helsepersonell.

Thea S. Hjelleset rår andre til å snakka med foreldre eller familie om sjukdomshistorikk i familien før ein startar med prevensjon, slik at ein kan gje all naudsynt informasjon.

– Det å halde det skjult og risikere å bli alvorleg sjuk av det, er noko som absolutt ikkje anbefalast, forklarar ho.


Sofia Brustad-Johnsen (24). Foto: Privat

Råd for å unngå blodpropp

  • Blodpropp er ein sjeldan biverknad av kombinasjonspiller.
  • Risikoen for blodpropp er størst dei første 6-12 månadane etter at du starter med ei ny kombinasjonspille.
  • Minipiller og p-piller med progestogen gjev ikkje aukt risiko for blodpropp.
  • Bruk p-pilla fast og unngå unødige pausar.
  • Ikkje skift merke om du er nøgd med p-pilla du bruker.
  • Ikkje lån p-piller av andre.
  • Unngå røyking.

Kjelde: Helsenorge.no