Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er veldig glad for å sjå at Raudt har blitt med på kampen, og at vi som eit radikalt parti har tort å ta det enda eit steg vidare og går inn for allmenn stemmerett for 16-åringar. Punktum. Ikkje noko stemmerett berre i lokalval eller i forsøk.

Det seier leiar i Raud Ungdom, Alberte Tennøe Bekkhus, på telefon til Framtida.no.

Ho er framleis i gledesrus etter at dei på partiets landsmøtet i går fekk gjennomslag for stemmerett for 16-åringar. Iniativet kom frå ungdomspartiet som føreslo vedtaket i arbeidsplankomiteen.

– Det var i utgangspunktet tatt ut ein dissens på det og kome eit forslag som handla om å redusere stemmeretten til berre kommuneval. Så det har vi kjempa mot, og no har vi fått gjennomslag, seier Bekkhus og legg til:

– Det er ein gladdag i RU!

Rett og rimeleg

– 16-åringar er helsemessig myndige, dei kan straffast etter lovene i samfunnet, dei betalar skatt viss dei har jobb, og ikkje minst så er det dei som vil leve lengst med dagens politikk, seier Bekkhus og konstaterer:

Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkhus er glad for å ha fått gjennomslag for allmenn stemmerett for 16-åringar på Raudts landsmøte. Pressefoto

– Det er dagens 16-åringar og framtidas 16-åringar som verkeleg vil kjenne konsekvensane av han.

Raud Ungdom-leiaren meiner det då berre er rett og rimeleg at 16-åringar får vere med å påverke politikken på nasjonalt nivå.

– Kven var det som var klimastreikarar og som utgjorde flesteparten i dei store BLM-demonstrasjonane? 16-åringar engasjerer seg verkeleg, og engasjementet er aukande. Då må dei også få ei plattform.

Ho understrekar at det også er ein del av ei større demokratisk utviding og ein politisk tradisjon der ein historisk har gitt stemmerett til fleire grupper.

– Det er også viktig for å ha et breiare demokrati der fleire stemmer slepp til.

Politisk usemje

I det politiske landskapet i Noreg er det ulike ståstadar når det kjem til spørsmålet om stemmerett for 16-åringar.

SV er for, og stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård la i juni 2020 fram eit grunnlovsforslag om senke stemmerettsalderen.

AUF uttalte til Framtida.no i fjor sommar at dei vil jobbe for at Arbeidarpartiet skal gå inn for å senke stemmerettsalderen ved lokalval.

FpU var på si side kritisk til stemmerett for 16-åringar, og spurte kva som stoppar oss frå å senke han til 15 eller 14. Også Unge Høgre og Høgre vil halde på stemmerett for 18-åringar. 

Innad i KrFU var det usemje under haustens landsmøte. Programkomiteen gjekk inn for å halde på stemmerettsalderen, men blei møtt av motforslag om å utvide stemmerettsalderen ved lokalval, og om la 16- og 17-åringar stemme ved både lokal- og stortingsval.

Første nestleiar i KrFU, Hadle Rasmus Bjuland, meiner stemmerettsalder bør følgja valbarheit- og myndigheitsalder. Foto: KrFU

– Stemmerett bør følgje myndigheitsalder. Ein må setje grensa ein plass og når ein er 18 år meiner samfunnet at ein kan ta vare på seg sjølv, sa første nestleiar i KrFU, Hadle Rasmus Bjuland, til Framtida.no då.

RU-leiar Bekkhus meiner ein har kome med slike argument kvar gong ein har sett ned stemmerettsalderen.

– Men eg synest det er dårlege argmuent. Forsøk på stemmerett for 16-åringar viser at det ikkje er sånn at dei stemmer likt med foreldra sine. Det er heller ikkje sånn at 16-åringar stemmer veldig mykje meir radikalt enn det dei vaksne gjer. Og ikkje minst så fører det jo til auka politisk bevisstheit.

Ikkje mogleg til hausten

I mai i fjor kom vallovutvalet med si innstilling til ny vallov. Fleirtalet vil la 16-åringar stemme ved lokalval, medan mindretalet også vil la dei stemme ved stortingsval.

Dersom Raudt skal få det om dei vil, og at 16-åringar skal få stemme ved stortingsval, må det ei grunnlovsendring til. Det betyr at saka må løftast og vedtakast i to ulike stortingsperiodar.

Det blir altså ikkje ei moglegheit for 16-åringane å stemme ved haustens stortingsval.

– Men vi ser at det blir større og større oppslutning om det, og det er positivt, seier Raud Ungdom-leiaren.


Programleiar Andreas Wahl overraska elevane på Lillestrøm videregående skole onsdag morgon. Foto: Eirik Helland via Urkeappworks2010/Wikimedia Commons/CC BY 2.0