Forsøket på manipulasjon av skulevalet viser at me treng stemmerett for 16-åringar


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

– Me har prøvd beinhardt å påverka dykk. Me har brukt pengar og arbeidstid, fortalde programleiar for NRK-programmet Folkeopplysningen, Andreas Wahl, til elevane ved Lillestrøm vidaregåande skule.

Det blei eit sjokk for ungdommane, og eit sjokk for det politiske Noreg.

Statskanalen hadde prøvd å manipulera eit skuleval med falske nyhende og falske profilar. Ungdomspolitikarane meiner NRK gjennom forsøket nedvurderer skulevalet til eit leikeval.

Og ikkje nok med det: Ved skulen er det fleire hundre elevar med stemmerett i det verkelege kommune- og fylkestingsvalet som har blitt utsette for manipulerande påverknad i eit halvt år.

Begge deler er grovt. NRK burde ikkje leika slik med demokratiet – og det er ingen grunn til å nedvurdera skuleval på ein slik måte som NRK har gjort her.

LES OGSÅ: Senterungdommen: – Djupt sjokkert!

Elevar med kritisk sans

Men legg det til side ei lita stund.

NRK har gjort noko dei ikkje burde. Elevane har gjort det langt betre.

For kva skjedde i valet? Senterpartiet gjekk fram frå 2 prosent oppslutnad i 2017 til 3,1 prosent oppslutnad no i år, ein auke i tråd med landssnittet, trass massive forsøk på manipulasjon frå statskringkastaren.

Kva sa elevane til forsøket? Fleire av dei har sagt til NRK og VG at eksperimentet har vore ein positiv tankevekkar. Fleire av dei har òg fortalt at det var fleire ting som skurra når det plutseleg dukka opp mange Trygve Slagsvold Vedum-memes og ein manipulert ulv i skulegarden og ein rar video der påverkaren Kristine Ullebø kommenterte ulvevideoen.

Mange elevar har vist sunn kritisk sans og har vore vanskelege å påverka.

Lillestrøm-elevane er ikkje åleine

Rektoren på Lillestrøm vidaregåande skule blei med på eksperimentet til NRK fordi han meinte det er god lærdom i dette. Men det er ikkje berre Lillestrøm-ungdommane som lærer kjeldekritikk og utviser kritisk sans.

Ei undersøking frå Medietilsynet som blei lagt fram rett før sommaren viser at unge under 30 år er best på å avsløra falske nyhende. Unge bruker meir avanserte digitale metodar enn eldre, og dei skil seg ut med høg kritisk forståing.

Rett skal vera rett, Medietilsynet meiner òg det er behov for meir tiltak for unge: Dei yngste er meir opptatt av spesifikke tema og bruker mindre tid på norske redaktørstyrte medium. Det kan gjera unge meir sårbare, sjølv om dei ofte har gode digitale ferdigheiter. Å bruka litt meir tid på redaktørstyrte media er sunt – i alle fall så lenge dei sluttar seg allmenne presseetiske reglar og ikkje driv med målmedviten manipulasjon.

Eldre viser sjeldnare kritisk sans

Men Medietilsynet ser ut til å vera mest bekymra for dei eldre. Mange over 60 år har lågare digitale evner som igjen påverkar den kritiske medieforståinga.

Eldre har lågast forståing av kva for digitale aktivitetar som påverkar innhaldet ein blir eksponert for på eiga Facebook-side.

Berre tre av ti over 60 år klarer å kjenna igjen alle kjelder i eit google-søk og halvparten av dei over 60 kjente ikkje igjen eller var usikre på om ei nyhende var falsk.

Falske nyhende utfordrar demokratiet

Etter at rapporten til Medietilsynet blei lagt fram i slutten av mai, uttala kultur- og medieminister Trine Skei Grande at falske nyhende er ei stor demokratisk utfordring. Det er stor semje i politikken om at falske nyhende er ein stor trussel for demokratiet.

Falske nyhende var eit stort problem i den amerikanske valkampen i 2016 der Donald Trump enda opp med å bli president. Mueller-rapporten avdekkjer at Russland manipulerte den amerikanske valkampen systematisk gjennom sosiale medium og gjennom å stela digitale dokument frå Clinton-kampanjen.

Trump vann valet med eit fleirtal blant dei eldste veljarane. Hadde fleire av dei unge brukt stemmeretten sin, så hadde valresultatet sett heilt annleis ut.

LES OGSÅ: Frank Aarebrot: – Eldre veljarar er ekle, egoistiske bandittar

Ungdom vil utvida demokratiet og sikra det

Det er grunn til å spørja: Kan det vera ein idé å la fleire unge få stemma? Når ungdom er så pass mykje betre rusta mot falske nyhende enn eldre veljarar, så kan dei vera med på å motverka effektane av manipulasjon. Dess fleire eit demokrati inkluderer, dess betre vil demokratiet vera verna mot manipulasjon.

Salige professor Frank Aarebrot har tatt til orde for å la 12-åringar få stemma, for å demma opp for eldrebølgja. Fleire og fleire land har allereie opna for stemmerett for 16-åringar. 16-åringar bur heime og bruker i større grad stemmeretten enn dei litt eldre ungdommane som ofte nettopp har flytta heimefrå.

Dei som stemmer har større sannsyn for å stemma igjen, og dermed bidra til å halda oppe høg valdeltaking. Med ei høg valdeltaking vernar ein demokratiet betre mot manipulasjon.

Det er over 40 år sidan demokratiet vårt blei utvida med å inkludera 18-åringane. No er det på tide med stemmerett for 16- og 17-åringar!

LES OGSÅ: Er grensa på 18 år så katastrofal som det blei åtvara mot?