Vil endra Grunnlova: – Det er nesten eit klimatiltak

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 12.08.2020 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil endra Grunnlova: – Det er nesten eit klimatiltak

I mai vart det klart at vallovsutvalet for fyrste gong går inn for 16-årsaldersgrense ved demokratiske val i Noreg. 

Fleirtalet vil la 16-åringar stemme ved lokalval, medan mindretalet vil la dei stemme ved stortingsval.

I grunngjevinga skriv utvalet at:

«Dette vil gi ungdom praktisk erfaring med demokrati, noe som kan øke framtidig valgdeltakelse. Fylkestingene og kommunestyrene behandler mange saker som angår ungdom, og som ungdom bør få mulighet til å påvirke gjennom stemmeseddelen. Flertallet vil ikke senke stemmerettsalderen ved stortingsvalg.»

Legg fram grunnlovsforslag

Fredag, på siste Stortingsmøte før sommaren, legg Freddy André Øvstegård (25), stortingsrepresentant for Østfold (SV), fram eit grunnlovsforslag om å gi stemmerett til 16- og 17-åringar.

– Eg meiner det er på tide å utvikle demokratiet til å også gjelde dei over 16 år. Det er særleg aktuelt på grunn av innstillinga til vallovsutvalet. No er augneblinken her.

I motsetnad til vallovsutvalet går forslaget hans ut på at den senke aldersgrensa skal gjelde for alle val, ikkje berre lokalval. Likevel vil det bli for knapp tid til å behandle saka, for at det skal kunne gjelde for stortingsvalet 2021.

For å senka stemmerettsalderen ved stortingsval må det ei grunnlovsendring til, noko som må behandlast og godkjennast med 2/3 fleirtal i to ulike stortingsperiodar.

Å endra paragraf § 2-2 i vallova, som regulerer stemmeretten ved kommune- og fylkestingsval, er på si side mykje mindre omfattande og kan endrast ved eit simpelt fleirtal i Stortinget.

Trur på breiare oppslutning framover

Forslag om å senke stemmerettsalderen har tidlegare vore diskutert mykje, men har ikkje hatt fleirtal på Stortinget. No augnar Øvstegård håp.

– Eg trur moglegheita har blitt større no. Ikkje berre fordi vallovsutvalet hadde eit breitt fleirtal, men ikkje minst på grunn av klimastreikane med ungdom som me har sett det siste året. Dette har avliva myten om at unge ikkje er engasjerte eller tek ansvar for framtida. Tvert imot har dei unge vist meir ansvar enn vaksne ved å streike for framtida vår. No skal dei unge ikkje berre få ein klapp på skuldra og takk for engasjementet, men reell makt og påvirking ved val.

Han trur at dersom det ikkje blir fleirtal, vil det likevel bli eit større fokus for partia framover.

– Eg trur at Stortingsvalet 2021 vil vise at veljarane vil støtte parti som vil senke stemmerettsalderen. No må dei fleste ha sett at ungdom er klare.

– Nesten eit klimatiltak

Dersom unge slepp til valurnene allereie frå 16-årsalderen trur ikkje Øvstegård me vil sjå store endringar i partival, med unnatak av eitt område:

– Ungdoms partival har blitt mykje likare partivalet til befolkninga elles dei siste åra. Men med eitt tydeleg unntak: unge stemmer i større grad på klima- og miljøparti, enn det eldre gjer. Så parti som løftar det høgt som SV og fleire, vil gjere det bra blant unge veljarar.

Han trur det også kan bety at fleire parti vil velje å prioritere klima- og miljø, når dei veit det er nokre av sakene unge er mest opptekne av.

– Det er nesten eit klimatiltak å innføre stemmerett for 16 åringar.

Verken vallovsutvalet eller forslaget til Øvstegård går inn for å senke aldersgrensa for kven som kan stille til val, slik at ein framleis må vere myndig for å bli valt inn i kommune- eller fylkesting.

Under klimastreiken 30. august 2019 brukte dei unge stemma si slik dei kan framfor Stortinget. Foto: Ingvild Eide Leirfall.