Tvilar på at Høgre vil opna for stemmerett for 16-åringar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

27-åringen er mellom dei yngste på Stortinget, og sit i programkomiteen til Høgre.

– Eg meiner aldersgrensa me har i dag står seg. Som i dag har ein mange kanalar der ein kan delta og det er fullt mogleg å delta i politisk arbeid gjennom til dømes ungdomsråd som me no har lovfesta.

Då Vetle Wang Soleim var leiar i ungdomsrådet på Smøla gjekk han inn for å la 16- og 17-åringar stemma i forsøket med stemmerett i lokalvalet i heimkommunen.

Neppe diskusjon i partiet

Vetle Wang Soleim skal vera med på å leggja fram forslag til nytt partiprogram før stortingsvalet til neste år. Han trur ikkje det blir diskusjon i partiet om stemmerett for 16-åringar.

– Her er Unge Høgre på linje med Høgre om å halda på stemmerett for 18-åringar, seier stortingsrepresentanten til Framtida.no.

Først for innføring for 18-åringane

Då Høgre la fram stortingsvalprogrammet sitt hausten 1976, så var partiet det første som ville programfesta stemmerett for 18-åringar, ifølgje VG 12. november 1976.

– Det visste eg ikkje, men eg vil seia at det var bra at Høgre gjekk inn for dette. Det var sikkert omdiskutert den gongen, men no har det vist seg å stå seg, seier Wang Soleim til Framtida.no.

Astrid Willa Eide Hoem

Astrid Willa Eide Hoem er nestleiar i AUF. Foto: Bernt Sønvisen, Arbeidarpartiet

Både Høgre og Unge har vore motstandarar av å senkja stemmeretten ytterlegare, men AUF vil jobba for at Arbeidarpartiet skal gå inn for å senka stemmerettsalderen ved lokalval.

– 16-åringar kjenner miljøet i kommunen og fylkeskommunen betre enn mange 40-åringar. Dei går på vidaregåande skule, bruker kultur- og fritidstilbod i kommunane og ser om bussane ikkje går nok eller er for dyre, sa AUF-nestleiar Astrid Willa Eide Hoem på telefon til Framtida.no førre veke.

Skeptisk til skilje mellom valbarheitsalder og stemmerettsalder

Eit fleirtal i vallovutvalet gjekk nyleg inn for å la 16-åringar få stemma i kommune- og fylkestingsval. Fleirtalet gjekk samstundes mot å la 16-åringar få stilla til val. Dermed kan det bli forskjell på stemmerettsalder og valbarheitsalder.

FpU meiner stemmerettsalder bør følgja valbarheitsalder. Der er dei på linje med Høgre-representant Vetle Wang Soleim.

– Eg er ganske skeptisk til å ikkje ha same stemmerettsalder som valbarheitsalder. Eg kan ikkje skjøna at ein ikkje skal kunne stilla til val viss ein skal få lov til å stemma. Å starta å dela opp på nytt er ulogisk, seier han.