FpU kritisk til stemmerett for 16-åringar: – Kva stoppar oss frå å senke den til 15 eller 14?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stemmerett bør følgje myndigheitsalder, og den er på 18 år. Er det riktig at ein skal kunne bestemme korleis kommunen skal styrast, men ikkje ha lov til å køyre bil, kjøpe alkohol og ta opp lån?

Det seier leiar i Framstegspartiets Ungdom, Bjørn-Kristian Svendsrud, i ei pressemelding sendt til Framtida.no.

I går leverte Vallovutvalet sin rapport Frie og hemmelige valg – ny valglov til kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Eit klårt fleirtal av dei 18 medlemmane går inn for å senka stemmerettsalderen til 16 år ved kommune- og fylkestingsval.

FpU: – Inkonsekvent

I grunngjevinga skriv utvalet at:

«Dette vil gi ungdom praktisk erfaring med demokrati, noe som kan øke framtidig valgdeltakelse. Fylkestingene og kommunestyrene behandler mange saker som angår ungdom, og som ungdom bør få mulighet til å påvirke gjennom stemmeseddelen. Flertallet vil ikke senke stemmerettsalderen ved stortingsvalg.»

Utvalet går ikkje inn for å senka aldersgrensa for kven som kan stille til val, slik at ein framleis må vere myndig for å bli valt inn i kommune- eller fylkesting.

FpU-leiaren meiner det er ein merkeleg konklusjon av utvalet.

– Vallovutvalet ønskjer å opne opp for at ein kan stemme som 16-åring, men ikkje stille til val før ein er 18. Det meiner eg er inkonsekvent, seier han.

Mina Vinje Press

Mina Vinje, leiar i Press. Foto: Press

Press: – Demokratiet handlar ikkje om kunnskap

Press-leiar Mina Vinje var blant dei som i går jubla over nyheita og håper at endringane berre er byrjinga på å opne demokratiet endå meir.

– Ein høyrer ofte at unge ikkje har nok kunnskap og erfaring, men val handlar om demokrati. Når du er 16 år kan du betala skatt og dømmast. Å delta i demokratiet handlar ikkje om kunnskap og erfaring, men at ein har ein rett til å bli høyrt og vera ein del av samfunnet, understrekar Vinje til Framtida.no.

Ho meiner at å opna demokratiet berre er positivt og peikar på kontroversen om å gje kvinner stemmerett.

Les også: Førstegongsveljarar: – Viktig å bruka stemmeretten!

FpU: – Det må settast ei grense ein stad

Leiar i Framstegspartiets Ungdom, Bjørn-Kristian Svendsrud. Pressefoto

FpU-leiar Svendsrud peikar på si side på korleis stemmerettsalderen har vorte sett ned i fleire omgangar før og fryktar at grensa kan verte sett ytterlegare ned.

– Fram til og med då me fekk allmenn stemmerett var aldersgrensa 25 år. Sidan den gong har ein gradvis opna opp for yngre aldersgrupper, fram til den i 1978 blei 18 år. Me meiner at det må settast ei grense ein stad. Om den vert sett til 16 no, kva stoppar oss frå å senke den til 15 eller 14 om nokre år?

Les også innlegget frå redaktør Svein Olav Langåker: Forsøket på manipulasjon av skulevalet viser at me treng stemmerett for 16-åringar

Programleiar Andreas Wahl overraska elevane på Lillestrøm videregående skole onsdag morgon. Foto: Eirik Helland via Urkeappworks2010/Wikimedia Commons/CC BY 2.0