Jublar for innstilling om stemmerett for 16- og 17-åringar: – Eit stort gjennomslag for demokratiet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 19.04.2021 09:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg håpar at det er 16-åringar som stemmer ved neste lokalval, seier Sofie Høgestøl.

Venstre-politikaren er ein av dei 18 medlemmene i Vallovutvalet som dei siste tre åra har jobba med eit forslag til ny vallov.

I dag overleverer utvalet sin rapport Frie og hemmelige valg til kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Auka valdeltaking og medverknad

På førehand har inndelinga av valdistrikt fått mykje merksemd, men eit anna av dei sentrale elementa er at utvalet med eit klart fleirtal går inn for stemmerett for 16-åringar ved lokalval.

I grunngjevinga skriv utvalet at:

«Dette vil gi ungdom praktisk erfaring med demokrati, noe som kan øke framtidig valgdeltakelse. Fylkestingene og kommunestyrene behandler mange saker som angår ungdom, og som ungdom bør få mulighet til å påvirke gjennom stemmeseddelen. Flertallet vil ikke senke stemmerettsalderen ved stortingsvalg.»

Utvalet går ikkje inn for å senka aldersgrensa for kven som kan stille til val, slik at ein framleis må vere myndig for å bli valt inn i kommune- eller fylkesting.

– Det er kanskje færre unge som er interesserte i politikk. Men eg synest det er viktig å bruka stemmeretten, seier Even Vinsjevik Ervik (18). Foto: Svein Olav B. Langåker

Greta Thunberg har ikkje stemmerett

Som yngste deltakar i utvalet følte Høgestøl eit ekstra ansvar for å løfta saka om stemmerett for unge.

Jurist og Venstre-politikar Sofie Høgestøl er førsteamanuensis ved Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

– Eg tenkjer at tida er moden. Det er så enkelt at 16-åringar er modne nok for å delta i vårt demokrati, seier 34-åringen, som gjerne skulle hatt med ein ungdomsrepresentant i Vallovutvalet.

Ho meiner at saka har fått god hjelp av gode enkeltdøme, som Maud Angelica Behn sin rørande tale til far sin i gravferda, og særleg klimarørsla.

– Greta Thunberg har ikkje stemmerett endå. Det er rart at ein kan starta ei verdsomspennande rørsle, men ikkje stemme. Me har sett ungdommar som står utanfor Stortinget som ber oss om å lytte – og det skal vi, ved å la dei få stemme.

Svenske Greta Thunberg har engasjert ungdommar verda over til å streika for klimaet. Foto: Anders Hallberg

Auka valdeltaking med lågare stemmerettsalder

Høgestøl håpar på eit løft for lokaldemokratiet og viser til forsking frå land som har senka stemmerettsalderen. I boka Lowering the Voting Age to 16: Learning from Real Experiences Worldwide, som norske Johannes Bergh er medredaktør for, skriv Mark Franklin om utviklinga i fem land som har senka stemmerettsalderen.

Tala frå Argentina, Brasil, Ecuador, Nicaragua og Austerrike viser at dei som fekk stemmerett som 16-åringar hadde 5-6 prosent høgare valdeltaking ved seinare val, enn dei som fekk stemmerett som 18-åringar.

Forsøk med stemmerett for 16-åringar i 20 norske kommunar førte òg til at fleire unge vart vald inn i kommunestyra, skriv Bergh i Aftenposten.

– Kjempeviktig med representasjon

– Dei stemmer meir seinare seinare i livet, dessutan er det kjempeviktig med representasjon, oppsummerer Haugestøl.

Venstre-politikaren meiner det er viktig å skapa gode demokratiske vanar tidleg i livet og at å gje ungdommar stemmerett medan dei framleis går på vidaregåande skule og bur heime er ein god måte å gjera det på.

Eit lite mindretal i utvalet gjekk òg inn for å utvida stemmeretten ved stortingsval. Ei slik endring ville ha kravd ei grunnlovsendring, noko som betyr at saka måtte løftast og vedtakast i to ulike stortingsperiodar.

Å endra paragraf § 2-2 i vallova, som regulerer stemmeretten ved kommune- og fylkestingsval, er på si side mykje mindre omfattande og kan endrast ved eit simpelt fleirtal i Stortinget.

Høgestøl håpar difor instillinga frå Vallovutvalet går fort gjennom departementet, slik at ei eventuell lovendring kan trå i kraft allereie ved lokalvalet 2023.

Ifølgje NRK.no har stemmerett for 16-åringar ved lokalval neppe fleirtal i Stortinget i dag.

Mina Vinje Press

Mina Vinje er leiar i Redd Barnas ungdomsorganisjon – Press. Foto: Press

Press: – Eit stort gjennomslag

Press-leiar Mina Vinje tykkjer det er kjempepositivt at utvalet går inn for stemmerett for 16-åringar ved lokalval.

– Me er jo kjempeglade for dette og tenkjer at dette er eit stort gjennomslag både for oss, demokratiet og barn og unge, seier ho på telefon til Framtida.no.

No håpar leiaren i Redd Barna sin ungdomsorganisasjon Press at Stortinget følgjer opp saka.

– Stemmerett er den einaste måten einaste måten ein direkte kan vere med å påverke kven som styrer landet. Det er viktig at barn og unge blir høyrde. Det er dei som må leve lengst med konsekvensane, dei er ein del av samfunnet, men har ikkje moglegheit til å vere med å bestemme, understrekar Vinje.

Ho viser også til studiane som viser at lågare stemmerettsalder fører til høgare valdeltaking.

– Val handlar om demokrati

– Ein høyrer ofte at unge ikkje har nok kunnskap og erfaring, men val handlar om demokrati. Når du er 16 år kan du betala skatt og dømmast. Å delta i demokratiet handlar ikkje om kunnskap og erfaring, men at ein har ein rett til å bli høyrt og vera ein del av samfunnet, understrekar Vinje.

Ho synast at å senka stemmerettsalderen ved kommune- og fylkestingsval er ein god start, men håpar på meir.

– Å opna demokratiet er berre positivt. Ein kan tenkja på at det òg var kontroversielt å gje kvinner stemmerett, men det viste seg å vera utelukkande positivt.

Vallovutvalet

  • Utvalet vart sett 21. juni 2017
  • Utvalet har sett på vallova og vurdert endringar i vallordninga, samt moglegheitene for å klage ved val
  • Utvalet er set saman av ni politikarar (ein frå kvart parti på Stortinget) og ni fagfolk og er leia av lagdommar Ørnulf Røhnebæk
  • Vallova skulle levert si utgreiing til Kommunal- og moderniseringsdepartementet innan 31. desember 2019, men fristen vart utsett til 31. mai 2020