KrFU-usemje om stemmerettsalder: – Må setje grensa ein plass

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stemmerett bør følgje myndigheitsalder. Ein må setje grensa ein plass og når ein er 18 år meiner samfunnet at ein kan ta vare på seg sjølv.

Det seier første nestleiar i KrFU, Hadle Rasmus Bjuland. Han er leiar i programkomiteen som før landsmøtet har gått inn for å bevara stemmerettsalderen slik han er i dag.

Han meiner det vert eit paradoks dersom 16-17-åringar kan stemme ved val, der dei sjølv ikkje er gamle nok til å stille.

Bjuland peikar på at ein sjølvsagt kan diskutera å senkja aldersgrensa for når ein kan stille til val, men meiner det ikkje er rett at personar som ikkje er myndige skal ta så viktige avgjerder som påverkar andre folk sine liv.

Bør stemmerettsalderen senkast til 16 år?

Bør stemmerettsalderen senkast til 16 år?

Ja, ved både lokal og stortingsval21
Ja, men berre ved lokalval8
Nei, grensa bør framleis vere 18 år53
Veit ikkje3
Svar totalt: 85

Erfaringane frå stemmerettsforsøket

I mai i år kom vallovutvalet med si innstilling til ny vallov. Fleirtalet vil la 16-åringar stemme ved lokalval, slik ein har forsøkt i enkelte kommunar ved to ulike lokalval, medan mindretalet også vil la dei stemme ved stortingsval.

20 år gamle Bjuland kjem frå Hå i Rogaland, som er ein av kommunane som deltok i forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar ved lokalvala i 2011 og 2015.

I 2011 var valoppslutninga i aldersgruppa 57,8 prosent, medan det fire år seinare var 57 prosent.

– Ein såg at valdeltakinga for 16- og 17-åringar gjekk ned frå 2011 til 2015. Det vart ikkje mykje, men hadde det vore eit vellukka prosjekt hadde valdeltakinga auka, meiner 1. nestleiaren i KrFU.

Bjuland, som sjølv har vore engasjert i KrFU sidan han var 13 år gamal, understrekar at ungdomsengasjement og politisk modnad kan kome lenge før ein er 18 år.

– Det er mange andre måtar å påverke samfunnet på. Ein kan engasjere seg i ein politisk ungdomsorganisasjon eller gå gjennom media, så eg trur at stemmerettsalderen har ei naturleg grense.

Leiaren vil utvide stemmeretten

Etter at programkomiteen kom med forslaget om å halde på stemmerettsalderen kom det to motforslag: eitt som vil utvide stemmerettsalderen ved lokalval og eitt som vil la 16- og 17-åringar stemme ved både lokal- og stortingsval.

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland er innstilt til eit nytt år som leiar ved landsmøtet og er sjølv for stemmerett for 16-åringar ved lokalval til fylkesting og kommunestyre.

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland er innstilt til ein ny periode som leiar, og meiner det er på tide å la 16-åringar stemme ved lokalval. Pressefoto

– Det fordi det er mykje politikk som vert vedteke der som angår ungdom spesifikt, som skulepolitikk, helse og fritid, seier Haukland.

Ho tykkjer at funna etter prøveordninga med stemmerett for 16-åringar ved lokalval er spanande, men er meir avventande når det kjem til å senka stemmeretten ved stortingsval.

– Det er ei lovgjevnade forsamling, så det er ikkje heilt overførbart. Men det skal vere ein debatt før vedtaket, så eg er open for å la meg overbevisa, seier KrFU-leiaren.

Vil utvida stemmeretten ved stortingsval

For å endre stemmeretten ved kommune- og fylkestingsval er det tilstrekkeleg med eit simpelt fleirtal på Stortinget.

Om stemmeretten ved stortingsval skal endrast må det ei grunnlovsendring til, noko som krev 2/3-delar fleirtal når meir enn 2/3-delar av representantane er tilstades. I tillegg må endringane behandlast og vedtakast i to ulike stortingsperiodar.

Elina Totland sit i landsstyret til KrFU og meiner det er på tide å utvide stemmeretten både ved lokal- og stortingsval. Foto: Privat

Ein av KrFU- delegatane som vil utvida stemmeretten for 16- og 17-åringar til også å gjelde stortingsval er landsstyrerepresentant Elina Totland.

– Ungdom skal ikkje berre bli representert lokalt, men også nasjonalt. Då må 16-åringar få lov til å stemme på dei som skal representere seg, skriv Totland i ein e-post til Framtida.no.

Ho peikar på at det er ungdommen som skal leve lengst med politikken som vert vedteke og meiner difor dei bli høyrde på både lokalt og nasjonalt nivå.

– 16-åringar kan i dag bli straffa for sine handlingar, betale skatt, øvingskøyre samt ta lappen på moped, lettmotorsykkel og traktor. Om me kan vise 16-åringar tillit til å køyre på norske vegar kan me også vise dei tillit ved val, avsluttar ho.

Programleiar Andreas Wahl overraska elevane på Lillestrøm videregående skole onsdag morgon. Foto: Eirik Helland via Urkeappworks2010/Wikimedia Commons/CC BY 2.0