Ni saker som gjev deg trua på likestilling mellom kjønna

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framleis er det slik at den store majoriteten av verdas statsleiarar er menn, kvinner får mindre betalt og heile ni av ti har kjønnsfordommar mot kvinner.

Her er eit knippe gladsaker frå arkivet:

1. Kvinner står opp for menneskerettar i Aust-Europa: – Dei let seg ikkje kneble

I 2019 hadde Den norske Helsinforskomité ein kampanje, der dei løfta fram tolv kvinnelege menneskerettsforkjemparar frå ulike europeiske land.

Illustrasjonar: Jenny Jordahl. Sett saman av Framtida.no

– Dei torer, dei let seg ikkje kneble og det er veldig inspirerande. Dei finn seg ikkje i den handsaminga dei får, og står på barrikadane sjølv om det inneber ein stor risiko, fortalde avdelingsleiar hjå Helsingforskomiteen, Mina Wikshåland Skouen, til Framtida.no i fjor.

Bli litt betre kjend med mellom andre russiske Lena, som kjempar for at dei usynlege LHBTQI-ungdomane skal verte synlege; armenske Gohar, som går i bresjen for feminisme i heimlandet; og aserbajdsjanske Khadija, som står imot utpressing for å løfte sanninga fram i lyset.

2. TIME med 100 kvinnecover tilbake til 1920

Fram til 1999 kåra TIME berre «Årets mann», men i fjor løfta bladet kvinnene dei hadde oversett fram i lyset og kåra «Årets kvinne» frå kvart av dei siste 100 åra.

Øvst frå venstre: Dronning Soraya Tarzi, skodespelar Anna May Wong, forfattar Virginia Wolf og prinsesse Diana, Margaret Thatcher og Madonna er blant dei TIME meiner fortener tittelen Årets kvinne. Omslag: TIME

3. Kvinner erstattar menn på trafikkskilt i Genève

Sveitsiske Genève slo eit slag for likestillinga i fjor, då dei bytte ut halvparten av gangfeltskilta i byen med skilt som synte kvinnelege silhuettar.

Nye skilt i Geneve. Foto: Sandrine Salerno

– Offentlege område har tradisjonelt blitt designa av menn, dette er ein måte å gi oss kvinner litt av det offentlege området, sa borgarmeister Sandrine Salerno til tv-kanalen RTS då skilta vart presenterte.

4. Ella Fitzgerald, Billie Jean King og Florence Nightingale vert Barbie-dokker

– Me må slutte å lære jentene våre at dei aldri er gode nok, sa tennislegenda Billie Jean King i samband med lanseringa av ei Barbie-dukke inspirert av ho.

Gullstrupen Ella Fitzgerald, tennislegenda Billie Jean King og sjukepleiar Florence Nightingale er blant kvinnene som har inspirert Barbie-dokker. Foto: Mattel

Den verdskjende leiketøyprodusenten Mattel har ein serie der inspirerande kvinner vert portretterte som Barbie-dokker. Målet er å vere med å lukke the dream gap, som går ut på at unge jenter sluttar å tru at dei kan verte president, astronaut, ingeniørar og liknande.

5. Teen Vogue løftar Black Lives Matter til framsidene: – Svarte transkvinner sine liv betyr noko

– Eg har verkeleg ikkje orda til å skildre korleis dette kjennest. Som ei svart, skeiv, transkvinne, hadde eg aldri trudd at eg kunne vere på framsida av Vogue, skreiv aktivist og modell Munroe Bergdorf på Twitter, etter at hennar Vogue-framside vart synt fram.

Munroe Bergdorf (t.v.) og Jari Jones prydar septemberutgåva til motemagainet Teen Vogue. Foto: Teen Vogue

I september 2020 løfta det verdsleiande motemagasinet dei to banebrytande aktivistane Munroe Bergdorf og Jari Jones til framsida.

6. Sam (17) gjekk til sak for at jenter skal få spele amerikansk fotball

Den amerikanske 17-åringen Sam Gordon gjekk viralt med sine ferdigheiter på fotballbana allereie som 9-åring. Men skuledistriktet nekta å starte eit eige fotballprogram og eige lag for jenter. Då tok Sam Gordon saka til retten.

Amerikanske Sam Gordon (17) fotografert i Herriman, Utah. Foto: AP Photo/Rick Bowmer

– Det er meir enn berre fotball og eg ville vore stolt over å vera ein del av det, sa Sam Gordon til Associated Press i oktober.

Siste nytt i saka er uheldigvis ikkje av det positive slaget: Sam Gordon tapte i retten, men far hennar seier til Seattle Times at han og dottera har tenkt til å halde fram kampen heilt til likestilling i idretten er nådd.

7. Publikumsrekord for kvinnefotball og storstsing på kvinnehockey

I fjor snakka Framtida.no med hockeyproff Emilie Kruse Johansen, fotballproff Pernille Gardien og volleyballproff Ane Guro Tveit Hjortland om likestilling i idretten.

Foto: Privat, Fredrik Hagen/Norges Ishockeyforbund/Visuello

Dei meinte alle at det framleis var ein veg å gå før dei var likestilte med sine mannlege idrettskollegaar, men der er framgang!

8. Undertøysmerket vel modellar utan å ha sett dei: – Unikskap er den ekte normalen

Det London-baserte undertøysmerket The Underargument vel modellane sine utan å ha sett bilete av dei og utan kjennskap til kva mål dei har. Kvinnene er valde ut frå eit kriterium åleine: Historiene dei deler.

Amy (f.v), Périne og Seema har delt sine historiar om høvesvis å leve med Crohns sjukdom, kjønnsstereotypiar, og å handtere foreldre sine forventningar om å skulle gifte seg. Foto: Manon Ouimet/The Underargument

– Eg ville aktivt gje kvinner eit rom der dei vert høyrde, sette og aksepterte akkurat som dei er, fortalde grunnleggjar Maïna Cissé til Framtida.no i august.

9. Kashish vil gjera ordbøkene meir likestilte: – Herregud, ei jente kan vere smart ho òg

– Ord formar oss, som menneske, jenter og gutar, men det er òg ord som skapar desse forskjellane. Når du er jente så er du søt og nusseleg, medan er du gut så er du smart og sterk, fortalde Kashish Kaur Sekhon (18) til Framtida.no i oktober.

Kashish Kaur Sekhon (18) meiner ordbøkene påverkar oss ubevisst. Foto: Plan International Norge og skjermdump frå kampanjen.

Ho er engasjert i Plan Ungdom og deira kampanje for å endra eksempelsetningane i ordbøkene, slik at ordforklaringane ikkje heng att i tidsanda for 100 år sidan.


Les også intervjuet med Thea (21), som fekk blodpropp i lungene – trur p-pillene har skulda: – Eg synest det er så utruleg viktig at andre unge jenter der ute faktisk er klar over risikoen og kva du skal sjå etter om faren først er ute