Sam (17) gjekk til sak for at jenter skal få spela amerikansk fotball

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er meir enn berre fotball og eg ville vore stolt over å vera ein del av det.

Det seier Sam Gordon frå Salt Lake City i Utah til Assosiated Press.

17-åringen vart ein internasjonal sensasjon i ein alder av 9 år, då filmar av ho med ein amerikansk fotball i hendene gjekk viralt.

Gordon gjorde seg merka fordi ho spelte med gutane, men no vil 17-åringen bidra til at fleire jenter kan spela amerikansk fotball på eigne lag.

Til sak for eigne jentelag

For seks år sidan starta Sam Gordon ein jenteliga i området rundt Salt Lake City saman med far sin.

Men Gordon har møtt motstand frå fleire lokale skuledistrikt, som ikkje vil tilby jenter å spela amerikansk fotball på eigne lag. 17-åringen har difor gått til sak mot sitt eige skuledistrikt og to andre, som ikkje vil starta eigne jenteprogram for amerikansk fotball.

Etter ein fleire år lang kamp, vart det i sommar klart at Gordon fekk ta saka til retten.

Saka skal verte avslutta i retten denne veka og fleire spelarar fortalde om sine erfaringar med å vere jente på gutelag. Ei fortalde at ho måtte skifte saman med gutane på bortekampar og at ho opplevde diskriminering frå både trenaren og lagkameratane, ifølgje AP.

Skuledistrikta meiner at amerikansk fotball for jenter ikkje vil vere berekraftig og at det krev ny infrastruktur dei ikkje bør vere ansvarlege for.

Anerkjend collegesport innan 2021

Men trass i motstanden går noko rette vegen for idretten.

The National Association of Intercollegiate Athletics og NFL annonserte i mai at flagg-fotball (ein type amerikansk fotball med nokre regeljusteringar) for kvinner vil bli ein nasjonalt anerkjend collegesport innan 2021.

– Det endrar alt. No når me har sett livsendrande mogelegheiter i fotballen, så betyr det at det er ein oppnåeleg draum og mål, seier Gordon til AP.


Les også: Likestilling i idretten: – Det finst eigentleg ikkje

Emilie Kruse Johansen (20) meiner løn og speletider er viktigare enn regelverket under kamp, for å sikra likestilling i idretten. Foto: Fredrik Hagen, Norges Ishockeyforbund.