Teen Vogue løftar Black Lives Matter til framsidene: – Svarte transkvinner sine liv betyr noko

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har verkeleg ikkje orda til å skildre korleis dette kjennest. Som ei svart, skeiv, transkvinne, hadde eg aldri trudd at eg kunne vere på framsida av Vogue, skriv aktivist og modell Munroe Bergdorf på Twitter.

Slik ser framsida til Munroe Bergdorf ut. Foto: Teen Vogue

32-åringen prydar ei av to framsider til septemberutgåva av Teen Vogue, som heiter What is fashion now?.

I samband med utgåvene skriv motemagasinet at dei vil løfte fram kvinnene som er hjartet til moteindustrien, men som ofte vert haldne utanfor samtalane:

– Svarte transkvinner sine liv betyr noko – ikkje berre når vi protesterer i gatene – men også på framsida av magasin, skriv Teen Vogue.

Tre år seinare

Munroe Bergdorf har arbeidd som modell i fleire år, og skapte overskrifter i 2017, då ho vart hyra inn som den første transkvinna til å fronte L’Oréal sin kampanje i Storbritannia.

Men ei veke seinare, etter å ha uttalt seg om rasisme i eit innlegg på Facebook, miste ho jobben. Bergdorf vart difor provosert då kosmetikkgiganten i juni i år delte eit heilsvart bilete på Instagram for å støtte Black Lives Matter.

– [De] kasta meg til ulvane for å snakke ut om rasisme og kvit makt, skreiv ho på Instagram, og spurde:

– Kor var støtta mi då eg ytra meg? Kor var unnskyldinga mi?

L’Oréal-sjef Delphine Viguier tok då kontakt med Bergdorf og ba om orsak for korleis situasjonen vart handtert for tre år sidan, og tilbaud Bergdorf ei stilling som konsulent for å sikre mangfald hjå kosmetikkgiganten.

I 2019 vart Bergdorf også utnemnd som talsperson for UN Women, i samband med kampanjen #DrawALine.

«Eg kan gjere dette òg»

Den andre framsida er sett av til modell, skodespelar og aktivist Jari Jones.

Jari Jones. Foto: Teen Vogue

– Eg gjer dette for representasjon. Eg gjer dette for den unge trans-ungdomen, for unge skeive personar, slik at dei kan seie «eg kan gjere dette òg», seier ho til Teen Vogue.

Ho vart for alvor kjend for verda då ho i mai i fjor vart den første svarte transkvinna til å produsere ein film som konkurrerte i den presitsjetunge filmfestivalen i Cannes. Filmen Port Authority var også den første på Cannes-festivalen til å ha ei ikkje-kvit transkvinne i hovudrolla, spelt av Leyna Bloom.

Tidlegare i år var Jari Jones ein av ni modellar i Calvin Klein sin 2020 Pride-kampanje, og skreiv på Instagram at det var ei ære å vise fram ein kropp som så ofte har vert demonisert, trakassert, peika ut som stygg og uverdig, og til og med drepen.

Amy (f.v), Périne og Seema har delt sine historiar om høvesvis å leve med Crohns sjukdom, kjønnsstereotypiar, og å handtere foreldre sine forventningar om å skulle gifte seg. Foto: Manon Ouimet/The Underargument