12 kvinner på barrikadane: – Dei let seg ikkje kneble

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 09.03.2020 13:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei torer, dei let seg ikkje kneble og det er veldig inspirerande. Dei finn seg ikkje i den handsaminga dei får, og står på barrikadane sjølv om det inneber ein stor risiko.

Mina Wikshåland Skouen er leiar for avdeling for kjønns- og seksualitetsmangfald hjå Den norske Helsingforskomité (NHC). Foto: NHC

Det seier Mina Wikshåland Skouen, leiar for avdeling for kjønns- og seksualitetsmangfald hjå Den norske Helsingforskomité om dei 12 kvinnene på lista.

I oktober i fjor lanserte dei saman med illustratør Jenny Jordahl kampanjen «12 kvinner på barrikadene», der dei løftar fram kvinnelege menneskerettsforkjemparar.

Tolv kvinner frå ulike europeiske land som alle kjempar for rettferd og rettane sine. Mange av dei med livet som innsats.

– Det er så mange viktige historier og saker, og vi ville setje fokus på dei største menneskerettsutfordringane for kvinner i Europa i dag.

– Modigare og meir synlege

Skouen fortel at Helsingforskomitéen ser alvorlege problem og mange tilbakeslag på menneskerettsfronten.

Kvart år publiserer organisasjonen ILGA Europe ein rapport om situasjonen for skeive i alle europeiske land. I fjor kunne dei for første gong på ti år melde om meir tilbakegang enn framsteg.

I 2017 vart vald i nære relasjoner avkriminalisert i Russland, samstundes er det ein eksplosiv vekst av nettopp slik vald. Også i Armenia er situasjonen alvorleg. Etter revolusjonen i 2018 har det vore gjentekne angrep på kvinnelege aktivistar.

– Men samstundes har kvinnerørsla og organisasjonane som jobbar for rettar vorte modigare og meir synlege, seier Skouen.

Desse 12 kvinnene står på barrikadane og kjempar for rettane sine:

Anastasia Shevchenko

Frå: Rostov-on-Don, sør i Russland
Sak: Kjempar for retten til å kritisere regimet

Illustrasjon: Jenny Jordahl.

Anastasia Shevchenko (40) er den første menneskerettsaktivisten i Russland som har vorte tiltalt for å ha delteke i ein såkalla «uønska organisasjon».

Ho er eit prov på kva ein risikerer som aktivist i dagens Russland, der fysiske angrep, svertekampanjer og delegitimering er ein del av kvardagen.

Den russike trebarnsmora var tidlegare koordinator for organisasjonen Open Russia, som arbeider for demokrati, menneskerettar og eit sterkt sivilsamfunn i Russland.

21. januar 2019 vart det opna etterforsking mot ho under artikkel 284.1 i den russiske straffelova om «Aktivitet fra en uønsket organisasjon», og Shevchenko vart sett i husarrest heime i den sørlege byen Rostov-on-Don. Vert ho dømd risikerer ho seks år i fengsel.

– Viss eg hadde ønskt å gøyme meg hadde eg gjort det for lenge sidan. Eg vil aldri forlate mora og barna mine, seier Anastasia til Den norske Helsingforskomitéen.

Medan Shevchenko sat i husarrest miste ho den eldste dottera si Alina. Ho budde på internatskule og var ulækjeleg sjuk, og vart brått verre etter mora vart arrestert. Få timar etter Shevchenko fekk løyve til å besøke dottera på sjukehuset døydde 17-åringen.

Anna Dolidze

Frå: Tbilisi i Georgia
Sak: Demokratisk utvikling i Georgia

Illustrasjon: Jenny Jordahl.

I snart 20 år har juristen Anna Dolidze (40) arbeidd for demokrati, respekt for menneskerettar og toleranse i Georgia, medan landet tek stega vekk frå diktaturhistoria.

Ho støtta Roserevolusjonen i 2004 som førte Mikheil Saakasjvili til makta, men vart ein kritikar av den nye presidenten kort tid etter.

Då ho leia kampanjen som granska eit drap det vart påstått at styresmaktene stod bak, måtte ho reise frå heimlandet, i eksil til Canada, USA og Europa.

I 2012 måtte Saakasjvili gje frå seg presidentembetet, då koalisjonen til partiet Georgisk Draum vann valet. Tre år etter kom Dolidze inn i den georgiske regjeringa og vart statssekretær i forsvarsdepartementet, og i 2016 vart ho presidenten sin representant i parlamentet.

Anna Dolidze gjekk så ut av politikken etter at ho hamna i konflikt med Georgisk Draum, då partiet i stadig større grad vert kontrollert av statsministeren, milliardæren Bidzina Ivanishvili.

I dag er Anna Dolidze uavhengig representant i Det høgaste justisrådet, organet som utnemner dommarar til domstolen.

Malika Abubakarova

Frå: Tsjetsjenia
Sak: Kjempar for betre rettsvern for kvinner

Illustrasjon: Jenny Jordahl.

I den russiske føderalrepublikken Tsjetsjenia i Nord-Kaukasus må lover og reglar gjerne vike for tradisjonar. Saker vert avgjorde i heimen, ikkje i rettssalen.

Det vil advokaten Malika Abubakarova endre.

Ho kjemper for at kvinner skal få betre rettsvern, og klientane hennar er i hovudsak kvinner – mange av dei utsette for vald eller overgrep.

Abubakarova forsvarer kvinner i sakene påtalemyndigheitene i landet ikkje vil etterforske, fordi det vert rekna som ei familiesak.

 Det å redde kvart enkelt liv. Det å oppnå rettferd, sjølv om det berre skjer nokre få gongar. Og det å sjå kvinner som ikkje lenger er redde for å vende seg til påtalemyndigheitene med sine problem. Alt dette gjev håp, seier Malika Abubakarova til Helsingforskomitéen

Lena Klimova

Frå: Nizjnij Tagil i Russland
Sak: Synleggjere skeive liv i Russland

Illustrasjon: Jenny Jordahl.

I 2013 skreiv journalisten Lena Klimova ein artikkel om å vere skeiv i Russland, så fekk ho eit brev frå 15 år gamle Nadja.

Nadja skreiv at ho var forelska i ei jente i parallellklassen, og hadde alltid vorte fortald at ho var unormal. Ho ville døy. Men artikkelen hadde overbevist Nadja om at ho eigentleg var normal, og no hadde ho slått tanken frå seg.

Lena Klimova byrja samle historier. Først i ei artikkelsamling på nett, så i prosjektet «404-barna». Der kunne skeiv ungdom i Russland sende brev, diskutere og støtte kvarandre. Psykologar vart også kopla på for å hjelpe dei som trong nokon å snakke med.

Journalisten synleggjorde LHBTQI-ungdommane som til no hadde vore usynlege i Russland:

– Ingen snakka om dei på TV, ingen skreiv om dei i avisene, nesten ingen tenkte noko over deira liv, deira problem og bekymringar, seier Lena Klimova til Helsingforskomiteen.

Same året som Klimova starta «404-barna», i 2013, vedtok Russland på føderalt nivå ei lov som forbyr «propaganda av utradisjonelle seksuelle relasjoner overfor mindreårige». Den såkalla antihomo-lova.

Året etter vart Lena Klimova sikta for å ha brote denne lova, men ho vart frikjend. Ho vart seinare rettsforfølgd igjen og dømd, men vann anken.

Khadija Ismayilova

Frå: Baku i Aserbajdsjan
Sak: Kjemper for ytringsfridom og avslører korrupsjon hjå makteliten

Illustrasjon: Jenny Jordahl.

Den aserbajdsjanske gravejournalisten Khadija Ismayilova (43) har stått i mot trugslar, utpressing og straffeforfølging for arbeidet ho gjer. 

I 2010 skreiv Ismayilova ei rekkje artiklar der ho avslørte korrupsjon i heimlandet, som gjekk heilt til presidenten Ilham Aliyev og familiemedlemmane hans.

Khadija Ismayilova fekk raskt merke konsekvensane, og i åra etter har ho vorte utsett for trakassering, trugslar, overvaking og utpressing i håp om å stilne røysta hennar.

I 2012 vart videoklipp frå eit hemmeleg overvakingskamera på soverommet hennar lekka på internett.

I 2013 vart ho pågripen då ho deltok i ein protest i Baku. Då ho ikkje ville betale bota, fordi ho nekta for å ha gjort noko ulovleg, vart ho dømd til 220 timar samfunnsstraff.

I 2015 vart ho arrestert og skulda for å ha oppfordra ein kollega til gjere sjølvmord, og siktinga vart utvida til å også gjelde skatteunndraging og maktmisbruk.

Trass i store protestar frå menneskrettsorganisasjonar, som hevda skuldingane var politisk motiverte, vart Ismayilova dømd til sju og eit halvt år i fengsel.

I januar i fjor slo Den europeiske menneskerettsdomstolen fast at aserbajdsjanske styresmakter har brote ytringsfridomen og ikkje lukkast i å etterforske trugslane Ismayilova har opplevd dei føregåande sju åra.

Domstolen påpeikte at dei hadde lagt merke til forfølginga av journalistar i landet, og at gjerningsmennene går fri.

I dag er Ismayilova fri, men tiltalen mot ho er ikkje kasta ut.

Olena Shevchenko

Frå: Ukraina
Sak: Synleggjere skeive personar i Ukraina

Illustrasjon: Jenny Jordahl.

Då revolusjonen i Ukraina braut ut i februar for seks år sidan, var Olena Shevchenko ein av dei som møtte opp på Maidanplassen for å demonstrere mot regimet til Janukovitsj.

Men Olena Shevchenko ville ikkje lage mat på suppekjøkenet i protestleiren, ho ville patruljere barrikadane slik som mennene. Ho hadde trass alt bakgrunn som fribrytar.

Shevchenko og fleire andre kvinner danna difor sin eigen bataljon, amasonene, for å bidra i sikkerheitsarbeidet.

Sjølv etter Janukovitsj sitt regime vart avsett og revolusjonen var over, vart ikkje rettane til skeive prioriterte. Som leiar for organisasjonen Insight har Olena Shevchenko gått føre i kampen mot overgrep mot LHBT-personar og for eit demokratisk og mangfaldig Ukraina.

Organisasjonen vart danna i 2008, og arbeider for å betre rettane til skeive i Ukraina og vere synlege førebilete for andre.

Men Shevchenko, og andre som ho, møter motstand.

I 2018 vart ho klaga inn til politiet av ei høgreekstrem gruppe på grunn av eit banner under markeringa av kvinnedagen. Ei markering som vart vitja av høgreekstreme som hadde med seg tåregass og salgvåpen. Shevchenko vart halden ansvarleg, sidan ho var ein av dei som arrangerte markeringa.

Første rettsforhandling kan ikkje gjennomførast, det er for farleg. Tre dagar seinare vert tiltalen fråfallen. Men merksemda frå det høgreekstreme miljøet vedvarer. På sosiale medium vert bilete av menneskerettsforkjemparar delte med oppfordringa om «å besøke dei heime».

Sonja Biserko

Frå: Serbia
Sak: Menneskerettar i Serbia og på Balkan

Illustrasjon: Jenny Jordahl.

Då Jugoslavia gjekk i oppløysing på starten av 90-talet arbeidde Sonja Biserko i det jugoslaviske utanriksdepartementet. Ho hadde vore diplomat i over tjue år, då ho i 1991 sa opp stillinga si i protest mot Slobodan Milosević, presidenten som vart tiltalt for krigsforbrytingar, og krigen som herja på Balkan.

Biserko dedikerte tida si til å setje lys på dei massive menneskerettsbrota som føregjekk, alt frå etnisk reinsing, massemord, tortur og massevaldtekter. Ho kritiserte òg nasjonalismen som vaks fram på Balkan.

I 1994 etablerte ho Den serbiske Helsingforskomitéen, og ho har stor tru på sterke institusjonar. Ho trur også styresmaktene i Serbia og på Balkan er klar over potensialet som finst i sivilsamfunnet:

– Difor kallar dei oss «fiendar av staten» og «forrædarar». Serbia sitt sivilsamfunn – med menneskerettsorganisasjonane i første rekkke – som kjempar for frie og demokratiske idear, blir mål for regimet, seier 72-åringen til Den norske Helsingforskomitéen.

Biserko fortel at også dei høgreorienterte og såkalla patriotiske gruppene angrip menneskerettsorganisasjonane fordi dei likestiller liberale idear med vestleg imperialisme.

Sonja Biserko står støtt trass propagandakampanjar mot ho, fysiske og psykiske angrep og endelaust med trugslar.

Den serbiske menneskerettsforkjemparen har motteke ei rekkje prisar for innsatsen og engasjementet sitt, mellom anna UiO sin menneskerettspris, Lisl og Leo Eitingers fond, i 2010.

Galina Ustinova

Frå: Kviterussland
Sak: Få slutt på vald i familien

Illustrasjon: Jenny Jordahl.

Sidan Sovjetunionen fall har den kviterussiske Galina Ustinova via livet sitt til menneskerettskampen i heimlandet sitt som tilsett ved den frivillige organisasjonen Law Initiative.

Situasjonen for menneskerettar og demokrati i Kviterussland er blant dei verste i Europa, og i juli i fjor kalla Anaïs Marin frå FN sin høgkommissær for menneskerettar situasjonen «fundamentalt dårleg».

Uavhengige, frivillige organisasjonar får ikkje registrere seg i landet om arbeidet deira kritiserer eller er ein trugsel for styresmaktene.

Men gjennom Law Initiative kjempar Galina Ustinova kampen for kvinners rettar, og kampen mot vald i nære relasjonar.

Kvinner skal ikkje vere underordna mannen, leve livet på kjøkenet, og dei skal ikkje måtte tole vald.

I fleire år har Ustinova arbeidd med eit lovforslag som skal stoppe kjønnsbasert vald i Kviterussland, og er medlem av arbeidsgruppa som skal utforme forslaget.

Forslaget vart sett ein stoppar for i 2018, då president Alexander Lukasjenko innrømma å ha slått sine eigne barn.

Men Galina Ustinova let seg ikkje stogge, og held fram med å hjelpe hundrevis av kvinner ut av valdelege ekteskap og auke medvite i samfunnet.

Márta Pardavi

Frå: Ungarn
Sak: Rettsvern og menneskerettar i Ungarn

Illustrasjon: Jenny Jordahl.

Márta Pardavi er leiaren for Den ungarske Helsingforskomitéen, og kjempar for demokratiet i Ungarn og mot regjeringa sine brot på menneskerettane.

I Ungarn vart det straffbart å gje bistand til migrantar i 2018, og organisasjonar som arbeder med migrantar og asylsøkjarar sine rettar må betale ein «innvandringsskatt» på 25 prosent.

Ei av Pardavi sine viktigaste saker er difor å forsvare rettane til migrantar og asylsøkarar. Den ungarske Helsinkomitéen vil sikre ein rettferdig prosess og vern i møte med dei ungarske domstolane.

Samstundes held Márta Pardavi fram med å kjempe for inkludering over eksludering, diskusjon over hat, og openheit og eigarskap over ansvarsfråskriving:

– Å teie stilt kan ikkje vere eit alternativ for dei som bryr seg om å leve i eit demokratisk samfunn som vernar oss alle, seier Pardavi til Den norske Helsingforskomitéen.

Gohar Shahnazaryan

Frå: Armenia
Sak: Fremje kvinners rettar i Armenia

Illustrasjon: Jenny Jordahl.

Etter fem veker med fredelege demonstrasjonar markerte valet i Armenia i 2018 slutten på «fløyelsrevolusjonen».

Men det var ingen revolusjon for rettane til kvinner, skeive og andre utsette grupper.

Feminisme og kjønnsspørsmål vert framleis rekna som provoserande spørsmål i Armenia, og misoppfatningar og negative haldningar rår. Assosiasjonane går til perversjon, pedofili og bestialitet og ikkje til menneskerettar, demokrati og framgang.

Det gjer arbeidet vanskeleg for Gohar Shahnazaryan, leiaren for Den ungarske Helsingforskomitéen:

– Å vere ein kvinneleg menneskerettsforkjempar i ei slik atmosfære betyr at vi både må kjempe for andre kvinners grunnleggjande fridomar, og samstundes nedkjempe vold mot oss sjølv. Dette har ikkje endra seg med revolusjonen, seier ho til Den norske Helsingforskomitéen.

Sjølv om ho og kollegaane hennar vert skulda for å vere forrædarar og trugslar mot armenske verdiar, så held arbeidet fram.

I 2003 etablerte Shahnazaryan Women Resource Center (WRC), det første ressurssenteret i Armenia for unge kvinner. Ressurssenteret arbeider for å opplyse og verne om kvinners rettar, og har også teke iniativ til eit nettverk for unge kvinner som vil fremje sosial aktivisme.

Engasjerte kvinner vil kunne føre til reelle endringar i Armenia, meinar WRC.

Hande Kader

Frå: Tyrkia
Sak: Trans-personars rettar og synlegheit i Tyrkia

Illustrasjon: Jenny Jordahl.

I 2015 gjekk 22 år gamle Hande Kader i Pride-paraden i Istanbul, ei markering som styresmaktene hadde forbode. Ho roper mot journalistane «Ingen høyrer stemmene våre!» og bilete av Kader med tårer i augo, og politiet bak seg gjekk verda rundt.

Eitt år og 39 dagar seinare vert Hande Kader funnen valdteken, lemlesta og forbrent.

Politiet nektar for at aktivisten vart drepen fordi ho var ein profilert, gjenkjenneleg regimekritikar, som gjev det skeive miljøet eit ansikt i omverda.

Transfobiske haldningar og lovgjevnad er ei av dei største menneskerettsutfordringane i Europa i dag.

Sidan 2008 har 3314 transpersonar vorte drepne, ifølgje Trans Murder Monitoring-prosjektet. Mange av dei var sexarbeidarar, slik også Kader var, for å tene til livets opphald.

I Kader sitt heimland, Tyrkia, har 43 transpersonar mist livet sidan 2008. Hatvald og trugslar er vanleg.

Ein dryg veke etter Hande Kader vart funnen død tok hundrevis til gatene for å protestere i Istanbul, og emneknaggen #GjeHandeKaderEiStemme skyt fart.

Den årlege transminnedagen vert markert 20. november, og kvart år vert fleire namn lagt til på lista over transpersonar som har vorte drepne for å vere kven dei er.

Aiman Umarova

Frå: Almaty, Kasakhstan
Sak: Rettshjelp til minoritetar og valdsoffer

Illustrasjon: Jenny Jordahl.

Forsvarsdvokaten Aiman Umarova tek sakene andre ikkje torer fører i det kasakhstanske rettsapparatet.

Umarova forsvarer mellom anna profilerte opposisjonspolitikarar, aktivistar og personar frå etniske og religiøse minoritetar.

Ein av hennar mest kjende saker, er då ho forsvarte opposisjonspolitikar Vladimir Kozlov. Den profilerte regimekritikaren var skulda for å oppmode til å kaste styresmaktene etter ein samanstøyt i desember 2011, der 16 streikande oljearbeidarar vart drepne. Augevitne fortalde at politiet skaut på uvæpna demonstrantar, medan styresmaktene hevda dei forsvarte seg sjølve.

Kozlov vart dømd til sju og eit halvt år i fengsel, men vart slapp ut i august 2016.

Aiman Umarova har også teke i forsvar ei rekkje aktivistar og etniske minoritetar som freistar få slutt på – eller flukte frå – dei kinesiske «omskuleringsleirane» i Xinjiang-provinsen i nordvestlege Kina. Over éin million menneske vert haldne i desse leirane, der dei vert utsette for indoktrinering. Fleire  som har vore i leirane fortel om tortur, valdtekt og vald.

Det kostar å ta på seg slike saker, og Aiman Umarova har vorte utsett for trugslar og trakassering for arbeidet sitt.

I 2018 mottok advokaten International Women of Courage Award frå den amerikanske utanriksdepartementet, for å ha utmerka seg for sitt modige leiarskap og viljen til å ofre seg for andre.