Ni av ti har kjønnsfordommar mot kvinner: – Sjokkerande

Halvparten av menn og kvinner på verdsbasis meiner menn er betre politiske leiarar, viser ny rapport.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny rapport frå FNs utviklingsprogram (UNDP) syner at likestilling mellom kjønna framleis har ein lang veg å gå – særleg når det gjeld tilgang til makta.

– Sjokkerande

Halvparten av menn og kvinner på verdsbasis meiner menn er betre politiske leiarar.

Over 40 prosent meiner at menn er betre bedriftsleiarar og at menn har meir rett på ein jobb om det er jobbmangel.

28 prosent meiner ein mann kan slå kona si.

Pedro Conceição, leiaren for FNs utviklingsprogram sitt Human Development Report Office synest tala er «sjokkerande».

– Vi veit alle at vi lever i ei mannsdominert verd, men med denne rapporten så kan vi putte nokre tal bak denne skeivheita, seier han til The Guardian, som først omtalte saka.

Fordommane veks

Gender Social Norms Index har målt korleis haldningar hindrar likskap mellom kjønna på felt som politikk, arbeid og utdanning. I rapporten er data frå 75 land analysert, og dataa dekker over 80 prosent av verdas befolkning.

Pedro Conceição. Foto: Inga Kjer/Global Festival of Ideas for Sustainable Development 2017

91 prosent av menn og 86 prosent av kvinner har minst éin fordom mot kvinner når det kjem til politikk, økonomi, utdanning, vald og reproduksjonsrettar, skriv The Guardian.

Conceição seier til den britiske avisa at medan fordommane er minska i mange land, så kjem dei samstundes krypande tilbake i mange andre:

– Fordommar, i staden for å krympe, veks tilbake.

Av dei 75 landa som er analyserte var det berre seks land der majoriteten av befolkninga ikkje hadde fordommar mot kvinner. Desse var Andorra, Australia, Nederland, Noreg og Sverige.

Men dataa viser ikkje berre eit framgangsmønster hjå desse: I Sverige har delen av folket som hadde minst ein fordom om kjønn, auka i løpet av dei ni åra (2005-1014) som dataa dekker.

Maktgapet

Pedro Conceição seier i ei pressemelding at endå det er nokre store framsteg dei siste tiåra, som tilgangen på grunnskule og redusert mødredødelegheit:

– Men kjønnsforskjellane er framleis for openberre på andre område, spesielt dei som utfordrar maktforhold og har mest innverknad på å faktisk nå ekte likskap.

FNs utviklingsprogram trekker fram nokre døme på «det enorme maktgapet»:

  • Like stor del kvinner og menn stemmer, men kvinner har berre 24 prosent av parlamentseta i verda
  • Av verdas 193 statsleiarar er berre 10 kvinner 
  • Kvinner får mindre betalt, og er mykje mindre sannsynleg til å ha seniorstillingar
  • Mindre enn seks prosent av dei administrerande direktørar i dei toppnoterte selskapa på den amerikanske aksjeindeksen S&P 500 er kvinner
  • Kvinner arbeider fleire timar enn menn, men dette arbeidet er meir sannsynleg å vere ubetalt omsorgsarbeid.

FNs utviklingsprogram ber no regjeringar og institusjonar om å skapa politikk som kan bryte ned desse diskriminerande haldningane og praksisane gjennom utdanning, auka medvite og endra insentiv.

Dagens politikk, endå den er velmeinande, er ikkje nok, seier FNs utviklingsprogram-administrator Achim Steiner i pressemeldinga:

– Arbeidet som har vore så effektivt for å sikre at helse- og utdanningsforskjellane vert utrydda må no adressere noko mykje meir utfordrande: ei djupt rotfesta føredømming – hjå både kvinner og menn – mot kjønnslikskap.

Sigrid vert sensurert vekk på iransk musikkside.