Kashish (18) vil gjera ordbøkene meir likestilte: – Herregud, ei jente kan vere smart ho òg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 28.12.2020 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ord formar oss, som menneske, jenter og gutar, men det er òg ord som skapar desse forskjellane. Når du er jente så er du søt og nusseleg, medan er du gut så er du smart og sterk.

18 år gamle Kashish Kaur Sekhon er engasjert i Plan Ungdom, som har sett i gang ein kampanje for å endra eksempelsetningane i ordbøkene. Målet er at ordbøkene skal bli meir likestilte og moderne innan utgangen av 2020.

Til no har dei nesten 6000 underskrifter som skal overleverast kultur- og likestillingsminister Abid Raja, Språkrådet og Det norske Akademis ordbok under ein debatt onsdag 21. oktober.

Krava er: 

1. Dei 10 orda; klok, aktiv, modig, sterk, tøff, dyktig, smart, søt, pen og fryktlaus får kjønnsnøytrale forklaringar innan utgangen av 2020.
2. Alle eksempelsetningane må skrivast om og bli kjønnsnøytrale.
3. Det må inkluderast sitat frå moderne litteratur og frå kvinnelege forfattarar.

Ordbokredaktør: – Prega av si tid

Allereie måndag 12. oktober kunne Plan Ungdom jubla for sitt første gjennomslag. Då hadde Det Norske Akademis ordbok endra eksempelsetningane til dei aktuelle adjektiva.

Her er eit eksempel på endringane frå «en klok mann» til en«klok mann/kvinne»:

Måndag 12. oktober delte Plan Ungdom ein Instagram Story der Det Norske Akademis ordbok har endra eksempeltekstane dei peika på. Redaktøren hadde lagt merke til kampanjen i sosiale medier, allereie før ho vart kontakta. Skjermdump: Plan Ungdom

Redaktør i Det Norske Akademis ordbok, Carina Nilstun, vil ikkje gjera alle eksempelsetningane kjønnsnøytrale.

Redaktør i Det Norske Akademis ordbok, Carina Nilstun, synest det er veldig fint at Plan Ungdom har teke tak i eksempeltekstane i ordbøkene.

– Det Norske Akademis ordbok er ein revisjon av ei eldre ordbok, som var prega av si tid. Ho vart påbegynt for nesten hundre år sidan.

Redaksjonen er opptatt av at ordboka skal vera ei moderne ordbok som speglar samfunnet me lever i og peikar på at det ikkje berre dreier seg om kjønn, men òg etnisitet og seksuell legning.

– Det handlar om kva briller me har på og kva me presenterer som eksotisk og annleis, forklarar Nilstun.

Redaktøren er ikkje einig i kritikken om mangel på sitat av kvinnelege forfattarar og nyare litteratur og peikar på døme som: Helene Uri, Tove Nilsen, Marie Landmark, Hanna Stoltenberg, Monica Isakstuen og Vigdis Hjorth.

–  Ein balansegang

Det Norske Akademis ordbok tel i dag 3,5 årsverk og er finansiert av staten og private gjevarar. Nilstun fortel at dei no brukar Plan Ungdom sitt initiativ når dei søkjer om midlar til å kvalitetssikre den store databasen dei har.

– Det er ikkje skandalar det dei har funne, men det er ein viktig ting dei peikar på. Om ein ser isolert på det, kan det vere dumt at det står «søt pike» og «sterk mann», seier redaktøren.

Nilstun fortel at det er ein klar overvekt av artiklar med mannlege pronomen, men at døma ikkje er utelukkande positive. I artiklane Plan Ungdom peikar på har dei sett inn han/hun eller mann/kvinne, noko dei ikkje vil gjera kategorisk.

Han ligg ikkje og fødar. Me skal spegle det moglege og det typiske, men det er ein balansegang, nokre gongar er det irrelevant kva kjønn det er så då kan me endra til han/hun, eller endra yrkesnemningar frå «smart forretningsmann» til «smart investor». Det er små grep som kan ta fokuset bort frå kjønn.

Frå Plan Ungdom sin kampanje.

– Mykje meir å jobbe med

Sekhon synest det er godt at ordboka har høyrt og forstått kor viktig det er.

– Det er kjempebra og det er ein start, men me har mykje meir å jobbe med, seier 18-åringen.

Ho håpar at alle ordbøker no følgjer etter og endrar eksempelsetningane sine, slik at dei vert meir tilpassa dagens samfunn.

I Bokmålsordboka og Nynorskordboka finn du framleis eksempelsetninga «ein smart forretningsmann»

I Bokmålsordboka og Nynorskordboka finn du framleis eksempelsetninga «ein smart forretningsmann». Skjermdump.

I 2016 fekk Bokmåls- og nynorskordboka, som er drifta av Universitetet i Bergen i partnarskap med Språkrådet, kritikk for at ordbøkene kunne vere i strid med likestillingslova. 

– Me er smerteleg klar over at mange av tekstane i Nynorskordboka ikkje er revidert sidan dei blei utvikla på 70-talet og tidleg 80-tal. Verda har endra seg sidan den gongen, sa direktør i Språkrådet, Åse Wetås, den gongen.

Ho lova at Universitetet i Bergen og Språkrådet skulle arbeida for å finne midlar til å revidere ordbøkene.

Fire år seinare kan ein framleis lese eksempeltekstar som: «ein modig gut», «den sterke mannen i regjeringa», «tøffe karer på ishavsferd», «ein smart forretningsmann» og «ei pen jente».

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, fortel at Bokmålsordboka og Nynorskordboka skal vere ferdig revidert i 2023. – Då er målet at ordbøkene har teke opp i seg viktige endringar som har skjedd i språk og samfunn sidan 1980-talet. Foto: Språkrådet

Språkdirektøren: – Kan framstå som stereotype

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, legg ikkje skjul på at ordbøker tradisjonelt har hatt hatt mykje å svara for på dette området.

– Av dei ti orda Plan-kampanjen nemner, er det heldigvis ingen som i dag har kjønnsspesifikke definisjonar i Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Det er likevel framleis nokre bruksdøme som eksplisitt nemner kjønn på måtar som kan framstå som stereotype. Dei vil det vera grunn til å gjera endringar i, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Ho understrekar at språk er makt, og gler seg veldig over å høyra at Plan Ungdom engasjerer seg i dette spørsmålet.

Språkrådet eig Bokmålsordboka og Nynorskordboka saman med Universitetet i Bergen. Ordbokredaksjonen ved Universitetet i Bergen har sidan 2018 fått prosjektmidlar for å revidera ordbøkene og arbeider for å bli ferdig med endringane i 2023.

– Modernisering er sjølve målet med revisjonen dei no utfører, og ei god framstilling som ikkje formidlar kjønnsstereotypiar og alle andre fordommar er ein viktig del av arbeidet deira, skriv språkdirektøren.

Språkdirektøren har sjølv arbeidd med ordbøker og fortel at ho då arbeidde systematisk saman med kollegaane sine for å framstilla ord og uttrykk på ein måte som ikkje skulle formidla fordommar eller diskriminerande haldningar.

– Det er viktig, for me veit at ordbøker kan ha stor innverknad på oppfatninga vår av både språket og verda, understrekar Wetås.

Kashish Kaur Sekhon (18) er ikkje i tvil om at språket formar oss. Foto: Privat

Smarte gutar, søte jenter

Sekhon trur det er veldig få som tenkjer over korleis språket i ordbøkene er med å forma oss og er heilt klinkande klår på at det ikkje er greitt å skilje mellom kjønna i 2020.

– Når me les får me indirekte inn at gutar er smarte, men herregud, ei jente kan vere smart ho òg, peikar 18-åringen på.

Ho trur språket i samfunnet er med på å forma born frå tidleg alder, slik at gutar vert rosa for å til dømes vere smarte, aktive og tøffe, medan jenter vert skildra som søte, pene og snille.

Boss vs bossy

– Me tenkjer ikkje på det, men det er viktig å tenkja på. Ingen kjem til å innrømma at dei ser på jenter og gutar ulikt. Det har berre skjedd og me får det inn i hjernen vår gjennom ordbøkene og korleis me snakkar, seier Sekhon.

Ho peikar på at det vert sett på som positivt om gutar er aktive og utadvendte, men at jenter som er tøffe og utadvendte vert sett på som bossy. Ikkje boss, som er vanlegare å bruke om gutar og menn.

–  Bossy er negativt ladd, medan boss er positivt. Det er skummelt å tenkja på at ord påverkar oss ubevisst så mykje. Foreldre bør tenkja på det når dei snakkar til borna sine, avsluttar  18-åringen.