Plan-rapport:
Jenter blir lokka til barneekteskap på nett
Sosiale medium er ein ny arena som leier jenter inn i barneekteskap, viser ein rapport frå Plan International.

– Barneekteskap er eit grovt brot på jenters rettar. Når denne praksisen går føre seg i digitale rom, kan det bli endå vanskelegare å oppdage og stoppe, men konsekvensane er dei same: Jenter blir frårøva barndommen og mistar utdanning og tryggleik, uttalar Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Norge, i ei pressemelding.
Ein fersk rapport frå Plan International trekker fram sosiale medium som ein ny arena for barneekteskap.
Om rapporten:
- Rapporten heiter State of the World’s Girls 2025 – Let me be a child, not a wife
- Rapporten blir publisert årleg i samband med FNs internasjonale jentedag 11. oktober.
- Rapporten bygger på 251 intervju og fokusgrupper med jenter og unge kvinner (15–24 år) som er eller har vore i barneekteskap, i tillegg til ei nettundersøking med 244 ungdomsaktivistar.
- Landa som er undersøkt er Bangladesh, Kambodsja, Indonesia, Nepal, Etiopia, Mosambik, Uganda, Zambia, Colombia, Den dominikanske republikk, Guatemala, Ecuador, Nigeria, Niger og Togo.
Veg ut av fattigdom
Kvart år blir 12 millionar jenter gifta bort før dei fyller 18 år, skriv organisasjonen. Dei har intervjua 251 jenter og unge kvinner frå 15 land.
Fleire jenter i Asia og Latin-Amerika fortalde at dei møtte ektemennene sine gjennom sosiale medium.
Plan skriv at vaksne menn utnytta jentenes sårbarheit og lokka dei inn i ekteskap som ein veg ut av fattigdom.
Ulovleg
I 14 av dei 15 landa som er undersøkt, er barneekteskap ulovleg.
– Det hjelper lite at lova forbyr barneekteskap når ho ikkje blir handheva, og det i praksis er fattigdom og kulturell praksis som avgjer, seier Partapuoli.
Ho understrekar at juridiske smotthol må tettast.
Funn i rapporten:
Av jentene og kvinnene som vart intervjua sa …
- 35 prosent at dei slutta på skulen etter ekteskapet.
- 25 prosent at dei ikkje hadde nokon innflytelse på avgjerda om giftarmål.
- 63 prosent at dei verken er i arbeid, utdanning eller opplæring.
- 71,5 prosent at dei hadde minst eitt barn då dei blei intervjua.
Kjelde: Plan International Norge