ANNONSE
ANNONSE
Framsida SAMFUNN Likestilling i idretten: – Det finst eigentleg ikkje

Likestilling i idretten: – Det finst eigentleg ikkje

Emilie Kruse Johansen (20) meiner løn og speletider er viktigare enn regelverket under kamp, for å sikra likestilling i idretten. Foto: Fredrik Hagen, Norges Ishockeyforbund.

Likestilling i idretten: – Det finst eigentleg ikkje

Kvinnelege utøvarar kan ikkje ein gong leve på idrettsinntektene sine, medan mange mannlege kan le heile vegen til banken.

– Likestilling og likestilling. Det finst jo eigentleg ikkje. 

Det svarar hockeyproff Emilie Kruse Johansen på spørsmålet om korleis det står til med likestillinga i idretten hennar.

20-åringen frå Halden er inne i sin femte sesong på A-laget til Linköping i Sverige, i tillegg til å forsvara Noregs ære i kvinnehockey.

Ho meiner at løn og gode treningskår er vesentleg viktigare hinder for likestilling i ishockey enn dei ulike reglane, som har prega debatten i Noreg i år.

– Som damehockeyspeler kan ein gå litt lei av å alltid halde på å forklare dei reglane. Me har jo aldri fått lov å takle, seier Emilie Kruse Johansen på telefon til Framtida.no.

Jenter som vil takla

Tidlegare i år skreiv NRK om ishockeyspelarane i Bergen Ishockeyklubb Pia Helle (11) og Ragnhild Klomstad (11), som ville gå i 8. mars tog for å takle som gutane.

– Alle bør får same moglegheiter innan idretten, sa jentene, som la til:

– Det er ikkje hundre prosent hockey når me ikkje får lov til takle.

Proffspelar Johansen fortel at debatten om ulike reglar i dame- og herrehockey ikkje er unik for Noreg.

Det norske kvinnelandslaget i hockey kan ikkje leva av idretten. Foto: Fredrik Hagen, Norges Ishockeyforbund

Ishockeyforbundet fryktar for rekrutteringa

Norges Ishockeyforbund forklarar forskjellane med at jentene oftare speler på lag med større aldersforskjell og fryktar det å opna for taklingar kan gå ut over rekrutteringa. 

Proffspelar Johansen meiner det kan vera høgare skaderisiko om ei fullvaksen kvinne på 75 kilo spelar på same lag som ein 13-åring.

Sverigeproffen fortel at der også er nokre fordelar med nettopp denne regelen: 

– At me ikkje får takle gjer òg at me er meir tekniske, fordi me må ty til andre vegar for å ta frå nokon pucken.

Som toppspelar i Sverige er ho klar over at ho har det betre enn dei kvinnelege utøvarane i Noreg, men framleis er det ein lang veg å gå.

I ei undersøking som vart publisert tidlegare i år kom det fram at snittløna for ein mannleg ishockespelar i Sverige 120 869 kroner i månaden, medan ein kvinneleg toppspelar berre tener 5344 kr i månaden i snitt.

Til samanlikning fekk norske, mannlege hockeyspelarar i fjor gjennom ei minsteløn på 4048 kroner i månaden.

Svenske Patrik Berglund (t.h), i nærkontakt med finske Marko Anttila, under Karjala Cup-kampen mellom Sverige og Fonland i november 2019. Den tidlegare NHL-spelaren tener over 250.000 svenske kroner i månaden i den svenske storklubben Djurgården. (Jussi Nukari/Lehtikuva via AP)

7 prosent av kvinnespelarane lever av løna

Heile 99 prosent av dei mannlege proffane i Sverige kan leva av inntekta, medan berre sju prosent av kvinnene svarar det same. Johansen har ikkje lyst til å seia kva ho tener, men kan avsløra at ho definitivt ikkje kan leva av løna.

Ho studerer til å bli barneskulelærar ved sidan av og fortel at både ho òg lagvenninnene har studier eller fulltidsjobb på si.

Johansen meiner den økonomiske forskjellsbehandlinga er hovudutfordringa når det kjem til likestilling i idretten.

– Me forstår at dei generer meir i sponsorinntekter og publikum og me krever ikkje 120.000 i månaden, men tenk om me hadde hatt 30-35.000 i månaden. Det hadde gjort at kvar spelar kunne klart seg på det.

Johansen peikar på at kvinnene då kunne hatt full fokus på idretten slik herreutøvarane har. Ikkje minst drøymer ho om at kvinnene får tilgang til dei same ressursane, samt betre treningstider.

Landslagsspelar Emilie Kruse Johansen (t.v) meiner kvinnene vert meir tekniske på grunn av restriksjonane på taklingar. I tillegg er det ein eigen særregel for kvinner, som ikkje får lov å velje bort gitteret på hjelmen. Foto: Fredrik Hagen, Norges Ishockeyforbund.

Fotballdraum i utlandet

Det same etterlyser Pernille Gardien, som for eit halvt år sidan flytta til England for å spela fotball for Charlton, som ligg i den nest øvste divisjonen for kvinner.

24-åringen frå Fortuna Ålesund har spelt i ei rekkje norske klubbar før ho reiste til Nederland for å satsa vidare.

– I Noreg har me kome langt, sjølv om det er ein lang veg att å gå, seier ho på telefon frå England.

Gardien meiner norsk kvinnefotball vert teke meir seriøst enn i til dømes England. Likevel meiner ho at også norske jenter vert nedprioritert frå tidleg alder og at det difor er vanskeleg for dei å generere dei same inntektene og interessa som mennene i same divisjon.

– Eg skjønar at likeløn kan vere vanskeleg på grunn av pengane dei genererer og marknadsverdien, men me må bli behandla likt, seier Gardien.

Fotballspelar Pernille Gardien (24) i eigendesigna treningsklede. Foto: Privat

Publikumsrekord og omdømmeløft

Dei siste åra har kvinnefotballen fått eit gigantisk løft når det kjem til omdømme og satsing. Fotball-VM i fjor sette ein drøss med publikumsrekordar på tv. Fleire storklubbar har heva satsinga på kvinnesida og også her har det vorte sett rekordar på tribunane.

Små jenter kan difor sikta mot ein proffkarriere, men framleis ikkje heilt på lik linje med gutane.

8 av 10 spelarar i toppserien for kvinner i Noreg tener under 100.000 kroner i året og dersom landslaget for herrer hadde kvalifisert seg for EM til sommaren hadde dei fått bonusar på éin million kvar, medan kvinnene måtte delt 3,5 millionar for same bragd.

Gardien har teke tak i ei anna utfordring. Fordi ho gjennom heile karrieren har kjent på korleis jenter ikkje vert prioriterte, både når det kjem til utstyr, treningstider og i siste instans løn, har Gardien valt å gjera noko med det første.

24-åringen har nemleg starta sitt eige klesmerke for kvinnelege fotballspelarar.

– Då eg var yngre følte eg på forskjellsbehandling når det kom til kle. Alt var for gutar. Eg har skostorleik 37, som ikkje finnast i herre, så eg har brukt juniorsko, forklarar Gardien og utdjupar:

– Alt heng saman. Klede kan kanskje verke litt overflatisk, men er ein stor del av det å føla seg betre og prestera, seier gründeren, som håpar å utgjere ein forskjell.

Pernille Gardien vart opprørt over shorts-debatten i Lillesand IL og meiner det viser korleis jenter vert nedprioritert. Foto: Privat

Klesdebatten

Klede er ein gjengangar i debatten om likestilling i idretten. Seinast i fjor sommar skapte eit bilete av dei norske landslaga i beachhandball debatt.

Oppstilt ved sida av kvarandre vart kontrasten mellom herrelaget sine skjortsar og singletar og kvinnene sin sports-bh og vesle truse, svært tydeleg.

Antrekket er mykje nærare sandvolleyballdraktene enn den vanlege handballutrustinga, men visste du at bikinipåbodet i sandvolleyball vart oppheva i 2012? Det internasjonale volleyforbundet valde å endre reglane av omsyn til mellom anna kultur og religion.

Sandvolleyballprofil Iver Horrem meinte den gong at regelendringa ville vere øydeleggjande for sporten og sa til Dagbladet at:

– Sandvolleyball er en idrett som skal spele på hud, lår og kropp. Det er en del av «gamet».

Slik kan kvinnelege sandvolleyballspelarar også kle seg sidan 2012. Her er kanadiske Melissa Humana-Paredes (høgre) og Sarah Pavan i VM-finalen i Hamburg 6. juli i fjor. Dei slo amerikanske April Ross og Alexandra Klineman, som tok VM-sølv. Foto: Christian Charisius/dpa via AP

– Mitt jobbantrekk

Landslagsspelar Ane Guro Tveit Hjortland (27) hugsar ikkje debatten frå den gong, men er altså fri til å velje kva ho vil spele i.

– Som beachspelar så er det mitt jobbantrekk og eg har ikkje lyst å bli fortalt kva eg må ha på meg på jobb. Det er veldig greitt å kunne velja sjølv. Det å spela i bikini er ei tilvenningssak. Det er mykje kropp, men når eg går på banen så er det idretten og prestasjonane som står i fokus, seier Ane Guro Tveit Hjortland.

27-åringen frå Kvinnherad er på landslaget i beachvolleyball. Blant medspelarane er ikkje antrekk eit tema, men når ho møter folk som ikkje er så kjent med sporten får ho ofte spørsmål om kva ho synest om å spela i bikini.

Landslagsspelar Ane Guro Tveit Hjortland (27) likar fridomen i å velja kva h spelar i. Oftast vert det bikini, men er det kaldt vert det tights. Foto: Visuello

– Deilig å ha den fridomen

Hjortland har inntrykk av at dei fleste framleis vel å spela i bikini, men meiner likevel at det er naturleg og fint at regelendringa kom.

Sjølv synest ho at bikini er å føretrekka fordi det gjev mykje rørslefridom, men trekker på seg tightsen dersom vêret er dårleg.

– Det er veldig deilig å ha den fridomen, tykkjer 27-åringen.

Ho har registrert at mange tenkjer klesdrakta til kvinnene trekker til seg publikum, men trur ikkje sjølv at det er slik.

Lite sponsorplass

Men det er nokre ulemper med klasdrakta. Fordi ein har turneringa sine sponsorar på overdelen og sine eigne på underdelen har kvinnene rett og slett mindre plass til å tena sponsorkroner på bikinitrusa, enn det mennene har på sine shortsar.

– Kva meiner du er den viktigaste likestillingssaka i volleyball?

– Det er kanskje det å få likare premiesum som menn. Det tenkjer eg er viktig for å gje like moglegheiter for både damer og herrer, både internasjonalt og i Noreg, seier Hjortland.

I biletdatabasen Scanpix kan ein finne fleire gamle bilete frå perioden rundt 2012, der fotografen har fokusert på rumpa til dei kvinnelege spelarane, noko som ikkje er vanleg lenger. Dette biletet av italienske og brasilianske landslagsspelarar frå 2011 illustrerer utfordringa med lite sponsorplass på bikiniane. Foto: AP Photo/Keystone, Peter Schneider

Fleire andre kvinnelege utøvarar opplever eit betre omdømme og meir interesse rundt sporten sin, men Hjortland opplever ikkje den same medieinteressa som for herrane.

– Me har eitt herrelag i Noreg som topp ein i verda. All honnør til dei og dei fortener alt det dei får, men det er veldig stort sprik til oss til damene. Det kunne absolutt vore meir, seier Hjortland, og legg til:

– Kanskje har forbundet ein jobb å gjere med å promotere oss damer litt meir. Me kunne til dømes blitt nemnde meir enn berre i ei bisetning i same artikkelen som gutane, slik at Noreg ser at me òg har damelag som reiser rundt i verda, avsluttar ho.

– Me blir sett på som ein proffliga

Tilbake på isen er klesdrakta ein vesentleg mindre del av likestillingsdebatten, men han er der likevel.

I ishockey kan nemleg mannlege spelarar velje å bytte ut gitteret på hjelmen etter dei har fylt 18, medan kvinner må ha gitter òg som seniorspelar. Men Emilie Kruse Johansen synest ikkje det er eit stort problem.

Ho ser at mykje går i riktig retning hjå söta syster og meiner utøvarane på damesida vert behandla mykje betre enn i Noreg. 

20-åringen løftar fram at laget hennar har bra treningstider, at dei i stadig større grad blir høyrt av klubben og at damehockey blir promotert i stadig større grad. Både SVT og Aftonbladet skriv meir frå toppligaen for kvinner og i fjor starta SVT og C More ei storsatsing som inneber at SVT skal visa ein toppkamp i veka og at resten av kampane kan streamast på C More.

– Me blir sett på som ein proffliga, slår Johansen fast.

Negative haldningar på utanfor banen inspirerer Isabelle Arthur (16) og lagvenninnene i Central California Soccer Alliance til å kjempa hardare. Foto: Andrea Nøttveit

 

Oppdatert: tysdag 1. desember 2020 09.54

LES OGSÅ

ANNONSE