Fram til 1999 kåra TIME berre «Årets mann». No vil dei bøta på dei i 72 åra der kvinner vart oversett og lanserer sine kandidatar til «Årets kvinne» for alle åra fram til i dag.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I samband med 100-årsjubileet for sufragett-rørsla, har TIME gått tilbake og sett på kvart einaste år sidan 1920, med nye augo: på jakt etter kvinner som på kvar sine måtar var med å forandra og setje avtrykk i si tid.
https://gph.is/g/a99GjX8
I ei svært visuell framstilling har TIME Magazine no publisert «100 Women of the year».
Her set dei søkelyset på kvinner som av ulike grunnar har blitt oversett gjennom tidene – av magasinet sjølv.

Slik heidrar TIME kvinnene. Skjermdump: TIME
«Årets kone»
I 72 år kåra TIME «Årets mann» med dei tilhøyrande ikoniske cover-bileta, som har forma vårt syn på historia. Dette var dei som vart sett på som dei viktige i si tid. Og (nestan) alle var menn.
Berre eí kvinne, Soong Mei-ling, vart anarkjent (saman med mannen sin) før 1999, då under tittelen «Årets mann og kone» i 1937.
Gruppa «Amerikanske kvinner» fekk tittelen i 1975.

Soong Mei-ling var på omslaget av TIME i 1937 og amerikanske kvinner fekk æra i 1975. Omslag: TIME
Kvinner ut av skuggen
Ikkje før i 1999 endra TIME tittelen til «Årets person». Likevel var det ikkje store endringa å sjå på kåringane. Det var framleis stort sett menn.
– Eg lurar på kor annleis dei vekelege vurderingane ville vore, hadde det vore nokre kvinner i rommet, seier tidlegare TIME-redaktør, Nancy Gibbs i ein artikkel i samband med prosjektet.
TIME meiner prosjektet er ei øving i å sjå korleis kvinner hadde makt, i lys av systemisk ulikskap.
– Med dette prosjektet set me lyset på kvinner med stor påverknad som ofte vart overskygga, skriv dei på sine sider.