Kjenner du att desse Barbie-dokkene?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.03.2020 09:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ella Fitzgerald, Billie Jean King og Florence Nightingale vert Barbie-dokker

Nyleg lanserte leiketøysprodusenten Mattel tre nye Barbie-dokker i serien av inspirerande kvinner. Serien vart først lansert i 2018.

Serien er ifølgje produsenten ein del av strategien for å lukka «The Dream Gap», som går ut på at jenter i tidleg alder sluttar å tru at dei kan bli president, forskarar, astronautar, store tenkarar, ingeniørar og toppleiarar.

Ella, Florence og Billie

No lanserer Barbie tre nye dokker i serien av inspirerande kvinner. Dei tre som får æra denne gongen er gullstrupen Ella Fitzerald, sjukesyster Florence Nightingale og tennislegenda Billie Jean King.

Britiske Nightingale vert rekna som ein pioner innafor moderne sjukepleie og hadde sitt virke på slutten av 1800-talet. Jazzsongaren Ella Fitzgerald hadde ein enorm produksjon med over 200 album, før ho døydde i 1996.

King er den einaste av dei tre kvinnene som framleis er i live. 76-åringen seier til Time Magazine at det er eit privilegium å bli portrettert som Barbie-dokke.

Tidlegare har mellom anna borgarrettsforkjempar Rosa Parks, kunstnar Frida Kahlo og astronaut Sally Ride, som var ei av King sine venninner, blitt lansert i Barbie-versjon.

Katherine Johnson var matematikar i NASA, Sally Ride var første amerikanske kvinne i verdsrommet, Rosa Parks var borgarrettsforkjemparen som nekta å gi frå seg setet sitt på bussen, maxkanske Frida Kahlo er ein verdskjend kunstnar og Amelia Earhart var den første kvinna som fauk solo over Atlanterhavet. Foto Mattel

Barbara Millicent Roberts, som er Barbie sitt fulle namn, har ofte blitt anklaga for å vere eit dårleg førebilete for jenter gjennom å fremma eit uoppnåeleg kroppsideal.

Dei siste åra har difor leiketyprodusenten Mattel freista å fremja fleire ulike skjønnheits- og kvinneideal. For nokre år tilbake lanserte Barbie difor dokker med fleire ulike hudtonar, kroppsfasongar og høgder. I fjor vart mangfaldet utvida til å også inkludera rullestolar og proteser.

King: – Ei ære

– Det er slik ei ære for meg å bli plassert saman med desse kvinnene som har gjort ein slik innsats for å gjera verda til ein betre plas, samt å leia og visa jenter at me kan bli kva som helst: me definerer oss sjølv, seier King til Time.

Den tidelegare tennisspelaren var 15 år då Barbie vart lansert i 1959. I 1968 vart King proffesjonell tennisspelar og fem år seinare vann ho det som vart kalla «battle of the sexes».

Den 55 år gamle tennisspelaren og sjølverklærte mannsjåvinisten Bobby Riggs hadde lagt karrieren på hylla, men hevda han framleis kunne slå dei kvinnelege toppspelarane. Først utfordra han King, som ikkje ville stilla. Istaden slo han 30 år gamle Margaret Court.

Ikkje lenge etter utfordra Riggs King på nytt. Denne gongen takka ho ja. 29-åringen som var ranka som nummer ein i verda av kvinnelege tennisspelarar slo sin mannlege motstandar i alle tre setta.

20. september 1973 ankom Billie Jean King Astrodome i Houston, Texas, for kampen som vart kalla «battle of the sexes».  Foto: AP Photo/File

King trur på Barbie

Den tv-sendte kjønnskampen vart sett av 50 millionar i USA og 90 millionar verda over. King var ein forkjempar for betre lønnsvilkår for kvinnlege tennisspelarar og sigeren hennar vert sett på som ein milepåle for omdømmet til sporten.

Og King brenn framleis for likestilling.

– Me må slutte å lære jentene våre at dei aldri er gode nok. Det startar i barndommen. Barbie kan hjelpa. Du kan bruka fantasien med ei Barbie-dokke, noko som er veldig viktig, understrekar ho.