«NYNORSKTALENT»: Bømlingen Jonas (22) håpar å aldri verte som Knut Arild Hareide

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 28.03.2021 11:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bømlingen Jonas (22) håpar å aldri verte som Knut Arild Hareide

Jonas Økland (22) er eitt av ti unge «Nynorsktalent», som vil bli presentert på Framtida.no framover. Kåringa er eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som har sete i juryen saman med Norsk Målungdom, Framtida.no og Daniel Kvammen.

– Det var ein intern vits om at dersom eg skulle ete søtsaker, så skulle eg ete «skudlebodle», fortel Jonas Økland på videochat til Framtida.no.

Han mimrar tilbake til oppveksten på Bømlo, der han medvitent tok til å prate breiare enn kompisane sine, for å bevare bømlamålet.

22-åringen arbeider i dag som velferd- og likestillingsansvarleg i Norsk Studentorganisasjon (NSO), men då han vaks opp på vestlandskysten hadde han ikkje enno teke til å engasjere seg i politikken.

Då var det klede, quiz og språk som gjaldt.

Har de «brok»?

– Dialekta var det drivande då eg var yngre, og eg merka at eg konsekvent prøvde å snakke breiare enn jamaldra på Bømlo, fortel Økland.

I 15-16-årsalderen hadde han fått seg deltidsjobb i klesbutikken Østensen på Bømlo, og oppdaga kor ulikt talemålet var mellom bømlagenerasjonane.

– Eg syntest det var interessant kor stor forskjell det var. Når dei eldre kom inn, skulle dei handle «brok». Første gong du høyrer det så trur du jo ikkje at dei er frå same plass ein gong. Eg ante ikkje kva det skulle bety.

Han syntest det var så flott å høyre på at han sjølv gradvis byrja å snakke breiare.

– Eg hadde ikkje lyst at det skulle døy ut, forklarar han.

Verken no eller som tenåring var Økland særleg uroa over å gå mot straumen. Han snakka ikkje heilt som dei jamaldra og interesserte seg ikkje for heilt dei same tinga. I store delar av oppveksten hadde han langt hår, som 16-åring fekk han dispensasjon til å delta på quiz på den lokale puben, og han både var og er veldig oppteken av klede.

I bømlamiljøet var han gjerne kjend som «han med dressen» eller «han med hatten».

Jonas Økland har hatt deltidsjobb i klesbutikk frå han gjekk på ungdomsskulen til no. Foto: Privat

– På vidaregåande gjekk eg i skjorte kvar dag og hadde gjerne slips på. Eg trur eg kunne spart meg dei slipsa og gjerne nokre av dei kleda, fortel han og flirer litt.

22-åringen har likevel aldri følt seg som noko utskot, eller at han ikkje passa inn. Han har berre fått lov til å breie seg, pleie interessene sine og vere den han er.

– Nokre syntest nok eg var påfugl, men det tek dei nok heller ikkje feil i. Eg spelte i teater og driv no politikk for eg likar å omgåast folk, og har aldri hatt noko problem med å gjere litt ut av meg sjølv.

Våga vere frampå

Heller enn ei ulempe trur Jonas Økland det kan ha rusta han for kvardagen i studentpolitikk, at han i ungdomsåra stakk seg litt fram.

– Eg veit med meg sjølv at eg torer gå i situasjonar som kanskje ikkje fell andre heilt naturleg. Det har gagna meg, fortel han.

På sikt har Jonas Økland lyst til å ta steget inn i partipolitikken, for å sjå om det er noko han brenn for: – Ein skal ikkje verte politikar fordi politikarlivet er kjekt – for det er det – men du må ha eit mål med det du vil gjere. Ein kan ikkje berre leve av politikken, men for. Foto: Privat. Foto: Privat

Då han byrja på ei bachelorgrad i marknadsføring på BI Oslo i 2017 våga han med det same å engasjere seg og vart fort aktiv i studentforeininga. Siste året han studerte var han også leiar i BI studentorganisasjon, som rommar dei kring 20 000 BI-studentane frå ulike campus.

– Eg våga vere litt frampå. Eg har veldig tru på at det å engasjere seg også er godt for sjølvrealiseringa. Du vert godt kjend med deg sjølv og får eit miljø med mange andre interessante menneske.

Etter å ha levert bacheloroppgåva si i fjor sommar tok han steget vidare inn i studentpolitikken, no som velferds- og likestillingsansvarleg i NSO.

Velferdsansvarleg i koronaåret

Det siste året har vore både kjipt og kjekt for Jonas Økland. I NSO har han jobba mykje med å skulle betre kåra for studentane i den utfordrande koronakvardagen, prega av digital undervisning og heimesitjing.

Særskilt fokus har han hatt på dei økonomiske føresetnadane til studentane og på det sosiale.

 Det er studentar som har mista jobben sin først og som får den sist attende. Når ein ikkje er inkludert i ordninga for dagpengar, sit ein att med Lånekassen og det er ikkje nok til å leve av, konstaterer Økland.

Det har likevel vore enklare å drive påverknadsarbeid for å få politikarane til å opne lommeboka, enn det har vore å handsame utfordringane som kjem av stengde campus.

Jonas Økland og NSO-leiar Andreas Trohjell deltok på høyring i utdanningskomiteen om statsbudsjettet i oktober i fjor. Foto: Privat

– Den sosiale situasjonen er verre, og eg trur den kan vere meir fatal. Eg vil ikkje at studentar skal måtte droppe ut, fordi dei har mista det sosiale samværet på studiane.

Økland påpeikar at studentar sjølvsagt vil drage sin del av dugnadslasset, og respektere restriksjonar og nedstenging, men uroar seg over prisen dei lyt betale.

Studiebarometeret synte at fire av fem studentar saknar det sosiale studiemiljøet, medan halvparten har vorte meir einsame i koronapandemien. Økland påpeikar at det er 2. og 5.-årsstudentar som har svara på undersøkinga, og at tala kan vere endå dystrare for dei nystarta studentane.

22-åringen fortel at det var den sosiale kvardagen som dreiv han sjølv som student.

– Eg hadde aldri vore den eller der eg er i dag, om eg ikkje hadde hatt det sosiale på studiane.

BI Oslo sin einaste nynorskstudent

Nynorskengasjementet kom til Jonas Økland seinare enn dialektmedvite. Medan han framleis budde heime på Bømlo skreiv han mykje dialekt, og det var først på vidaregåande han fekk augo opp for skjønnheita i nynorsken.

 Eg har alltid skrive nynorsk utan å tenkje over det. Eg har aldri tenkt på det som ein del av min identitet før dei siste fem-seks åra, forklarar han.

Etter han flytte til Oslo har han vorte endå meir oppteken av nynorsken og barriererane som eksisterer. Han har bestemt seg for å halde endå hardare på skriftspråket.

– Eg veit ikkje om nokon andre studentar som skreiv nynorsk på BI Oslo då eg gjekk der, seier han.

Økland minnest at han ein gong skreiv meiningsinnlegg hjå Khrono, og var titulert som «eksternansvarleg for studentane ved BI». Då fekk han tilsendt ei Twitter-melding frå ein kamerat, for dåverande Medier24-journalist Ole Alexander Saune hadde delt innlegget og stilt spørsmål ved om Økland kanskje var den første nynorskstudenten på BI noko sinne. 

 

– Det var litt slik det kjendestseier 22-åringen no.

«Jonas, dette er ikkje bokmål»

BI er ein ikkje-statleg høgskule og dimed ikkje pålagde å følgje mållova slik som universiteta i Noreg er. Økland fortel at han aldri har møtt nynorsk i undervisninga, verken i førelesingar eller på eksamen.

– Du har ikkje dei same mogelegheitene til å møte nynorsken, så du må ha veldig stor eigeninnsats for å halde på den, seier han. 

Samstundes påpeikar han at han nok kanskje er hakket meir liberal enn andre, og at hovudpoenget for han personleg ikkje er å få oppgåvearket på nynorsk, men at han har løyve til å svare på nynorsk.

Økland peikar på diktar Olav H. Hauge some eitt av sine nynorskførebilete, fordi han skriv så utruleg vakkert. Samstundes løftar han fram engelsk- og historielæraren sin frå VGS, Rune, som hadde eit nynorskengasjement som smitta.  Foto; Ukjent opphav/Oslo Museum/CC BY 3.0

Sjølv har han aldri vurdert å byte hovudmål. Han har likevel vore tilbøyeleg til å føye seg for fleirtalet og skrive bokmål i samarbeidsoppgåver, jamvel om han då av og til har fått beskjed om at «Jonas, her har du lagt om, dette er ikkje bokmål».

Han spøker av og til med at det å vere einsam nynorskstudent på BI Oslo kan ha hatt noko føre seg:

– Eg har vitsa med at nokre av karakterane mine på BI kanskje vart betre, fordi ingen forstod kva eg skreiv, fortel Økland og ler.

– Eg har tenkt å halde fram med å tru det.

Sambygdingen som miste dialektpreget

Sjølv om koronaåret har bydd på mange utfordringar for Jonas Økland har det ikkje vore så intensivt som han ynskjer. Heimekontor og digitale møter fører til at mykje reisetid vert frigjeve, og Økland trivst best når han har fullstappa kalender og kan reise rundt og treffe folk.

– Eg er veldig oppteken av at dei som skal jobbe for folk, lyt vere «på» heile tida, anten det er klokka 20 på kvelden eller ikkje. Du må vere klar for det.

Men han klarar også å kople av, og Playstationen han kjøpte når siste BI-eksamen var levert i fjor vår har han hatt mykje nytte av i nedstengde Oslo.

Jonas Økland. Foto: Privat

Åremålet i NSO er snart over, men det har også gjeve meirsmak. Nyleg annonserte Økland at han stiller som kandidat til leiarvervet i organisasjonen.

– Studentane kjem til å måtte finne seg sjølve att etter korona, og det er eg veldig interessert i å jobbe med, fortel han.

Når koronapandemien roar seg bør NSO setje seg ned og evaluere kva dei har gjort som fungerer og kva dei kan verte betre på, meiner Økland, som vil vere med å utvikle organisasjonen vidare.

Samstundes peikar han på det komande stortingsvalet som ein spennande motivasjon for å halde fram – uansett kven som vinn valet lyt NSO etablere seg på ny som ei røyst å lytte til og få gode forhold til dei som sit med makta.

Etter nesten fire år i Oslo held han framleis på nynorsken og dialekta, men tek seg sjølv i å knote her og der. Det kan snike seg inn ein «spise» i staden for «ete» eller ein «kommer» heller enn «kjem», men han prøvar å luke slikt vekk i det han vert merksam på det.

Frå første dag i storbyen var han innstilt på at dialekta hans skulle stå ved like:

– Det er ikkje så mange kjende folk frå Bømlo, men det er éin og det er Knut Arild Hareide, så målet mitt var å ikkje verte som han vart, då han flytte til Oslo.


Karen Anna Kleppe er på plass som reporter for TV 2 i Troms og Finnmark. Foto: privat