Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TV 2-journalist Karen Anna (24) dekkjer heile Troms og Finnmark aleine

Karen Anna Kleppe (24) er eitt av ti unge «Nynorsktalent», som vil bli presentert på Framtida.no framover. Kåringa er eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som har sete i juryen saman med Norsk Målungdom, Framtida.no og Daniel Kvammen.

– Du dekkjer eit enormt område heilt aleine. Eg merker, og det kjem eg nok til å fortsette å kjenne på, at eg aldri er heilt ovanpå og føler at eg har fått laga dei sakene eg ønsker.

Det fortel Karen Anna Kleppe på telefon til Framtida.no, halvanna veke etter at ho starta i jobben som TV 2 sin reporter i Troms og Finnmark.

Journalisten frå Kvinnherad har frå før av erfaring frå lokalavisene Firda og Kvinnheringen, og har arbeidd på TV 2 sitt hovudkontor i Bergen dei siste to åra. No står ho på eigne bein på kanalen sitt Tromsø-kontor.

DRAUMEJOBB: Karen Anna Kleppe er på plass som reporter for TV 2 i Troms og Finnmark. Området er dobbelt så stort som Nederland og Belgia til saman, og dobbelt så fint, skriv journalisten på Instagram. Foto: privat

Brå start på året

Kvardagen som journalist i Troms og Finnmark skildrar Kleppe som svært lite føreseieleg.

– Du kan stå der ein dag og det er ingenting som skjer, eller så treng nokon sørpå hjelp, eller så skjer det noko som det her.

Med det her, siktar ho til dødsbrannen på Andøya. Journalistlivet i Nord-Noreg fekk ein brå start for 24-åringen. Allereie i si første arbeidsveke på Tromsø-kontoret rykte ho ut til hyttebrannen der fem menneske, inkludert fire barn, omkom.

– Der og då er er ein ganske oppteken av å gjere jobben, men det er jo tøft. Du vil formidle det på ein måte som er verdig for dei som har opplevd dette tragiske. Det er noko ein alltid tenker på i slike situasjonar – at ein klarar å framstå som respektfull og med medkjensle utan å bli for nær det som har skjedd. 

UTFORDRANDE: – Eg syntest det var kjempetøft, å klare å gjere det på ein ærefull måte samstundes som du skal vere nyheitsjournalist og stille kritiske spørsmål om kva som har skjedd, fortel Kleppe om det å rapportere frå ein ulukkesstad. Foto: Privat

I slike situasjonar er det ein styrke at ho ikkje er heilt aleine på jobb. Sjølv om ho er einaste reporter for TV 2 i Troms og Finnmark, har ho heldigvis fotograf med seg.

– Det er kjempedeilig, og det er nødvendig. Eg trur eg hadde syntest det var einsamt om eg til dømes skulle rykke på ein hyttebrann heilt aleine.

Tilfeldigheiter førte til yrket

Sjølv om ho i dag er eit kjend fjes på TV-skjermen, var det ikkje gitt at Kleppe skulle ende opp der, trass i at ho alltid har vore glad i å lese og skrive, og alltid har tenkt på journalistikk som eit viktig yrke.

– Då eg gjekk på vidaregåande gjekk det ikkje så bra i mediebransjen, og eg fekk høyre at ein ikkje fekk jobb. Eg tenkte at det gidd eg ikkje, fortel ho.

Etter eit år i Forsvaret og eit år som barista i Oslo, førte tilfeldigheiter ho likevel inn på journaliststien. Karen Anna Kleppe hadde eigentleg tenkt å byrje å studere, men så sende mor hennar eit bilete av ein annonse for Nynorsk avissenter.

– Ho sa at eg, som alltid hadde vore glad i å skrive, burde søke der. Eg sende ein søknad, men så kom eg ikkje inn først, seier ho, og ler litt.

Ein månad før oppstart vart Kleppe likevel ringd opp av Nynorsk avissenter, som lærer opp nynorskjournalistar i Førde. Ein av dei andre praktikantane hadde trekt seg, og ein plass var plutseleg ledig for hausten 2017.

– Så det var eigentleg veldig, veldig tilfeldig!

Fekk tidleg ansvar

Etter fire månader med opplæring ved Nynorsk avissenter og praksis i lokalavisa Firda, arbeidde Kleppe eitt år i lokalavisa Kvinnheringen på heimstaden sin.

Jobben ho gjorde der som ansvarleg for den politiske dekninga til avisa, er noko ho trekker fram som eit høgdepunkt i karrieren så langt, og noko ho er stolt over.

– Eg var eigentleg svært takksam, for eg var så fersk og fekk det ansvaret. Det blei mange gode og konstruktive saker ut av det, samt eit større graveprosjekt. 

Karen Anna Kleppe saman med redaktør Tomas Bruvik. – Vi var programleiarar for ein realityserie og julekalender, «Kamp Kvinnherad», med lokale kjenningar. Han vann vi pris for, og blei same året årets lokalavis 2018. Foto: Privat

Det året ho arbeidde der blei Kvinnheringen kåra til Årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser (LLA), og Karen Anna Kleppe heldt også føredrag under SKUP-konferansen.

I 2019 fekk ho fast jobb i TV 2 som TV-reporter.

Hadde journalistcrush på Fredrik Solvang

Karen Anna Kleppe skildrar yrket ho har hamna i som eit nobelt yrke. I tillegg synest ho det er ein svært kjekk jobb.

– Du har ein stor fridom i denne jobben samanlikna med mange andre jobbar. Du får lov til å lese, lære og lage saker om ting som interesserer deg og som du synest er viktige.

Favorittnynorskordet hennar er «røynda». I tillegg til å vere det vakraste ordet ho veit, symboliserer det også noko viktig i jobben hennar og samfunnsoppdraget som journalist.

– Det er noko med det samfunnsoppdraget som eg synest er svært viktig – å kunne bidra til å skildre røynda, til openheit og til å la dei utan eit talerøyr eller makt kome fram.

Journalisten legg heller ikkje skjul på at det er fint å ha ein jobb der ein slepp heimekontor under koronapandemien.

MØTE MED MENNESKE: – Eg meiner det er ein luksus å få lov til å snakke med nye folk kvar dag, å få møte folk og høyre om deira skjebnar, fortel Karen Anna Kleppe. Foto: Privat

Rykkjekjensla som høyrer med arbeidet er også noko heilt eige, ifølge reporteren.

– Ingen dag er lik, og det er fantastisk gøy! Du veit aldri når nokon ringer og seier at no må du hive deg på hjul og kome deg ein stad, og så må du berre løyse det med det du har. Det er utruleg spanande, fortel Kleppe. 

24-åringen frå Kvinnherad ser opp til mange journalistar og jobben dei gjer.

– Fredrik Solvang var det første journalistiske crushet då eg byrja, men no er han så mainstream og har blitt så stor at eg nesten ikkje kan seie det lenger, ler ho.

Elles trekk ho fram kollegaene i TV 2 og samarbeidet i verksemda.

– Kadafi Zaman er også ein heilt fantastisk historieforteljar. Han er god til å grave, skarp og varm på same tid, engasjert, og utruleg tøff. Det er mange flinke folk der ute! Måten Mona Grønningen, redaktør og journalist i Kvinnheringen, møter folk, ser folk og skriv, det er noko eg strevar etter å gjere. 

Dialekt kan bryte isen

Når Karen Anna Kleppe lagar tv-reportasjar eller går direkte på TV 2-nyheitene, er det med den karakteristiske kvinnheraddialekta – ei dialekt ho er svært stolt av.

Då ho starta som journalist i TV 2 var ho glad for at arbeidsgjevaren var oppteken av at ho skulle bruke dialekta si. Ho fekk beskjed om å snakke som ho gjer, noko ho set stor pris på.

– Dialekta mi betyr svært mykje – at eg har den dialekta eg har, og at eg tek vare på ho. Det er noko eg har vore bevisst på heilt sidan eg flytta frå heimkommunen min. Det handlar om identitet, om den eg er.

Ho synest sjølv ho har vore flink til å halde på dialekta.

– Men det kan jo hende at det berre er eg som synest det, og at alle andre synest ho er utvatna, ler ho. 

Ho tvilar likevel på det, for etter at ho byrja som journalist, trur Kleppe at ho har blitt enda meir medveten dialekta si, og på å ikkje «bokmålifisere» ho. 24-åringen har lagt seg enda meir mot normert nynorsk enn då ho var yngre.

– Til dømes ville eg i dag sagt «kjærast», der eg før kanskje ville sagt «kjæreste». Viss dei skal ta meg på noko, så skal det i alle fall ikkje vere for at eg snakkar bokmål! ler ho. 

Ho reflekter rundt merkevaren TV 2, og seier det er viktig med dialekt når dei skal vere nær folket, at folk høyrer journalistane snakke som dei sjølve. Ho opplever òg at folk ho møter i jobben blir nyfikne.

– Dialekt kan vere ein god icebreaker i journalistyrket.

Som nynorskbrukar har ho derimot fått ein del kommentarar og spørsmål opp igjennom åra, men opplever at det har blitt mindre av det etter kvart som ho har blitt eldre.

Hata nynorsk på ungdomsskulen

I dag skriv ho nynorsk privat og i sosiale medium. Det var den målforma ho vaks opp med og lærte på skulen. Men, det var ei tid då Kleppe føretrekte bokmål. På ungdomsskulen var ho ikkje spesielt glad i nynorsk.

– Gud, eg hata det! Vi var jo tvinga til å skrive nynorsk, og eg var så sur for det, for eg syntest bokmål var så mykje enklare.

Ho minnest likevel at ho likte å skrive stilar, og at mykje av grunnen til det var språket. Når ho fekk frie tøylar, omfamna ho nynorsken.

– Du kan leike deg mykje meir med orda på nynorsk enn på bokmål, seier ho. 

Nynorskførebiletet hennar er Frode Grytten, nettopp fordi han viser kor vakkert språket kan vere.

Karen Anna Kleppe hadde 4 i både hovudmål og sidemål, men 6 i norsk munnleg. – Sann sett er det bra at eg enda opp som TV-reporter! Foto: Privat / Linn Heidi Stokkedal. Kollasj Framtida.no

Då ho flytta til Oslo etter vidaregåande, blei nynorsken kutta ut.

– Eg trur det var fordi eg var litt usikker på nynorsken, på om eg eigentleg var god nok i han, og så er du er ung og vil passe inn i ein storby der dei fleste skriv bokmål. Men det var veldig feil, og veldig lite meg.

Etter Nynorsk avissenter-tida har skriftspråket vore svært viktig for Karen Anna Kleppe. Ho skjønar frustrasjonen elevar som ikkje snakkar ei dialekt som minner om nynorsk kan kjenne, men meiner det har ein verdi å lære språket.

– Det mangfaldet det representerer er svært viktig. 

Krøkkete bokmål

Kvinnheringen arbeider først og fremst som TV-reporter, men når ho skriv artiklar på nett for TV 2, er ho nøydd til å skrive bokmål. Det synest ho er synd.

– Eg skriv greitt bokmål, men det er jo ikkje språket mitt.

Kleppe må ofte tenkje meir på korleis ho formulerer seg, og føler setningane blir meir krøkkete når ho skriv bokmål, då det ikkje ligg nært dialekta hennar. 

– Det blir litt meir formelt, som ei dårleg formulert pressemelding. 

No startar livet som journalist i Troms og Finnmark for fullt for Karen Anna Kleppe. Tida framover skal ho bruke på å vise dei som bur i området at ho har ei genuin interesse for det som føregår av politikk, samfunn og kultur, og vil ta del i det og lære å dekke det. Foto: Privat

Nynorsken er også noko journalisten har tenkt på etter å ha flytta til Troms og Finnmark, der det ikkje er så mange som har det som hovudmål. For sjølv om artiklane må vere på bokmål, skriv ho alltid nynorsk i kommunikasjon, også i jobbsamanheng. 

– Eg har tenkt «herregud, for det første kjem du opp som ein person sørfrå som ikkje har peiling, og i tillegg skal du skrive eit språk som dei ikkje kan fordra», men det går fint så langt!

– Men, eg trur ikkje kverrsetje er det første eg skal spørje politiet om her, ler ho. 


– Det er viktig å vere forståelsesfull for at endring kan vere vanskeleg, og at det ikkje nødvendigvis er den penaste prosessen, fortel Robin Leander Wullum.  Foto: Reidar Engesbak