Studiebarometeret: Studentane synest undervisinga blei dårlegare under korona

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 14.02.2021 19:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studiebarometeret: Studentane meiner undervisinga blei dårlegare under korona

Det kjem fram i Studiebarometeret 2020.

Meir enn 30.000 studentar har svart på den årlege undersøkinga, som tek for seg opplevd studiekvalitet.

Det store biletet er at studentane er omtrent like nøgde, eller i høgda litt mindre nøgde, med 2020 samanlikna med 2019, skriv NPK.

Ei forklaring på det kan vere at det ikkje berre er koronasemestera studentane har svart på spørsmål om.

– Ein del av forklaringa på at endringane i mange tilfelle er forholdsvis små, kan vere at studentane innleiingsvis blir bedne om å svare på bakgrunn av opplevingane sine hittil i studieprogrammet, står det i rapporten.

Saknar fysisk undervising

I undersøkinga, som vart gjennomført i oktober-november, blei det òg stilt spesifikke spørsmål knytt til studentane si oppleving av koronapandemien.

Mange studentar har fortalt at dei har blitt hardt råka av tiltaka. Til dømes veit student Caroline (19) knapt kven ho går på kull med, praksis for lærarstudentane lir under pandemien og det er lang kø for å få time hos studentpsykolog.

Ifølgje Studiebarometeret hadde 70 prosent av studentane ikkje hatt digital undervising før nedstenginga.

Av desse svarte sju av ti at dei har fått dårlegare fagleg utbytte av undervisinga etter innføringa av smitteverntiltaka, og om lag like mange syntest nettbasert undervising var mindre motiverande.

Kristin Vinje er administrerande direktør i NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga. Foto: NOKUT

– Studiebarometeret stadfestar at koronasituasjonen med nedstengte campus har gått hardt utover mange studentar, seier Kristin Vinje, direktør i NOKUT, som har hatt hovudansvar for undersøkinga, i ei pressemelding.

Berre 4 av 10 studentar meiner det blei laga gode opplegg for nettbasert undervising. 72 prosent var samde i at dei ville ha lært meir om dei kunne ha vore fysisk på lærestaden.

Halvparten av studentane har følt på meir einsemd

Fire av fem studentar saknar det sosiale studiemiljøet.

Halvparten av studentane seier at dei har blitt meir einsame etter at koronatiltaka vart sett inn 12. mars i fjor.

– I nesten eit år har studentane følgd undervisinga via PC-skjermen på hybelen. Når rundt halvparten no seier dei har vore meir einsame, er det eit tydeleg signal om at dei så raskt som mogleg treng å kome tilbake til ein meir normal studiekvardag, seier Vinje.

Seks av ti studentar oppgir òg at dei ikkje har ein fullgod arbeidsplass heime.

– Mange studentar bur i små kollektiv eller trange hyblar, og har ikkje dei same føresetnadane som andre til å jobbe heimanfrå. Lesesalar og bibliotek på studiestaden bør difor prioriterast å bli haldne opne, sjølv under strenge tiltak, seier leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) Andreas Trohjell, ifølgje NTB.

NSO-leiar Andreas Trohjell. Foto: Skjalg Bøhmer Vold/NSO

FHI har innrømma feil i ein rapport om konsekvensane av koronatiltak i vidaregåande og høgare utdanning, og tilrår å gjere lettar for studentar, ungdommar og barn.

Jobbar like mykje

Trass i omfattande nedstenging og massepermisjonar, jobba studentane om lag like mykje i fjor som året før, skriv NPK.

Ein av fem studentar svarar at dei mista inntekt i 2020, medan sju av ti opplyser at dei ikkje har mista inntekt som følgje av permisjon eller mindre deltidsjobbing.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

Eit fleirtal, seks av ti, svarar at koronatiltaka ikkje får følgjer for studieprogresjonen. 6 prosent må utseje eitt semester eller meir, ifølgje Studiebarometeret. 

– Det har vore eit skikkeleg kjipt år for mange studentar, så eg har stor forståing for at det er vanskeleg å halde motivasjonen oppe. Difor er eg veldig glad for at fleirtalet av studentane trur dei kjem til å gjennomføre utdanninga som planlagt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i pressemeldinga.


Karen Mjør er leiar i Studentersamfundet i Trondhjem, som no tek grep for å hindre einsemd blant studentane i byen. Foto: Privat