«NYNORSKTALENT» Amelia (18) tok eit val i 2021: Skal aldri meir skrive bokmål

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amelia (18) tok eit val i 2021: Skal aldri meir skrive bokmål

Amelia Gòmez Snerte (18) er eitt av ti unge «Nynorsktalent», som vil bli presentert på Framtida.no framover. Kåringa er eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som har sete i juryen saman med Norsk Målungdom, Framtida.no og Daniel Kvammen.

– No kjenner eg ei stor tryggheit i å ha dialekta mi – og det å skrive nynorsk – for det kjennest nært og handfast på ein verkeleg måte. Det bind meg til Hemsedal. 

Det fortel Amelia Gòmez Snerte (18) på telefon til Framtida.no.

– Eg trur at for kvar dag som går, så skjønar eg meir kor viktig det er for meg. 

Ho har likevel erfart kor vanskeleg det kan vere å halde fast ved dialekta si og skriftspråket sitt, særleg når ein flyttar til ein plass kor det ikkje står like sterkt som heime.

Flytta heimanfrå som 15-åring

Amelia Gòmez Snerte er vaksen opp på den idylliske garden Snertehaugen i Hemsedal. Men allereie i konfirmasjonsalder fann ho ut at ho laut byte ut beitande dyr i naturskjøne omgjevnadar med asfalt og nye impulsar i hovudstaden. Ikkje fordi ho ville forlate heimstaden, men ho var villig til å satse på musikken og våga stå på eigne bein.

– Det er ei gåve å ha fått lov til å vekse opp der, men der er vanskeleg å vere aktiv med musikk og politikk, fordi miljøet er så lite, forklarar ho.

Amelia Gòmez Snerte brenn for musikk og tekst, og vil gjerne arbeide med dei to omkvarandre i framtida. Foto: Ortenheim Photography/Tekstlab

Snerte lengta etter eit miljø der jamaldra delte lidenskapane hennar. Ho brenn for musikk, vil kjempe for menneskeverd i flyktningpolitikken og vil brette ermane opp og snu samfunnet rundt for å hindre klimakrisa.

Ho søkte seg difor til musikklinja på Edvard Munch vidaregående skole i Oslo, der ho i år er avgangselev. Endå det er dyrt å flytte for seg sjølv som 15-åring, vart ho ikkje skremd av ansvaret:

– Eg vil seie det først og fremst har vore befriande. Det har vore veldig deilig å få finne ut av seg sjølv på eiga hand.

– Men eg skal ikkje lyge – det kan vere litt hardt til tider: å ikkje få kome heim til ferdig middag, og når ting ikkje går heilt min veg skulle eg gjerne hatt ein klem av mamma. 

Amelia Gòmez Snerte har mange kunstnariske førebilete, og ho peikar på mellom andre på lyrikar Gunvor Hofmo, Valkyrien Allstars og Cezinando. Foto: NTB arkivfoto, Tore Sætre/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0, Signe Fuglesteg Luksengard

Har fått inn nynorsken med teskei

Det er liten tvil om at Amelia Gòmez Snerte har vakse opp i ein språkmedviten familie.

Bestemora skildrar ho som nærast for lingvist å rekne, morfaren var på 70-talet leiar i Noregs Mållag og brenn framleis sterkt for lokalhistorie og dialektar, og mora Tori meistrar nynorsken til fingerspissane.

– Så eg har fått det inn med teskei, seier Snerte og ler.

– Det kjennest like mykje som mitt val, men det hjelper å ha den familiestøtta i ryggen.

Ein språkmedviten storfamilie til trass, snakka Amelia Gòmez Snerte tilnærma normert bokmål då ho var lita – skikkeleg «oslomål», som ho sjølv seier – slik som karakterane ho såg opp til frå seriar som iCarly og Adventure Time. Det ho såg på TV planta eit frø om at dei kule snakka austlandsk.

– I byrjinga var det det som var naturleg for meg, men det kom til eit punkt då eg la om, fortel 18-åringen.

Det er ikkje mange i hennar eigen generasjon i Hemsedal som pratar halling lenger, fortel Snerte, men ho har nytt godt av initiativet frå eldsjelene på heimstaden. Verken mor hennar Tori eller Hemsedal mållag hadde tenkt å sitje på sidelinja medan dialekta gradvis døydde ut, så dei skipa like greitt ein dialektleir.

Bilete frå dialektleir på stølen. Foto: Privat

Halling på stølen

Ei veke kvar sommar i til no sju år har ei gruppe vaksne og unge reist opp i fjellsida på stølen som høyrer heimgarden til Snerte til.

– Det er éin regel: Alle må snakke halling så godt dei kan, heile tida. Det er inspirerande å vere i eit så konsentrert miljø, og det gjer det lettare å slå om for fullt.

Sommardagane på stølen har gått med til å lære om gamal stølsdrift, handarbeid frå gamalt av og dyrestell – alt formidla på halling. Sjølv mor hennar, som til dagleg snakkar nordlending, legg om fullstendig.

Framtida.no vitja dialektleiren i 2014, og trefte då mellom andre dialektleirleiar og stølseigar Tori Snerte og Amelia Gomez Snerte (12), som står i forgrunnen og sømar. Arkivfoto: Andrea Rygg Nøttveit

Snerte vert ikkje særleg nostalgisk av å spole tida tilbake nokre titals år, men kjenner meir glede over å oppdage ei ny verd:

– Eg får ei «wow»-kjensle av alle desse orda, alle desse teknikkane og gamle tradisjonane. Det er ikkje ei sorg, men meir ei kjensle av at det finst spanande ting å oppdage, og at det ikkje er for seint å dukke ned i dette enno.

Nokre av dei gamle hallingorda ho likar best er bembil som tyder navle og jonji som tyder bordkniv, men favoritten er føslu, som er gode sokkar.

– Det er så fint, og det gjev meg heimkjensle.

Veslesystera er ein av dei som har bytt om og no snakkar kav halling, noko Amelia Gòmez Snerte beundrar ho veldig for. Sjølv har ho nemleg merka kor vanskeleg det er å halde på særpreget i storbyen.

18-åringen vert påverka av korleis dei rundt ho pratar, og i periodar har nesten heile dialekta hennar vore vekke.

– Eg har vorte veldig trist av det, men har innsett at ein må jobbe litt for å klare å halde på dialekta. Det lyt i alle fall eg. Men eg gjer så godt eg kan, og det er det eg vil. Men eg skal ikkje lyge – eg slår om av og til.

Dei to einaste nynorskbrukarane blant 1100 elevar

Amelia Gòmez Snerte har skrive nynorsk i skulen sidan førsteklasse, men har alltid vore ein av mindretalet. I oppveksten var ho éin av ein handfull elevar i klassa som hadde nynorsk som hovudmål.

I dag er ho og veslesystera dei to einaste av over 1100 elevar hjå Edvard Munch videregående skole som har nynorsk som hovudmål. 

Agnes Ravatn er nynorskførebilete til Amelia Gòmez Snerte: – For ho gjev meg energi og inspirasjon om dagen. Foto: Ortenheim Photography/Tekstlab , Marius Viken/Samlaget

18-åringen fortel at det kan vere vanskeleg å få nynorske lærebøker, anten fordi dei ikkje er bestilte eller fordi dei rett og slett ikkje finst i nynorsk variant, at alle skriv ho får frå skulen er på bokmål og det same er ofte tentamenoppgåvene.

– Eg saknar å få lese nynorsk, men samstundes skjønar eg at det er slitsamt å gjere så mykje ekstraarbeid for éin elev, seier ho.

Ho har likevel aldri vurdert å byte hovudmål for å gjere kvardagen lettare både for skulen og seg sjølv.

– Eg trur nok at om eg hadde kome frå ein annan familie og ikkje kjent ei så sterk tilknyting til nynorsken som eg gjer, så hadde det vore veldig vanskeleg å halde på han på vidaregåande i Oslo.

Aldri meir bokmål

I samfunnsdebatten har Amelia Gòmez Snerte medvitent valt å skrive nynorsk over heile linja, trass i at ho nokre gongar uroar seg for at det bidreg til å støyte vekk lesarar.

«Eg er dritlei av frie, vaksne politikarar som fullt bevisst går i blinde etter lyden av den raslande pengesekken, heilt utan å føle eit ansvar for framtidige generasjonar,» har ho mellom anna skrive i den stort sett bokmålsskrivande VG.

Når koronapandemien omsider er over, gler Amelia Gòmez Snerte seg til å dele klimaengasjement med andre ansikt til ansikt: – Å kunne sjå kvarandre i augo og seie «dette kjem til å gå bra», og kjenne engasjementet i rommet når ein treffest. Foto: Maria Olerud

På privaten har ho derimot hatt periodar der ho har skrive bokmål på melding til andre. Endå vennane hennar er veldig støttande, og synest det er fantastisk at ho skriv nynorsk og pratar dialekt, så har ho tidvis opplevd at folk heng seg meir opp i skriftspråket enn innhaldet i det ho faktisk skriv.

– Men i 2021 tok eg eit val: No skal eg aldri meir skrive bokmål i det heile teke. No skal eg berre skrive nynorsk, uansett.

På meldingar, på Tinder, i meiningsinnlegg – alt skal føregå på nynorsk.

Til no har ho halde løftet, men Snerte merka at tvilen melde seg då ho var på leit etter ny bustad i hovudstaden.

– Eg sende melding til masse folk på Finn.no, og skreiv: «Hei, eg ser de har eit ledig rom i kollektivet…», og då kjende eg at eg vart usikker på om det var lurt eller dumt å skrive på nynorsk. Eg er redd for at folk har fordommar mot folk som skriv nynorsk.

18-åringen fryktar andre ser på nynorskbrukarar som litt for politisk korrekte og seriøse, og at dei kræsjar med populærkulturen på eit vis.

– Eg har ei kjensle av at nokon trur at dersom du kjem frå bygda så skjønar så heng du ikkje like godt med i tida som folk frå byen.

Tenkjer folk at nynorskbrukarar er veldig tradisjonelle, slik som mange tenkjer at feministar er sinte? Når ho pratar halling, trur folk automatisk ho kjem frå ein liten, døll stad?

– Men det kan vere noko eg tillegg andre. Det kan kome like mykje frå meg sjølv og mi sjølvkjensle, seier Snerte.

Stort sett er folk meir nysgjerrige enn noko anna, og lurer på kven 18-åringen er og kjem frå. Om dei påpeiker at ho skriv «sånn der annerledes» eller føler for å skrive på overdriven nynorsk attende, tek Snerte det med eit smil.

– Det er uansett hyggeleg med litt nynorskmerksemd, seier ho og ler.


Kjartan Lauritzen har gått frå å vere ein tullekarakter til ein artist som deler scene med verdsstjerner. Pressefoto